NRK Meny
Normal

Sterk støtte til terrorinformasjonen frå politiet

85 prosent av innbyggjarane over 20 år meiner det var korrekt av politiet å gå ut med informasjon om fare for terrorangrep mot Noreg i juli.

Væpnet politi på Kjevik

Politiet får støtte frå eit fleirtal av nordmenn i at dei gjekk ut med informasjon om fare for terrorangrep i juli.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Det går også fram av undersøkinga at mange er meir redde for terror enn tidlegare, og at uroa er størst blant dei unge. Det er også blant dei unge at tvilen er størst om det verkeleg var rett å gå ut med denne informasjonen

Politidirektør Odd Reidar Humlegård seier at det er viktig for politiet at så mange meiner dei gjorde det rett når dei gjekk ut med at det var fare for eit terrorangrep mot Noreg.

Undersøkinga er gjort av analysebyrået TNS Gallup på oppdrag frå Politidirektoratet.

– Hadde ikkje noko val

Humlegård

Politidirektør Odd Reidar Humlegård er nøgd med undersøkinga som viser sterk støtte til politiet sin handlemåte.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Det er naturlegvis viktig korleis dette blir oppfatta blant innbyggjarane. Det har vore mykje diskusjon om var rett eller ikkje, men vi hadde ikkje noko val denne gongen når vi sette i verk dei tiltaka vi gjorde. Då måtte vi fortelje og forklare, og det er ei god tilbakemelding på at det blir vurdert som ei rett avgjerd, seier Humlegård til NRK.

Politidirektøren synest ikkje det er overraskande at ein del menneske blir usikre og redde når landet har ein alvorleg terrortrussel mot seg, og når styresmaktene går ut med det.

– Vi ser at yngre er reddare enn dei eldre. Det kan skuldast fleire ting, men vi ser også at dei har vore meir på Internett og sosiale medium og gått meir informasjon der. Dei eldre har halde seg til meir tradisjonelle mediekanalar der det har vore mindre ryktespreiing, seier Humlegård.

Les også:

Angrar ikkje

Han ser ingen grunn til å angre på at dei gjekk ut med informasjonen, sjølv om det seinare viste seg at det ikkje skjedde noko.

– Vi hadde ikkje noko val, når vi først sette i verk dei tiltaka vi gjorde med blant anna væpning av politiet og auka grensekontroll. Når folk flest så meiner det var ei rett avgjerd, så er det ei viktig for oss, legg politidirektøren til.

Jan Arild Ellingsen

Jan Arild Ellingsen (Frp) fryktar at vi går mot eit meir engsteleg samfunn.

Foto: Ola Helness / NRK

Jan Arild Ellingsen vil ikkje juble før den endelege evalueringa blir klar. Han peikar på at politiet har eit enormt ansvar i slike saker, og han fryktar at vi går mot eit meir engsteleg samfunn.

– Vil vinne tilbake tillit

– Eg trur at norsk politi er på leiting etter måtar som gjer at dei skal vinne tilbake noko av tilliten dei tapte etter 22. juli, får då fekk politiet juling så det heldt. Denne gongen har dei gått tidleg ut slik at folk skulle vere førebudde, og eg trur det er smart, seier han.

Ellingsen meiner det er viktig å vite kva ein gjer i denne saka, nettopp fordi det fører til meir redsel. Derfor forventar han at politiet at klar over konsekvensane av vala dei tek.

– Kvar gong vi gjer endringar i samfunnet vårt for å tilpasse oss moglege truslar, så er det dei som vil ramme oss som står fram som vinnarar, legg han til.

– Ikkje eit argument for væpning

Harald Stanghelle

Harald Stanghelle åtvarar mot å la terrorfrykt gå ut over personvernet.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Harald Stanghelle er samd med politidirektøren, som trur medievanar er ei av grunnene til at dei unge blei meir påverka av terroralarmen.

– Det kan òg hende at terroralarmen vekte opp den slumrande frykta som 22. juli skapte. Vi liker at politi har oversikt og kontroll, men her gjekk dei ut og fortalde kor lite dei visste. Det skapte ei uvisse, seier Stanghelle til NRK.

Stanghelle meiner det ville ha vore umogleg å sende ut tusenvis av politifolk ut i norske gater utan å fortelje årsaka til det. Han er likevel skeptisk til at terroralarmen blei brukt til å argumentere for auka fullmakter til politiet.

– Fleire politileiarar brukte alarmen til å krevje inngripande metodar som går sterkt ut over personvernet. Den fremste tillitsvalde for politiet brukte dette som argument for generell væpning, noko det ikkje var grunn til. Vi skal åtvare mot å bruke den typen truslar til å vri det norske samfunnet i ein fryktretning vi ikkje ønsker, seier Stanghelle.

Les også:

Politiets håndtering av terrortrusselen

Mener du det var riktig av politiet å gå ut med informasjon om terrortrusselen?

Ja

Nei

Vet ikke

Totalt

85

7

7

Menn

84

9

7

Kvinner

87

6

8

15-29 år

82

12

6

30-44 år

80

7

13

45-59 år

89

5

6

60 +

90

6

5

Har informasjonen fra politiet om trusselsituasjonen i hovedsak vært trygghetsskapende, eller skapt større utrygghet i befolkningen?

Trygghetsskapende

Skapt større utrygghet

Vet ikke

Totalt

59

31

10

Menn

62

29

8

Kvinner

57

32

11

15-29 år

45

44

11

30-44 år

59

31

9

45-59 år

63

28

9

60 +

70

20

11

Gjennomført 04.-08. 2014 av TNS Gallup på oppdrag fra Politidirektoratet. Alle tall er i prosentandeler av de som har svart. Feilmarginene er mellom +/- 1,4 og 3,1.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger