Hopp til innhold

Steffen (26) er ein av grunnane til at SAS-pilotane streikar

Steffen Kvamme (26) var sikker på at han skulle få tilbake til jobben som SAS-pilot etter koronapandemien. Det fekk han ikkje.

Tidlegare tilsett som pilot i SAS, Steffen Kvamme.

FRUSTRERANDE: Steffen Kvamme vart oppsagd med ein lovnad om å få jobben tilbake i SAS, men vart i staden oppmoda til å søkje på ein jobb i selskapet han ikkje har flysertifikat til.

Foto: Privat

Eg vil ut og fly. Draumen om å kome tilbake til ein cockpit og fly passasjerar til ulike destinasjonar.

Det seier den 26 år gamle nyutdanna piloten, Steffen Kvamme.

Han fekk jobb i SAS Skandinavia rett etter studia i januar 2020.

Seks månadar seinare vart han og 559 andre pilotar sagt opp med ein lovnad om å få jobben tilbake etter pandemien.

Det vil seie at før SAS tilset nokon andre, så skal dei tilsetje oss som var i selskapet frå før, seier Kvamme.

Kvamme er no teoriinstruktør på Pilot Flight Academy i Sandefjord.

Hittil er det rundt 100 av dei oppsagde pilotane som har fått tilbake jobben i SAS.

– Vi streikar for Steffen

Dei to dotterselskapa til SAS – SAS Link og SAS Connect – blei starta opp etter at avtalen om retten til å bli tilsett på ny blei gjort.

Vi meiner at SAS går bak ryggen på oss når dei oppretta selskapa Link og Connect, med nye avtalar og andre vilkår etter avtalen vår vart inngått, seier leiar i Flygerforbundet Aleksander Wasland til NRK.

I dei nye selskapa gjeld ikkje retten til å få tilbake jobben, meiner Wasland.

Men dei er «hjarteleg velkomne» til å søkje i dei nye selskapa, seier han.

Aleksander Wasland, leiar, Flygerforbundet.

Leiar i Flygerforbundet, Aleksander Wasland meiner SAS går bak ryggen deira.

Foto: Hans Ivar Moss Kolseth / NRK

Fleire pilotar har søkt på dei utlyste stillingane i dotterselskapa, men fått avslag, fortel han vidare.

Ein av desse er Steffen Kvamme, og det er han og dei andre pilotane vi streikar for.

Forhandlingane mellom pilotane og SAS-leiinga i Stockholm held fram no for fullt, men partane har ennå ikkje blitt samde.

Vi meiner at dette er brot på regelen i arbeidslivet, brot på den avtalte retten om å få jobben tilbake, og ein trussel mot den skandinaviske modellen, avsluttar Wasland.

– Er frustrerande

Kvamme fekk avslag då han søkte på dotterselskapet SAS Link fordi han har feil flysertifikat.

I Link brukar dei flytypen Embraer, medan Kvamme har sertifikat på Boeing 737.

Steffen Kvamme

Steffen Kvamme fekk beskjed om å ta vare på uniforma og ID-kortet etter han vart sagt opp i SAS.

Foto: Privat

– Det er frustrerande. Eg er relativt ung, og då er det færre moglegheiter, så når du får avslag, er det frustrerande, seier han og legg til:

– Iallfall når du får beskjed om å søkje på din eigen jobb, også få svar om at du ikkje er kvalifisert.

– Fleire søkjarar enn det er ledige stillingar

– SAS har starta å tilsetje igjen etter ein pandemi som kosta 5000 SAS-kollegaer jobben, seier pressesjef i SAS Tonje Sund og legg til:

– Dette er dyktige tilsette frå mange område av selskapet – der pilotane er den einaste gruppa med fem års rett til å få tilbake jobben i selskapet dei kom frå,

Det førebels er 114 pilotar som er tilbake i SAS Scandinavia, ifølgje Sund.

– Etter kvart som det blir fleire ledige stillingar her, vil ein kunne nytte seg av denne retten.

Nokre pilotar har også valt å søkje seg til SAS Connect eller SAS Link, og fleire frå SAS Scandinavia har fått jobb der, ifølgje Sund.

– Det har så langt vore fleire søkjarar enn det er ledige stillingar i desse to selskapa og vi har førebels ikkje kunna tilby alle jobb.

Tonje Sund, pressekontakt i SAS

Pressesjef i SAS Tonje Sund seier at selskapet har byrja å tilsetje igjen etter pandemien.

Foto: Vilde Helljesen

– Akkurat no kjempar SAS for å overleve, men målet er naturlegvis å skape eit sterkt SAS for framtida, slik at endå fleire kan komme tilbake til selskapet – både på pilotsida og på andre område i selskapet, seier ho.

På bytinga av flytype forklarar pressesjefen at det er pålagd med nye kurs for å gå frå ein flytype til ein annan, og at SAS som arbeidsgivar tek kostnaden ved kursa.

– Vidare vil vi understreke at SAS-tilsette i Skandinavia, i alle dei tre selskapa, skal halde fram med å ha skandinaviske avtalar med gode skandinaviske vilkår – slik det også er i dag, avsluttar ho.

I ein tidlegare versjon av saka stod det at det hadde kosta Steffen Kvamme 300000 kroner å få opplæring på den andre flytypen. Det stemmer ikkje, og NRK har derfor tatt det vekk. Det stod også at dei to dotterselskapa til SAS blei starta etter at pilotane mista jobben. Det riktige er at dei blei starta etter at avtalen om at dei har rett til å bli tilsett på ny blei gjort. Det er no endra.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger