Hopp til innhold

Sterk usemje om psykiatri-tiltak

Organisasjonen Mental Helse åtvarar mot hastetiltak i psykiatrien som kan gjere det verre for menneske med psykiske sjukdomar.

Politimeister i Tromsø, Truls Fyhn.

Truls Fyhn vil ha fleire psykiatriske institusjonsplassar.

Foto: Bertinussen, Rune S. / SCANPIX

Etter trippeldrapet i Tromsø sist helg har det kome stadig sterkare krav om at folk med psykiatriske diagnosar i større grad må vere på sjukehus.

I dag sette helseminister Bjarne Håkon Hanssen ned eit breitt samansett utval som skal sjå på situasjonen for psykisk sjuke som kan vere farlege for andre menneske, og korleis pyskiatrien behandlar desse i dag.

Åstedet dagen etter drapet

Det var i dette huset at tre menneske vart drepne sist helg.

Foto: NRK/Robert Greiner

- Vi fryktar at menneske med psykiske lidingar, og som treng eit mangfaldig tilbod, blir haldne inne på institusjonar av frykt for kva dei skal finne på om dei kjem ut, seier generalserektær i Mental Helse, Mette Kammen.

Politimeister Truls Fyhn i Tromsø er ein av dei som har teke til orde for at fleire psykisk sjuke i større grad treng institusjonsplassar.

- I Tromsø går det fleire personar fritt rundt, og som ikkje er i behandlingsapparatet, som vi berre ventar på skal ta livet av nokon. I våre auge er dette tidsinnstilde bomber, sa han i RedaksjonEn på NRK i kveld.

Det var ein tøff tone i debatten, og Mette Kammen er redd for at det tøffe debattklimaet skal gi eit dårlegare tilbod i psykiatrien.

- Vi treng ikkje fleire institusjonsplassar, men vi treng ei betre prioritering av institusjonsplassar. Veldig mange av dei som er inne no, kunne fått eit godt tilbod ute i kommunane om det var eit godt tilbod der. Det er der vi må satse framover, seier Mette Kammen.

AKTUELT NÅ