Fire hovudgrunnar
Han la fram fire hovudgrunnar til at han gler seg til å ta fatt på jobben, og kvinnenene var eitt av punkta.
Eit anna punkt er at alle 19 har ei god politisk plattform som gir retning for politikken dei neste fire åra.
Vidare så gler han seg til å jobbe saman med medlemene i regjeringa. Og til slutt representerer regjeringa ei eineståande breidde frå norsk samfunns- og organisasjonsliv, og god geografisk breidde, sa statsministeren.
- Å skaffe arbeid til alle blir regjeringa si største utfordring. Vi må få ned den registrerte arbeidsløysa, sa han på pressekonferansen.
Unge og eldre
Jens Stoltenberg sa også at eldreomsorg, skule og barnehager vil bli prioritert. Han torer ikkje seie kor langt regjeringa vil kome med dei andre punkta frå Soria Moria-erklæringa.
- Husk at Soria Moria-erklæringa gjeld for fire år. Vi kan ikkje oppfylle heile erklæringa første året, sa han.
Trass i alle godorda mellom avtroppande og påtroppande regjering i løpet av dagen kom Stoltenberg med eit lite stikk på pressekonferansen i ettermiddag.
Snubletrådar
Han ymta også om at statsbudsjettet vart endra då den gamle regjeringa forstod at dei ikkje kunne vinne valet, og la ikkje skjul på at han ikkje var nøgd med det.
- Blant anna registrerer eg at ymseposten har blitt veldig liten, noko som kan vere fristande for å kunne punte på resten av budsjettet, sa han.
Stoltenberg understreka at han ikkje har konkrete bevis for påstandane sine, men han uttrykte støtte til aviskommentatorar som sa at regjering la ut snubletrådar for regjeringa hans.