Hopp til innhold

Den amerikanske renta blir heldt uendra

USAs sentralbank varslar no eitt i staden for to rentekutt i år. Det kan få innverknad på den norske renta.

blkLhmjTSRs

Amerikanarane har langt høgare rente enn i Noreg, men dei fleste amerikanarane som eig bustad har bunde bustadlånsrenta. Renta blei høg for å roe ned prisveksten, som mellom anna har gitt høgare leigeprisar og dyrare mat i USA.

Foto: AFP

Den amerikanske styringsrenta blir heldt på intervallet 5,25 til 5,5 prosent.

Dette har ho lege på sidan juni i fjor.

Økonomar antar at Noreg ikkje kan setje ned renta før Europa og USA kuttar renta. Årsaka er blant anna den svake kronekursen, som blir påverka av rentedifferansen mellom land.

I Europa har ein allereie byrja å setje ned, medan den amerikanske sentralbanken berre ser føre seg eitt rentekutt i år.

– Vil ikke sette ned renta i Norge i år

BI-professor, Hilde Bjørnland, trur den uendra renta i USA vil påverke renteavgjerdene her til lands òg.

– Dette stadfestar synet mitt om at ein ikkje kjem til å setje ned renta i Noreg. Amerikanarane hadde på førehand lova to rentekutt i år, no seier dei berre eitt, fortel Bjørnland.

– Det er dessverre dårleg nytt for forgjelda nordmenn, men på den andre sida, vil renta heller ikkje bli sett opp, seier ho vidare.

Tidlegare har den amerikanske sentralbanken varsla to rentekutt i år. Sentralbanken reknar òg med at prisveksten vil vere litt høgare neste år enn tidlegare anslått.

USA har i likskap med Noreg eit mål om at prisane ikkje skal stige meir enn rundt 2 prosent i året. Sentralbanken seier at renta ikkje vil bli kutta før dei er meir sikre på at prisveksten er på veg ned mot målet.

4o

Sterkere krone

Den norske krona har styrka seg nær 20 øre mot dollaren sidan midnatt. Kursen gjorde eit hopp like etter at det kom ferske inflasjonstal frå USA, klokka 14.30 – som viste at prisveksten dempar seg.

Rundt klokka 15.30 kosta ein dollar kring 10,5 norske kroner. Seinast i starten av mai kosta ein dollar over 11 kroner.

Dane Cekov

Valutastrateg Dane Cekov.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

– Dette illustrerer igjen kor viktig amerikansk økonomi og nøkkeltal er for kronekursen. Difor har eg sagt gang på gang at vi vil sjå ei sterkare krone når rentekutta i USA først kjem, seier valutastrateg Dane Cekov i Nordea.

Les også Eurolandene kutter renten for første gang siden 2019

Sara Midtgaard

Prisveksten overraska

I og med at prisveksten no dempar seg, er det fleire investorar som trur at det kan kome eit rentekutt i september. Då svekker dollaren seg, forklarer Cekov.

Prisveksten i USA enda på 3,3 prosent i mai, målt mot same månad i fjor.

Kjerneinflasjonen, som ser vekk frå mat og energivarer, enda på 3,4 prosent.

Det var eit lite hakk, 0,1 prosentpoeng, lågare enn det eit fleirtal av økonomane hadde venta på førehand.

Likevel er dette eit stykke over målet til den amerikanske sentralbanken, som ønskjer ein prisvekst på kring 2 prosent årleg.

Les også Sverige kuttar renta

Riksbanksjef Erik Théeden etter rentemøte 8. mai.

Rentebeskjed i kveld

I kveld klokka 20 norsk tid, vil sentralbanksjef Jerome Powell kome med ein ny rentebeskjed. Det er venta at han vil halde styringsrenta i USA uendra.

USAs sentralbanksjef Jerome Powell

Sjef i den amerikanske sentralbanken, Federal Reserve, Jerome Powell.

Foto: Reuters

Det er knytt mest spenning til kva han vil seie om moglege rentekutt framover.

Når USA vel å kutte renta har mykje å seie for kva veg renta skal ta i Noreg. Mange meiner at ein først må sjå eit rentekutt i USA, før det kan skje i Noreg.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger