Statsråden sa unnskyld, men Frp peikar på Nav-sjefen

Opposisjonen er kritisk til statsråd Anniken Hauglies handtering av trygdeskandalen. I Stortinget i dag sa både Hauglie og statsministeren unnskyld til alle som er råka. Men Frp meiner det er Nav-direktøren, ikkje ministeren, som må gå.

En av de som hørte på redegjørelsen i dag var Rune Halseth. Han satt i fengsel i fire måneder, feilaktig dømt for trygdebedrageri. Han er ikke fornøyd med svarene som kom i stortinget i dag.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie ber om unnskyldning til dei som er ramma av trygdeskandalen.

– Vi ber om unnskydning, sa arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) frå talarstolen på Stortinget då ho forklarte seg om trygdeskandalen.

– Unnskyld, repeterte statsminister Erna Solberg i Stortingets vandrehall etterpå.

Startar gransking

– Alt skal fram i lyset og urett skal rettast opp, varsla Hauglie (H) då ho på Stortinget i dag beklaga til dei som er råka av Nav-feila. Ho hadde sjølv bede om å få forklare seg for Stortinget om korleis trygdeskandalen kunne oppstå.

Minst 48 personar kan ha blitt feilaktig dømt for trygdesvindel, og rundt 2400 saker kan vere feilbehandla.

Dermed kan over 2000 personar ha blitt tvungne til å betale tilbake pengar dei hadde rett på.

Hauglie understreka til Stortinget at tala er foreløpige, og at arbeids- og velferdsdirektoratet heller ikkje har oversikt over kor mange som har fått urettmessig avslag på søknad om trygdeytingar.

Hauglie sa til Stortinget at ho set ned eit eksternt granskingsutval som skal sørge for å finne fakta og årsaka til at skandalen ikkje vart avdekka tidlegare.

Kvifor gjekk ikkje alarmen?

På Stortinget meiner fleire at statsrådens eiga handtering av Nav-saka også må undersøkast grundig.

– Då dei fekk det første varselet frå Nav i november 2018 om at praksis kunne vere lovstridig burde alarmen gått i departementet, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

SV-leiar Audun Lysbakken sit igjen med to store spørsmål.

– Kvifor tok det så langt tid for Nav å slå alarm etter at trygderetten byrja å stille spørsmål ved Navs tolking av lova? Og kvifor det tok så lang tid frå departementet fekk beskjed i desember i fjor til saka kom til offentlegheita og Stortinget i oktober i fjor?

Feil praksis av EUs trygdeforordning

Ei oversikt over brev og møter mellom Arbeids- og sosialdepartementet og Nav i forbindelse med trygdeskandalen.

  • 27. november 2018
    Blir orientert

    Nav gir Arbeids- og sosialdepartementet ei foreløpig orientering om brevet Trygderetten sende 19. november om feil praktisering av EUs trygdeforordning.

  • 18. desember 2018
    Saker sett på vent

    Alle klagesaker om fleire korte opphald i EØS-området blir sette på vent medan ein prøver å forstå regelverket.

  • 20. desember 2018
    Brev frå Nav

    Departementet blir formelt orientert om at Trygderetten vurderer å sende spørsmål om korleis Nav praktiserer artikkel 21 i EUs trygdeforordning til EFTA-domstolen.

  • 18. januar 2019
    Møte mellom Nav og departementet

    Nav orienterer Arbeids- og sosialdepartementet om saka i eit møte.

  • 24. januar 2019
    Brevveksling mellom Nav og departementet

    Arbeids- og sosialdepartementet sender eit brev til Nav der dei ber direktoratet gjer greie for praksisen til etaten og vurdere om forståinga av artikkel 21 er i tråd med forordninga. Same dag sender Nav eit brev til departementet der dei skriv at dei vil gjere endringar i korleis dei tolkar artikkel 21 i framtida.

  • 22. februar 2019
    Uformell kontakt

    Arbeids- og sosialdepartementet sender ein e-post til Nav for å orientere om at det kjem eit brev i mars.

