Hopp til innhold

Sterke reaksjonar på avgiftshopp - reiselivsnæringa i sjokk

Regjeringa foreslår å auke lågmomsen frå 10 til 12 prosent. Dette vil føre til dyrare transport, overnatting og kulturtilbod. Det er sterke reaksjonar også på auken i avgiftene på tunge elbilar.

Statsminister Erna Solberg og leder i NHO Reiseliv Kristin Krohn Devold før årets første valgdebatt under Nord i Sør konferansen i Oslo.

Direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn-Devold (t.h.) saman med statsminister Erna Solberg tidlegare i år.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Regjeringa har i dag lagt fram forslag til statsbudsjett for 2018. Auken i den låge momssatsen vil gi staten auka bokførte inntekter til staten på 530 millionar kroner.

Den såkalla låge meirverdiavgifta omfattar persontransport, overnatting, kringkastingsavgift, billettar til kino, museum, fritidsparkar og idrettsarrangement.

Dyrare hotellrom

Trikk i Oslo

Auka momstakst vil gi dyrare reiser på kollektive transportmiddel.

Foto: Tor Risberg / NRK

– Momsauken kjem som eit sjokk for reiselivsnæringa. Dette var ikkje ein del av skatteforliket på Stortinget i fjor vår. Bedriftene har stolt på at regjeringa, i motsetnad til det opposisjonen har varsla, ville senke skattane for næringslivet, og ikkje auke dei, seier administrerande direktør i NHO reiseliv, Kristin Krohn Devold.

Ho seier at momsauken i praksis vil føre til dyrare hotellrom, og at det igjen vil svekkje konkurranseevna til norsk reiseliv.

– Her straffar regjeringa ei næring som har skapt arbeidsplassar, og som alt har pressa lønsemd. Dette vil ramme bedriftseigarar og arbeidsplassar hardast i distrikta. Momsauken er uventa og trist for ei hardt arbeidande næring, legg Krohn Devold.

Ho peikar på at for bedrifter med eit lite overskot, eller med underskot, vil avgiftsauken frå 10 til 12 prosent ramme mykje tøffare enn med fordelen med overskotsletta på eitt prosentpoeng.

Dette betyr statsbudsjettet for deg

– Sin del av kaka

Line Endresen Normann

Line Endresen Normann er direktør for reiseliv og kultur i Virke.

Foto: Stig Jaarvik / NRK

Devold får støtte i kritikken frå Lise Endresen Normann, direktør for Reise Noreg og kultur i Virke. Ho meiner dette er uheldig for næringane som er ramma. Kulturtilbod blir dyrare, og det blir dyrare overnatting.

– Reiselivet har to historisk gode år, og no skal staten ha ein del av kaka. Reiselivet må få tid til å byggje seg opp og investere i nye opplevingar, og leggje til rette for den veksten vi skal ha i norsk reiseliv framover, seier ho.

Ho er redd for at denne avgiftsauken vil svekkje Noreg som reiselivsdestinasjon for utlendingar.

Dyrare elbilar

I går vart det kjent at regjeringa vil auke avgiftene på dei tyngste elbilane. Den nye avgifta skal reknast ut frå vekta på bilen. Det kan gi ein auke på mellom 7000 kroner for dei lettaste og 70.000 kroner for dei tyngste elbilane.

Christina Bu

Christina Bu i Norsk elbilforening er sterkt kritisk til avgiftsauken for tunge elbilar.

Foto: Norsk elbilforening

Dette vil først og fremst ramme Tesla. Norsk Elbilforening reagerer sterkt på avgiftsauken.

– Fleire tusen nordmenn står i kø for å kjøpe ein familie-elbil, fleire nye modellar kjem no. No blir desse dyrare, stikk i strid med det Stortinget har sagt tidlegare. Dette er ei avgiftsbombe som sender heilt feil signal til forbrukarane, seier Christina Bu, generalsekretær i Elbil-foreininga.

Ho viser til at det er 20 prosent elbilar her i landet i dag, og at vi skal opp i 100 prosent i løpet av nokre år.

– Regjeringa har misforstått

– Eg trur regjeringa har misforstått alt. Fossile bilar har vorte billegare, og no ofrar dei elbilane til fordel for forureinande bilar, seier ei svært skuffa Christina Bu.

Ho meiner at dette er stikk i strid med målet om at det innan 2025 berre skal seljast nullutsleppsbilar, og at kjøpsfordelane skal vare til 2020. Ho er redd for at mange no blir usikre på om elbil er det rette for dei.

Ho set sin lit til Stortinget om at dei droppar denne avgiftsauken.

Ei trøyst for dei med elbil er at dei slepp unna den nye trafikkforsikringsavgifta, som erstattar årsavgifta. den nye avgifta skal betalast saman med vanleg bilforsikring.

astrup

– Det var på tide å leggje avgift på tunge elbilar, seier finanspolitisk talsmann i Høgre, Nikolai Astrup.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Bransjenettstaden Bilnytt skriv i dag at Tesla S får opp til 24.000 kroner i auka avgift, medan Tesla X blir opp til 96.000 kroner dyrare.

NAF: – Eit avtalebrot

Samstundes blir elbil mindre gunstig som firmabil, fordi regjeringa vil gjerne den særskilde fordelen for elbilar i skattlegginga av firmabilar.

Inger Elisabeth Sagedal i bilorganisasjonen NAF meiner forslaget frå regjeringa er eit avtalebrot.

Anja Bakken Riise

Anja Bakken Riise er leiar i Framtiden i våre hender.

Foto: Knut Erik Helle

Finanspolitisk talsmann i Høgre, Nikolai Astrup, seier på si side at det var på tide å leggje avgift på dei tyngste elbilane. Han meiner det framleis er mest lønnsamt å kjøpe elbil.

Anja Bakken Riise i Framtiden i våre hender er misnøgd med forslaget til statsbudsjett.

– Regjeringa sviktar det grøne skiftet. Dei kunne valt å auke moms på miljøskadeleg forbruk, men vel i staden å gjere kollektivtransport, elbil og miljøvenlege opplevingar dyrare. For å nå klimamåla må det lønne seg å velje miljøvenleg. Då må til dømes miljøvenlege tenester som reparasjon og utleige bli billegare, seier ho.

Kollektivtrafikk

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) er heller ikkje vidare begeistra.

- Det som er mest alvorleg i statsbudsjettet, er at regjeringa aukar momsen på kollektivtransport og gjer det dyrare å reise med buss, tog og t-bane for mange. Dei kollektivreisande betalar for skatteletter til dei rike, seier nasjonal talsperon Une Bastholm.

Det blir også ein del andre endringar i bilavgiftene. Ladbare hybridbilar med kort elektrisk rekkevidd blir dyrare. Tunge ladbare elbilar med kort elektrisk rekkevidd blir avgiftstaparen. Avgiftsfordelane blir borte for ikkje ladbare hybridbilar. Desse får ei eingongsavgift basert på utslepp og vekt.

Dermed blir dei avgiftsmessig behandla som bensin/dieselbilar.

Dyrare barnehage

Regjeringa foreslår også ein auke i maksimalprisen for ein barnehageplass med 110 kroner månaden til 2910 kroner frå 1. januar neste år. Dei foreslår også å vidareføre ordningane med gratis kjernetid for tre-, fire- og femåringar for låginntektsfamiliar.

Det blir ingen auke i avgiftene for tobakk, alkohol og sjokolade, bortsett frå normal prisjustering. Dermed blir det større auke i prisen for ein teaterbillett enn ein pakke sigarettar.

AKTUELT NÅ