NRK Meny
Normal

Sterke reaksjonar på AUFs Listhaug-video

Ein valkampvideo frå AUF Trøndelag, der fråsegner frå Sylvi Listhaug (Frp) er klipte saman med bilete av flyktningborn på flukt, har vekt sterke reaksjonar. Statsminister Erna Solberg (H) gjekk i dag hardt ut mot videoen.

Frå AUF-video om Sylvi Listhaug.

AUF-videoen plasserte blant anna eit sitat frå Listhaug om islamistiske terroristar over eit bilete av born på flukt.

– Eg har ikkje sett videoen sjølv, men vi tek tak i det, sa Jonas Gahr Støre tidlegare i dag. Han gjorde det klart at folk i pariet har fått i oppgåve å vurdere videoen.

Seint i ettermiddag melder Dagbladet at AUF no har trekt tilbake videoen.

Videoen dukka opp på Facebook i helga. Han startar med teksten «En stemme til Venstre er en stemme til Listhaug» og eit bilete av ei leande Sylvi Listhaug. Så følgjer bilete av flyktningborn på flukt, forelska homofile og endå fleire born på flukt.

– Ein av dei styggaste

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg(H) reagerer sterkt på videoen frå AUF i Trøndelag.

Foto: Vilde Helljesen / NRK

Statsminister Erna Solberg er ei av fleire som har reagert på videoen. Ho meiner at dette er noko av det styggaste som har vore publisert i denne valkampen.

- Arbeidarpartiet har vore veldig opptekne av å snakke om retorikken og utspela til andre i denne valkampen. Då blir det veldig spesielt at dei lagar slike grove videoar sjølve. Vi må kunne ha politiske diskusjonar og debattar utan at vi fremjar grove påstandar mot kvarandre, seier Solberg til NRK.

Eitt av sitata frå Listhaug som er med i videoen er : «Deira eige liv betyr ikkje noko for dei. Dei drep seg sjølve og andre». Dette sitatet er sett saman med bilete av flyktningar, og det gjer henne opprørt.

Sylvi Listhaug

– Dette er den nedrigaste eg har opplevd frå Arbeidarpartiet, seier Sylvi Listhaug.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Sitatet mitt i denne videoen, som er klistra over eit gråtande barn, handlar ikkje om flyktningar, men om radikale islamistiske terroristar. Dette er det lågaste og mest nedrige eg har sett frå Arbeidarpartiet, seier Sylvi Listhaug til Dagbladet.

Venstre reagerer

Også Venstre-politikar Erling Moe reagerer sterkt. Han seier til Adresseavisen at han har vore politikar i nesten 40 år, og at han kvar dag har stått for andre haldningar og verdiar enn det denne videoen tilleggjer han.

Leiar i AUF i Trøndelag, Julie Indstad Hole, forsvarte videoen i går. Ho forstår at Venstre meiner det er ubehageleg å bli konfrontert med fråsegnene til Sylvi Listhaug.

– Vi tek eit oppgjer med hennar måte å snakke om andre menneske på. Ho spreier frykt og set grupper opp mot kvarandre. Eg skulle ynskjer at Moe kunne stå saman med meg og seie at det er langt over streken, sa ho til Adresseavisen.

Julie Instad Hole, leder i Sør-Trøndelag AUF

Julie Indstad Hole er leiar for AUF i Trøndelag.

Foto: Privat

I dag seier ho til Dagbladet at ho har respekt for at mange synest videoen var for sterk, og at dei derfor har valt å trekkje han tilbake. Ifølgje Adresseavisen var det AUF sentralt som gav fylkeslaget i Trøndelag beskjed om å slette videoen.

– Tek det alvorleg

Ap-leiar Jonas Gahr Støre minner om at Arbeidarpartiet ser alvorleg på overtramp i valkampen.

– Vi hadde ein partifelle på Sørlandet som kom med fråsegner om Sylvi Listhaug. Han vart permittert, sett på sida og trua med eksklusjon. Vi tek slike ting svært alvorleg, seier han i eit intervju med Aftenposten.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger