Hopp til innhold

Kristin Halvorsen stoppar karakterar i barneskulen

47 Høgre-ordførarar bad om lov til å innføre karakterar i barneskulen. Kristin Halvorsen (SV) seier nei.

SV-leder Kristin Halvorsen

- Elevane i barneskulen lærer meir og betre av å få konkrete tilbakemeldingar om kva dei er gode på og kva dei må trene meir på, seier SV-leiar Kristin Halvorsen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Ordfører i Drammen Tore Opdal Hansen

ordførar i Drammen Tore Opdal Hansen.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX
Torger Ødegaard

Torger Ødegaard.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Høgres ordførarar ville gje sjuandeklassingar karakterar. Men regjeringa stoppar planane.

– Det med munnleg tilbakemelding som karakterar burde vere heilt uproblematisk, seier Tore Opdal Hansen (H), ordførar i Drammen til NRK.

– Det er ganske merkelig at vi ikkje får høve til å gjere det.

Hansen er ein av 47 Høgre-ordførarar som har stilt seg bak eit brev til Kunnskapsdepartementet.

Der ber dei Regjeringa avklare om dei kan innføre lokale karakterar. Ordførarane vil nemlig at skulane i Høgre-kommunane skal kunne gje sjuandeklassingar munnleg beskjed om kva karakternivå dei ligg på.

Blankt avslag

Men svaret som kjem i dag frå deira ideologiske hovudmotstandar, SVs kunnskapsminister Kristin Halvorsen, overraskar neppe ordførarane.

– Det har vi avslått. Det er fordi elevane i barneskulen lærer meir og betre av å få konkrete tilbakemeldingar om kva dei er gode på og kva dei må trene meir på, seier Halvorsen til NRK.

– Vi veit at ein talkarakter gir veldig lite informasjon, særleg til dei yngste elevane. I svarbrevet viser Halvorsen til forsking som ho meiner underbyggjer dette.

Valkamp neste

Men Høgres hærførar Torger Ødegaard gir seg ikkje sjølv om han får eit avslag frå Regjeringa. Det er han som har samla dei 47 ordførarane om prosjektet. Mange av desse styrer folkerike kommunar, for eksempel Bergen, Bærum og Tønsberg.

Dette er ikkje eit endelig nei. Etter mi oppfatning er det no denne kampen byrjar, seier Ødegaard. Han varslar no lokal valkamp om karakterar på barnetrinnet.

– Eg trur dette kan endre seg. Vi har gjennomført mange reformer i Oslo-skulen som sentrale styresmakter eigentlig har vore kritiske til. Så har vi klart å reise ein opinion og fått lov sjølv om Regjeringa først har sagt nei. Eg trur det kan skje i denne saka også, seier Ødegaard til NRK.

– Dette blir det valkamp på, vi veit at det kjem til å bli fremma mange lokale forslag om dette.

Drammen er ein av kommunane der barneskulekarakterar no kan bli valkamptema.

– Vi vil sjølvsagt belyse vårt syn og vår ståstad, seier Drammens-ordførar Tore Opdal Hansen.

– Dette er ei sak som på ein god måte illustrerer forskjellen på tenking i skulepolitikken. I idretten er det lov å rangere barn som er ti-elleve år gamle. Men på skulen får du ikkje lov til å høyre korleis du ligg an når du er 12-13 år gammal.

Forventar at dei følgjer lova

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen forventar at dei 47 ordførarane oppfører seg lydig.

– Eg reknar med at Høgre-ordførarar følgjer det som er norsk lov. Og eg reknar med det er brei oppslutnad i skulen om at elevane skal få dei tilbakemeldingane som fungerer best.

AKTUELT NÅ