Hopp til innhold

Stoltenberg: - Verda kan ikkje venta på forhandlingar

– Den nye klimarapporten skildrar klimatiltak som det er rasjonelt og fornuftig å gjennomføra sjølv om ein ikkje er interessert i klima, seier Jens Stoltenberg, ein av forfattarane bak rapporten.

Erna Solberg og Jens Stoltenberg

Jens Stoltenberg la fram den nye klimarapporten for statsminister Erna Solberg og klima- og miljøminister Tine Sundtoft tysdag.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tysdag lanserte Den globale kommisjonen om økonomi og klima rapporten «The New Climate Economy».

Noreg var ein av initiativtakarane til rapporten, og Jens Stoltenberg er med i kommisjonen.

– Det er ikkje slik at verda kan gå rundt å venta på ein avtale medan me forhandlar. Dette er ein viktig rapport fordi den bidreg til dei internasjonale forhandlingane og til den politiske mobiliseringa me treng for å oppnå nasjonal handling i regjeringar og bedrifter, seier Stoltenberg på ein pressekonferanse tysdag.

– Ja, det er mogleg

Kommisjonen fekk i oppdrag å sjå på samanhengen mellom klima og økonomi. I dag blir resultatet presentert i både Oslo, New York og Addis Abeba på same tid.

Hovudkonklusjonen er at klimavenleg politikk ikkje er ein brems, men ein pådrivar for sterk og varig økonomisk vekst.

– Etter eitt år med research og hardt arbeid har me funne ut at det er mogleg å kombinera økonomisk vekst og klimatiltak, seier kommisjonsleiar Felipe Calderón.

Barcelona som førebilete

Rapporten slår også fast at menneskeheita kan bli offer for ekstreme og ugjenkallelege klimaendringar med mindre det blir sett i gang omfattande og djuptgåande klimatiltak i løpet av dei neste 15 åra.

Kommisjonen ber leiarar i land og verksemder rundt om i verda slutta seg til ein tipunktsplan for global handling.

Handlingsplanen oppmodar blant anna til å kutta ut subsidiar til fossilt brennstoff, byggja kompakte byar med gode løysingar for kollektivtransport og å få føreseilege prisar på karbon.

– Over halvparten av utsleppskutta me skildrar i rapporten er det rasjonelt og fornuftig å gjenomføra sjølv om ein ikkje er oppteken av klima. Dei bidreg til redusert lokalforureining,effektive transportsystem med mindre støy og gode energisystem, seier Stoltenberg.

Han viser til byplanlegginga i Barcelona som eit praktdøme på ein kompakt og klimavenleg by, medan Atlanta er skrekkdømet. Dei to byane har nemleg om lag like mange innbyggjarar, men Atlanta har ti gonger så store klimagassutslepp.

– Bu tett, reis kollektivt, bruk sykkel. Byplanleggjarane er frontsoldatar i klimakampen, seier Stoltenberg.

Solberg er optimist

Både Stoltenberg og statsminister Erna Solberg trekkjer fram prising av karbon som eit viktig klimatiltak.

– Over 50 land er i ferd med å innførra klimakvotesystem eller andre typar prising av karbon. Me må pressa enda meir på for bruk av pris på karbon fordi det kjem til å vri heile økonomien i grøn retning, seier Stoltenberg.

Statsminister Erna Solberg seier ho blir omstillingsoptimist av å lesa den ferske rapporten.

– Klimaspørsmålet må ikkje sjåast som ein byrde som avgrensar moglegheitene for verdiskaping, men snarare som eit høve for utvikling og vekst, seier statsminister Erna Solberg.

– Me treng eit grønt skifte, legg statsministeren til og åtvarar mot å vurdera verdien av klimatiltak i eit kortsiktig perspektiv.

– Regjeringa har eit generasjonsperspektiv på politikken sin. Me forpliktar oss til å overlevera jordkloden til våre born i like god stand som det me fekk den i frå våre forferdrar. No er det ikkje sikkert at me greier det. Denne rapporten er viktig å ha med seg i det vidare arbeidet, seier Solberg.

Rapporten kjem nøyaktig ei veke før FN sitt klimatoppmøte i New York. 125 stats- og regjeringssjefar deltek på møtet, som generalsekretær Ban Ki-moon har teke initiativ til for å få fart i dei internasjonale klimaforhandlingane.

Jens Stoltenberg presenterer klimarapport

Aukande etterspurnad etter energi og mat og rask urbaniseringsvekst gjer at behovet for klimatiltak er prekært, syner ein ny rapport som Jens Stoltenberg la fram tysdag.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

AKTUELT NÅ