Statsministeren: – Sandberg braut reglane

– Det er heilt spesielt at denne saka måtte til for å få på plass ei forståing av det å vere statsråd, seier stortingsrepresentant Terje Aasland (Ap).

Muntlig spørretime i Stortinget

I eit svar til stortingsrepresentant Terje Aasland (Ap) skriv Erna Solberg (H) at Sandberg braut regelverket etter ferieturen sin til Iran.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Statsminister Erna Solberg (H) gir Per Sandberg (Frp) offentleg irettesetjing fordi han ikkje følgde rutinane som statsråd under reisa til Iran.

Det kjem fram i eit skriftleg svar til stortingsrepresentant Terje Aasland (Ap) måndag ettermiddag.

– Per Sandberg har ikkje følgt sikkerheitsråd og rutinar for bruk av mobiltelefon og varsling av reise, skriv Solberg til stortingsrepresentant Terje Aasland.

Solberg har tidlegare denne månaden uttalt at Sandberg braut regelverket. No kjem ho med ei offentleg irettesetjing av Sandberg.

– Tar sikkerheit på alvor

I Aasland sitt brev til statsministeren ønskjer han mellom anna svar på kva slags «vurderinger og tiltak som ble gjort eller burde vært gjort før, under eller etter den omtalte reisen».

– Denne regjeringa tar sikkerheit på alvor. Vi har etablerte system og rutinar for å vareta sikkerheit, skriv Solberg.

Per Sandberg og Bahareh Letnes i Iran

Per Sandberg har fått sterk kritikk etter at han drog på ferie til Iran saman med sin norsk-iranske kjæraste Bahare Letnes.

Foto: Privat / Instagram

Solberg skriv vidare at dei vart varsla om reisa 24. juli, som var etter at han var kome til Iran. I Handbok for politisk leiing skulle Statsministerens kontor blitt varsla før Sandberg reiste, noko som i dette tilfellet ikkje blei følgt.

Solberg skriv vidare at Sandberg er klar over at han har gjort feil og at han har tatt lærdom av dette.

– Ein statsråd er alltid statsråd og eg forventar at sikkerheitsråd og gjeldande rutinar følgjast uansett.

Overraska over tilliten Sandberg får av statsministeren

Terje Aasland (Ap) fortel til NRK at han umiddelbart er overraska over at statsministeren framleis vil ha tillit til Per Sandberg.

Aasland meiner at svaret frå Solberg syner at Sandberg bevisst har brote råda frå sikkerheitsmyndigheitene.

– Takka vere media veit vi òg at det har skjedd fleire gonger. Det er alvorleg.

Terje Lien Aasland, Arbeidarpartiet, Ap Stortinget

Terje Aasland (Ap) er overraska over at statsministeren framleis har tillit til Per Sandberg.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Det er heilt spesielt at denne saka måtte til for å få på plass ei forståing av det å vere statsråd, seier Aasland.

På spørsmål om Arbeidarpartiet kjem til å stille mistillitsforslag i Stortinget, svarer Aasland at det er noko dei må ta til vidare oppfølging internt.

SISTE NYTT

Siste meldinger