  • 25. februar 2019
    Set saker på vent

    Den delen av Nav som jobbar med å avdekke og anmelde trygdesvindel seier at dei set saker med nordmenn som har vore på korte opphald i EØS-området på vent.

  • 5. mars 2019
    Departementet sender brev

    Arbeids- og sosialdepartementet sender eit brev til Nav der dei gir tilslutning til den nye praksisen som går ut på at ein ikkje skal stanse eller avslå støtte når nordmenn er midlertidig i eit anna EØS-land.

  • 14. mars 2019
    Ny praksis

    Dei tilsette i Nav får beskjed om den nye praksisen, og blir bedne om å setje saker der støtte blir kravd tilbake på vent.

  • 23. april 2019
    Siste politimelding

    Nav sender den siste politimeldinga om trygdesvindel basert på gammal praksis til påtalemakta. Denne blei kjent for Arbeids- og sosialdepartementet først 25. oktober 2019.

  • 21. juni 2019
    Brev frå Nav

    Nav sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet om korleis dei har endra praksis for ulike typar støtte.

  • 30. august 2019
    E-post frå Nav

    Nav sender ein e-post til Arbeids- og sosialdepartementet der dei orienterer om at feiltolkinga kan omfatte fleire saker enn det ein har trudd tidlegare. I den interne gjennomgangen i Nav kjem det fram at artikkel 21 heller ikkje har vore vurdert ved lengre midlertidige opphald i andre EØS-land.

  • 2. september 2019
    Nav ber om møte

    I ein e-post frå Nav skriv dei at dei treng eit møte med Arbeids- og sosialdepartementet. Departementet får for første gong vite at folk kan ha sona i fengsel på grunn av feil praksis av regelverket.

  • 13. september 2019
    Møte mellom Nav og departementet

    Nav orienterer Arbeids- og sosialdepartementet om status i saka. Men dei var framleis usikker på om lova var brukt feil, og seier dei vil be påtalemakta om pågåande saker lbir sett på vent.

  • 16. september 2019
    Siste rettssak

    Den siste saka som er basert den gamle tolkinga av lova går for retten.

  • 17. - 19. september 2019
    Brev til politiet

    Nav sender brev til alle politidistrikta der dei ber om at saker som er melde, men der det ikkje er teke ut tiltale, blir sette på vent.

  • 26. september 2019
    Kontakt med Riksadvokaten

    Nav har ein uformell kontakt med Riksadvokatembetet om saka. Riksadvokaten får det formelle varselet om feilen i oktober.

  • 18. - 25. oktober 2019
    Møter mellom Nav og departementet

    Mellom 18. og 25. oktober har Nav og Arbeids- og sosialdepartementet tre møter for å få ei avklaring på korleis lovverket skal tolkast. På det siste møtet deltek Nav-direktør Sigrid Vågeng og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

  • 27. oktober 2019
    Brev frå Nav

    I eit brev Nav har sendt til Arbeids- og sosialdepartementet konkluderer dei med at tidelegare lovtolking av forordninga ikkje har vore rett, uavhengig av lengda på opphaldet.

  • 28. oktober 2019
    Brev frå Trygderetten

    Trygderetten sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet der dei gjer greie for sakene dei har behandla etter at forordninga blei sett i kraft i 2012.

  • 29. oktober 2019
    Brev frå departementet

    Arbeids- og sosialdepartementet sender brev til Nav der dei orienterer om korleis dei skal følge opp saka for å rette opp i dei feila som er gjort.

  • 4. november 2019
    Brev frå ESA

    ESA sender eit brev til Arbeids- og sosialdepartementet der dei ber om ei utgreiing av tolkinga av artikkel 21 i EUs trygdeforordning, og korleis denne er praktisert.

  • 5. november 2019
    Stortinget blir orientert

    Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie orienterer Stortinget om trygdeskandalen. Ho varslar også ei ekstern gransking av det som har skjedd.

