Hopp til innhold

Bustadprisane berre ein prosent under rekordnoteringa frå april i fjor

Bustadprisane steig med 1,8 prosent i april. Det er den sterkaste april-veksten dei siste ti åra. På landsbasis er vi berre ein prosent under prisrekorden frå april 2017.

VIDEO: Christian Vemmervold Dreyer legg fram bustadprisane.

Korrigert for sesongvariasjonar er veksten på 0,9 prosent. Det er verd å merke seg at bustadprisane her i landet no berre er ein prosent under prisrekorden frå april 2017. Oslo hadde sin topp i februar i fjor, og prisnivået i april i år ligg 5,4 prosent under rekorden. Hittil i år er veksten i Oslo på åtte prosent.

Sterkast vekst i april hadde bustadmarknaden i Bergen med 2,8 prosent, Oslo var opp 2,4 prosent, medan Hamar med Stange var svakast med ein vekst på 1,0 prosent. Bustadprisane her i landet var i april 1,0 prosent lågare enn for eitt år sidan.

Sterkast vekst dei siste 12 månadene hadde Hamar med Stange med 5,6 prosent. Tala for Oslo dei siste 12 månadene viser ein nedgang på 3,8 prosent.

Oslo og Bergen dreg opp

– Prisutviklinga i april er den sterkaste for april til å vere den sterkaste dei siste ti åra, og alle dei store byane har opplevd ein sterk oppgang i prisane. Særleg utviklinga i dei to største byane dreg opp den nasjonale utviklinga, sa Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge då han la fram tala.

Prisane i Trondheim auka med 1,8 prosent, medan Stavanger-prisane gjekk opp 1,3 prosent i april.

Han gjorde det klart at om denne utviklinga held fram, så vil 12-månadersveksten vere positiv innan utgangen av første halvår 2018.

Det vart lagt ut 9506 bustader for sal her i landet i april, og det er 14,5 prosent fleire enn i same månaden i fjor. At talet er så pass mykje lågare i april i år enn i april i fjor har truleg med påska å gjere.

Dreyer slo fast at det var oppgang i bustadprisane i alle område i Noreg i april.

Moderat prisutvikling

Carl O. Geving i Norges Eiendomssmeglerforbund.

Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund reknar ikkje med like sterk vekst som i 2016.

Foto: CF-Wesenberg

– I store delar av landet er det no eit godt tilbod av bustader for sal, som truleg vil resultere i ei moderat prisutvikling i tida framover. Hittil i år har det vore ein mindre prisvekst i dei største byane, med unntak av Oslo. Utviklinga her har vore overraskande sterk, sa Christian Vammervold Dreyer.

Dreyer seier til NRK at han er litt uroa over den sterke veksten i Oslo, ein vekst som kan vere usunn.

Administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund, Carl O. Geving, seier at den norske bustadmarknaden som venta er stabilisert, men at prisveksten i april er overraskande sterk.

– Forbrukarane sine forventingar er no positive, det er høg aktivitet og bustadtilbodet møter i stor grad etterspurnaden. Pendelen svingar litt tilbake etter priskorreksjonen i 2017, som var litt sterkare enn reint rasjonelle årsaker skulle tilseie, seier Geving.

–Ikkje så sterk vekst som i 2016

Han meiner at høg kjøpekraft og god betalingsevne bidreg til sterk vekst i dei store byane, men at forholda ikkje ligg til rette for ein like sterk vekst som i 2016.

– Då prega euforien delar av marknaden. På sikt vil truleg stigande rente, fleire nyproduserte bustader og strenge kredittreglar gjere at utviklinga i pressområde blir meir balansert, seier Geving til NRK.

AKTUELT NÅ