Hopp til innhold

Stig Millehaugen kan bli flytta frå Trondheim

Kriminalomsorga skal avgjere kvar forvaringsdømde Stig Millehaugen skal sone vidare. Dei utelukkar ikkje ei flytting frå Trondheim fengsel.

Stig Millehaugen

Stig Millehaugen blei etterlyst då han ikkje møtte ved Trondheim fengsel etter ein permisjon. Det er uvisst kvar han skal sone etter at han blei gripen onsdag.

Foto: Politiet

Etter ei veke på rømmen blei Stig Millehaugen gripen i Østmarka i Oslo onsdag. Han blei ifølge politiet teken utan dramatikk, og blei køyrd til arresten for å få ein helsesjekk. Politiet seier avhøyra av Millehaugen har starta onsdag kveld.

53-åringen blei i 2012 dømd til lovas strengaste straff på 21 års forvaring og ti års minstetid for drap. Han er også tidlegare dømd for drap på ein fengselsbetjent etter eit rømmingsforsøk frå fengsel.

Østmarksetra ligg om lag ei mil frå Oslo sentrum.

Kriminalomsorga skal no avgjere kvar Millehaugen skal sone vidare, men dei veit førebels ikkje kvar det blir, seier regiondirektør Stig Storvik i region aust til NRK.

– Det er to forvaringsinstitusjonar i Noreg, og det er Trondheim og Ila. Vi kan ikkje utelukke at Ila kan bli aktuelt, men det er ei avgjerd som blir fatta på regionalt nivå, seier han.

Storvik seier Millehaugen har krav på eit eige opplegg, og at det berre er desse to fengsla som kan tilby dette. Den endelege avgjerda blir gjort i samarbeid mellom dei og region nord, seier han.

pågripelse Millehaugen

Stig Millehaugen blei gripen like ved Ulsrudvannet som er eit populært friluftsområde i Oslo.

Foto: Cicilie S. Andersen / NRK

– Skal ikkje tilbake til Trondheim

Millehaugen sona ved Trondheim fengsel då han ikkje møtte etter ein permisjon. 1. juni gjekk politiet ut med ei etterlysing etter mannen.

Men fengselsleiar Egil Gabrielsen i Trondheim fengsel seier til NRK at han neppe skal tilbake dit.

– Vi har hatt ein dialog med regionen og Kriminalomsorgsdirektoratet. Vi er blitt einige om at han ikkje skal tilbake hit, seier han.

Gabrielsen seier det er ei heilskapsvurdering som ligg bak avgjerda om at Millehaugen ikkje skal tilbake til Trondheim.

– Det er fleire ting, men først og fremst fordi han har vore her i snart ti år. Og det er ikkje unormalt at domfelte som har så lange dommar byter anstalt. I og med at dette har skjedd, kan det vere fornuftig at han held fram med soning ein annan stad, seier han.

Kan bli nekta permisjon

Også Kriminalomsorgsdirektoratet stadfestar overfor NRK at Millehaugen kan bli flytta etter at han rømte frå fengselet i Trondheim.

– På generell basis er det slik at når forvaringsdømde innsette rømmer og så blir gripne, blir dei ført tilbake til fengsel igjen. Då blir det vurdert kva fengsel vi skal plassere den dømde i. Dette kan altså vere eit anna fengsel enn det han rømte frå, seier seniorrådgjevar Marianne Endresen i direktoratet til NRK.

Ho seier også at rømminga kan få konsekvensar når ein skal vurdere søknadar om prøvelauslating og permisjonar i framtida.

– Det følger inga rettsleg prøving av rømminga, men det kan få konsekvensar ved vurdering av prøvelauslating. Rømming kan også føre til avgrensing av eventuelle framtidige permisjonar, seier ho.

Høyr Oppdatert-episoden om Millehaugen:

AKTUELT NÅ