Frp peikar på Nav-leiinga

Men regjeringa sin fremste talsmann i trygdesaker i Stortinget, Erlend Wiborg (Frp), meiner saka først og fremst dreier seg om elendig handtering frå Navs side.

Nav-skandalen
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Frå Stortingets talarstol gjekk leiaren i arbeids- og sosialkomiteen til angrep på Nav-leiinga:

– Nav skreiv 30. august eit brev til departementet der dei seier at «vi som utgangspunkt ikkje er forplikta til på eige initiativ å gjenfinne saker vi ikkje har konkret kunnskap om». At Nav skriv slikt når vi har fått ein sånn skandale, gjer at vi må stille spørsmål ved om Navs noverande leiing er dei rette til å leie Nav no i det viktige opprydningsarbeidet som er i gang parallelt med granskinga.

Til NRK er Wiborg krystallklar på kva han meiner om Nav-direktør Sigrun Vågeng:

– Eg meiner delar av leiinga i Nav bør skiftast ut. Det brevet er ein grov forsøming frå Nav.

Hauglies plikt

Senterpartiets stortingsveteran Per Olaf Lundteigen vil ikkje la saka berre handle om kva Nav gjorde eller ei. Han er svært kritisk til at ikkje arbeids- og sosialminister Hauglie har kome til Stortinget med opplysningar om feilaktige dommar for lenge sidan.

– Er det slik at ein statsråd må få informasjon? Er det ikkje slik at ho har plikt til å halde seg orientert om det som skjer innanfor hennar område? spør Lundteigen retorisk.

– Når trygderetten seier Nav tek feil, så må det då blinke nokre varsellamper hos embetsverket og hos den politiske leiinga i departementet. Dette er for lettvint, slår han fast.

Skandale

Då Hauglie forklarte seg for Stortinget vedgjekk ho i det minste at heile saka er ille.

– Eg har omtalt dette som ein skandale frå første dag, og det står eg ved, sa arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie på talarstolen i Stortinget.

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie forklarar seg om trygdeskandalen til Stortinget.

Ho understreka at det mest alvorlege er sakene der folk har fått feilaktige dommar.

– På vegne av regjeringa vil eg be dei menneska det gjeld og familiane deira om unnskyldning for det dei har vore utsett for. Staten skal gjere opp for seg, sa Hauglie frå landets viktigaste talarstol.

Vanskeleg å rette opp

Etter at Hauglie hadde forklart seg for Stortinget, repeterte statsminister Erna Solberg bodskapen i vandrehallen:

– Vi må først og fremst bruke denne moglegheita til å seie unnskyld til samtlige av dei som no opplever å ha blitt møtt med eit urettmessig krav - både om tilbakebetaling og i dei verste falla fengsling - for å ha gjort feil i forhold til vårt lovverk som viste seg å vere ei feiltolking.

Nav-skandalen

Statsminister Erna Solberg var til stades i Stortinget saman med statsråd Anniken Hauglie då ho forklarte seg om Nav-skandalen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

– Eg har forståing for at det er ekstremt vanskeleg når du blir stempla som kriminell, som trygdesvindlar, når du faktisk hadde retten på di side.

– Det klarer vi nok ikkje å rette fullt opp i uansett kor mykje erstatning og ordningar vi har.

– Betal tilbake!

Ap-leiar Jonas Gahr Støre kravde at det må kome handling umiddelbart. Han gjekk på talarstolen etter Hauglie.

– Det første som må skje og det må skje utan forseinking, er at Nav betalar tilbake dei pengane som er urettmessig inndratt. Dei som er urettmessig dømt og fråtatt pengar kan ikkje vente på granskringar, utgreiingar, byråkrati og lange politiske prosessar. Sjuke, ofte sårbare, menneske skal få oppreising, sa Støre.

– Det andre som må skje er at domstolane raskt må frifinne dei som er feilaktig dømt. Vi må gje fri rettshjelp til dei som er råka.

SISTE NYTT

Siste meldinger