Hopp til innhold

Stor fare for skogbrann og flaum

Medan mangel på nedbør fører til skogbrannfare fleire stader i landet, er det i andre område varsla striregn og flaumfare frå søndag.

Regn i Oslo og skogbrann i Oppland

Sommarvêret varierer kraftig. Her frå høljeregnet i Oslo og skogbrannen i Sel i Gudbrandsdalen i løpet av dei siste vekene.

Foto: Jonas D. Østhassel / Lasse Stadelokken

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) fryktar at det vil blussa opp store skogbrannar i løpet av dei neste dagane.

– Det er svært tørt mange stader i landet. Det har ikkje kome nedbør på lang, lang tid, fortel fungerande avdelingsdirektør i brann- og redningsavdelinga Hans Kristian Madsen.

Fire ekstra brannhelikopter i sør

Kristian Madsen i DSB

Den lokale skogbrannfaren er stor i heile Noreg sør for Trøndelag, opplyser Kristian Madsen, fungerande avdelingsdirektør i brann- og redningsavdelinga i DSB.

Foto: Marit Gjellan / NRK

Brannsjefar har meldt frå om stor skogbrannfare lokalt over heile Noreg sør for Trøndelag. Det er knusktørt på kysten av Vestlandet, på Austlandet og i innlandet.

DSB har styrkt beredskapen sin med tre ekstra brannhelikopter og har totalt fire maskinar i beredskap gjennom helga.

I Sel kommune i Oppland har evakuerte hyttebebuarar returnert etter skogbrannen som har herja det siste døgeret og brannen er sløkt.

Ein av dei, Per Øen er ikkje i tvil om at brannen lett kunne ha spreidd seg vidare til nye område.

– Mose, kratt og lyng og gras – alt er knusktørt, så det er greitt at brannmannskapa har klart å stoppa det der dei har stoppa det no, seier Øen.

Folk flest har også eit ansvar for å passa på, minner Madsen i DSB om.

– Det er viktig å vera svært forsiktig når ein er ute no. Lynnedslag får me ikkje gjort noko med, men me prøver å vera på alerten. Sivilforsvaret er klare til å hjelpa til landet rundt og brannvesenet er ganske godt førebudde på å kunne mobilisera store styrkar raskt.

Flaum- og jordskredfare i aust

Medan mange område i landet skrik etter ei skikkeleg rotbløyta, er det varsla så store nedbørsmengder på Austlandet og Østafjells at det laurdag er sendt ut flaumvarsel frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Varselet gjeld for Telemark, Buskerud, Oppland og Hedmark søndag og måndag.

Laster Twitter-innhold
Ingeborg Kleivane, NVE

– Rydd opp i stikkrenner, grøfter og slukar, er vakthavande hydrolog i NVE, Ingeborg Kleivane, sitt råd til dei som bur i områda med flaumfare.

Foto: Stig Storheil / NVE

– Det blir ikkje så ille som det var i Oslo for halvanna veke sidan, men varm og ustabil fuktig luft vil i desse områda gje kraftige bøyer og tore. Det er ein vêrtype som kjem til å vara i nokre dagar, i alle fall fram mot onsdag, fortel vakthavande hydrolog ved NVE, Ingeborg Kleivane til NRK.

Raskt aukande vassføring kan i desse områda medføra lokale overfløymingar og flaumskadar. Det er særleg i byar og tettbygde strok at faren for flaum er størst.

Hydrologen oppmodar folk i dei utsette områda til å ta grep.

– Rydd opp i stikkrenner, grøfter og slukar slik at vatnet får plass til å renna unna. Du kan også følgja nedbørsutviklinga i ditt område på yr.no sin værradar og på varsom.no, tilrår Kleivane.

Det kraftige regnvêret medfører i tillegg fare for jordskred i Rogaland, Hordaland, Telemark og i Agder-fylka frå laurdag.

AKTUELT NÅ