Hopp til innhold

Statssekretæren til Anundsen: – Eg veit ikkje kva som står i brevet

Afghanistan åtvarar Noreg om at fleire tvangsreturar av barnefamiliar vil få alvorlege konsekvensar for retursamarbeidet. Statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) seier han ikkje veit kva som står i brevet frå afghanske styresmakter.

Afghanistan åtvarer Noreg om at fleire tvangsreturar av barnefamiliar vil få alvorlege konsekvensar for retursamarbeidet. Statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) seier han ikkje veit kva som står i brevet frå afghanske styresmakter.

VIDEO: Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Jøran Kallmyr, var gjest i Politisk kvarter i dag, og måtte svare for oppslaget til Bergens Tidende og Aftenposten.

– Eg har kun sett ei faksimile av brevet i Aftenposten i dag, og brevet står på afghansk. Eg veit ikkje kva som står i dette brevet, seier Kallmyr.

Statssekretæren i Justis- og beredskapsdepartementet var gjest i Politisk kvarter i dag, og måtte svare for oppslaget til Bergens Tidende og Aftenposten. Dei har fått tilgang til eit protestbrev frå afghanske styresmakter, som trugar med å stenge grensa slik at Noreg ikkje kan returnere barnefamiliar til landet.

NRK har tidlegare søkt om innsyn i brevet frå afghanske styresmakter, men departementet har avslått. Dei skriv at dei ikkje vil gi innsyn fordi det er «påkrevet av hensyn til Norges utenrikspolitiske interesser».

KrF: – Det er ganske alvorleg

Justisminister Anders Anundsen (Frp) sa i Stortinget før jul at «det opna seg returmoglegheit» til mellom anna Afghanistan då han forklarte kvifor rekordmange lengeværande asylbarn blei sendt ut av landet i fjor.

Protestbrevet frå afghansk UD til justisministeren har blitt unnateke offentlegheita. Det reagerer nestleiar i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Geir Bekkevold (KrF) på.

– Det er ganske alvorleg visst det er slik at ein har tvangsreturnert såpass mange menneske, at afghanske styresmakter vil sei opp returavtalen. Då har ein verkeleg kløna det til, seier Bekkvold til NRK.

Han tek atterhald sidan han ikkje har lest brevet, men kun det som står i Bergens Tidende i dag. Han reagerer også på at Kontroll- og konstitusjonskomiteen, som granskar asylbarnsaka, ikkje har blitt informert.

– Kontrollkomiteen burde blitt varsla om dette, etter mitt syn, sidan dei no går så djupt inn i desse sakene, seier Bekkevold.

Leiar for komiteen, Martin Kolberg (Ap), reagerer også på at dei ikkje har blitt informert om den afghanske protesten.

Vil undersøkje saka

Kallmyr seier til NRK at han ikkje kan kommentere dette brevet no.

– Eg må få be om å få litt tid på meg slik at eg kan undersøkje saka. Eg trur også det er best for lyttarane, for då får dei korrekt informasjon. Det er betre det enn at eg skal sitje her og spekulere, sa han i Politisk kvarter.

– Men har du kjent til at afghanske styresmakter har truga med å droppe returavtalen på grunn av alle tvangsreturane?

– Det vi har kjent til og det vi har opplyst til Stortinget er at det har vore vanskar med å returnere folk til Afghanistan. Det var også grunnen til at vi i lang tid ikkje uttransporterte personar til Afghanistan, og i alle fall ikkje bornefamilar, svarar han og legg til:

– Men det opna seg eit høve på haustan 2014. Det har vi vore opne om heile tida. Det er informasjon som har vore framme lenge.

AKTUELT NÅ