Hopp til innhold

Sterk støtte frå leasingselskapa til Norwegian

Norwegian opplyser i ei børsmelding natt til måndag, at dei får «sterk støtte» frå leasingselskapa som dei leiger flya av.

Fly fra Norwegian tar av

Eit fly frå Norwegian tek av frå Oslo lufthamn Gardermoen. Natt til måndag vart selskapet òg samde med leasingselskapa om ei løysing som kan redde selskapet frå konkurs.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

Søndag kunngjorde Norwegian at det hadde fått alle dei fire långivargruppene med på redningsplanen sin. Men framleis stod att det å komme til semje med leasingselskapa før den ekstraordinære generalforsamlinga måndag.

Natt til måndag la selskapet ut ei børsmelding der det går fram at selskapet òg får støtte av leasingselskapa.

– Selskapet har fått sterk støtte frå både obligasjonseigarar og leasingsselskapa, og styret har derfor oppdatert forslaget til avgjerder for den ekstraordinære generalforsamlinga slik at denne semja blir gjenspegla og innsnevrar dei potensielle resultata for aksjonærane, skriv Norwegian i børsmeldinga.

Skjebnedag

På generalforsamlinga som skal haldast klokka 8.30 måndag morgon, blir det avgjord om aksjonærane vil godta redningsplanen til leiinga.

Her må dei ta stilling til ein emisjon, det vil seie at det blir skrive ut fleire aksjar.

Det vil innebere at den noverande eigardelen deira på 100 prosent, vert kutta til rundt 5 prosent. Redningsplanen må ha to tredels fleirtal på generalforsamlinga.

Jakob Schram

Jakob Schram seier det er slutt for Norwegian dersom redningsplanen ikkje vert vedteke måndag.

Foto: NRK

Snipp, snapp, snute ...

Viss kriseplanen ikkje vert vedteken måndag, går selskapet konkurs. Det gjorde Norwegian-sjef Jakob Schram klart på NRK Kveldsnytt søndag. Han sa rett ut at her står alt på spill.

– No handlar det om at aksjonærane bruker stemmeretten og stemmer ja. Viss ikkje, er det snipp-snapp-snute, og eventyret er ute, seier Schram til NRK.

Han og resten av Norwegian-leiinga har i vekevis arbeidd intenst med korleis dei skal skaffe nok eigenkapital til å kunne løyse ut statlege kriselån på 2,7 milliardar kroner.

Eit avgjerande ledd i planen har vore å få eigarane av obligasjonslån med på at delar av låna vert gjorde om til aksjar.

AKTUELT NÅ