Steile frontar i MDG om vindkraft på land

Det bles opp til debatt om vindkraft på Miljøpartiet Dei Grøne sitt landsmøte til helga. Striden står om ein skal bygge vindmøller i urørt natur.

Roan vindpark

Roan vindpark i Trøndelag opna onsdag. MDG-arar er kritisk til å bygge ut fleire vindparkar i urørt natur.

Foto: Rita Kleven

– Det er betre å bygge ut litt norsk natur – og redde korallreva – enn å vere for oppteken av norske fjellknausar til ikkje å sjå det store biletet, seier Teodor Bruu, talsperson i Grøn Ungdom.

Teodor Bruu i Grøn Ungdom

Teodor Bruu i Grøn Ungdom.

Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix

Han viser til at FNs klimarapport som slår fast at korallreva held på å forsvinne om verda ikkje når klimamåla sine.

Derfor meiner han at Noreg må ha eit positivt syn på vindkraft til lands for å kunne nå våre klimamål. Eit døme er den nyopna vindparken på Roan i Trøndelag, landets største vindkraftanlegg, sett opp i naturen.

– Sjølvsagt skal vi verne nokre område, men vi kan ikkje ha ei generell nei-stemning når det er det som trengst for å ta vare på klimaet. Det er også mykje godt naturvern i å ta vare på klimaet, seier han.

– Reddar du eit einaste korallrev med å øydelegge urørt natur i Noreg?

– Klimautfordringane er ufatteleg store og alle land må bidra med sitt. Vindkraft vil bidra til nullutslepp i verda. Noreg har mykje vind og store areal, og det er ein sjølvfølgje for oss i Grøn Ungdom at Noreg skal bidra på dette, seier Bruu.

terrenginngrep ved bygging av vindkraftanlegg ved Tellenes i Rogaland

Terrenginngrep ved bygging av vindkraftanlegg ved Tellenes i Rogaland.

Foto: Sveinulf Vågene

Sterk usemje om landvind

Han er på kollisjonskurs med den eldre garden av naturvernarar i Miljøpartiet Dei Grøne som vil sterkt avgrense utbygging av vindmøller i den norske naturen.

Tidlegare stortingsrepresentant Rasmus Hansson er ein av dei som støttar ein resolusjon om å konsentrere vindkraft på land til område der det allereie er utbygga industri, og helst satse på havvind.

MDG-leder Rasmus Hansson

Tidlegare stortingsrepresentant for MDG, Rasmus Hansson.

Foto: Christian Kråkenes

– Vi kan ikkje lenger la vindkraft bli spreidd utover landet og øydelegge masse natur, berre fordi vi ikkje gidd å betale litt ekstra for å bygge opp den teknologien som vi verkeleg treng, nemleg havvinden, seier Hansson.

Den sjølverklærte naturvern-ekstremisten meiner at det er betre næringspolitikk å satse på havvind, og at det vil bli eit mykje betre klimabidrag til EU.

Grøn Ungdom understrekar at dei ikkje vil bygge vindmøller i absolutt all norsk natur.

– Det er mykje sårbar natur vi må verne om. Det er ikkje snakk om bygge ned heile den norske naturen, men der det er best vindforhold og minst miljøutfordringar knytt til vindkraft, må vi gjere det, seier Bruu.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger