Hopp til innhold

Staten bryt språklova: – Det er rett og slett frykteleg dårleg

Nesten ingen sentrale statsorgan oppfyller krava i regelverket om veksling mellom nynorsk og bokmål, viser ny rapport.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås

IKKJE NØGD: Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, seier at staten ikkje løyser oppdraget med å nytta både bokmål og nynorsk.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Staten bryt lova.

Det kjem fram i ein rykande fersk rapport frå Språkrådet .

Her har dei har sett på korleis departementa og dei underliggjande statsorgana etterlever reglane om veksling mellom nynorsk og bokmål.

Rapport om språk

LOVBROT: Berre Medietilsynet oppfyller alle krava i regelverket.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– Det me ser i denne rapporten er at staten på ingen måte løyser det lovpålagde oppdraget sitt med å bruka både bokmål og nynorsk i den fordelinga som dei minimum skal gjera, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

– Det er rett og slett frykteleg dårleg, seier ho.

Bryt med lova og politikken

Regelverket er klinkane klart.

Det krev at sentrale statsorgan skal veksla mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg materiale slik at ingen av skriftspråka er representerte med mindre enn 25 prosent.

Det krev også at alle skjema og digitale sjølvbetente løysingar skal vera tilgjengelege på begge språk.

Åse Westås med rapport om språkbruken i staten.

– Frykteleg dårleg, seier Åse Wetås om funna i rapporten.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

– På punkt etter punkt ser me at språkvekslinga ikkje er god nok og at Stortinget sin vedtekne politikk, altså å særleg styrkja nynorsk som det minst brukte skriftspråket, ikkje blir tatt omsyn til.

Rapporten byggjer på data frå heile 15 departement, Statsministerens kontor og 161 statsorgan.

Berre Medietilsynet oppfyller alle krava i regelverket.

– Denne rapporten er eit sørgjeleg bilete på ein stat som ikkje er i stand til å følgja norske lover og følgja staten sine eigne språkpolitiske ambisjonar, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.

Peder Lofnes Hauge

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, seier at konsekvensane for nynorsken er uheldige.

Foto: Elise Årdal

– Det er alvorleg nok i seg sjølv, men får ekstra uheldige følgjer for nynorsken som det minst brukte av dei to skriftspråka, legg han til.

Lovar å følgja opp

Sjølv Kultur- og likestillingsdepartementet, som har eit særskilt ansvar for språket vårt, bryt lova.

– Det er på ingen måte godt nok, seier Wetås.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) hadde ikkje høve til å stilla til intervju, men skriv i ein e-post til NRK at departementet har ei medviten haldning til bruk av bokmål og nynorsk.

Kvart departement har også det overordna ansvaret for språkarbeidet i sin sektor. Trettebergstuen seier ho vil følgja opp dialogen med departementet sine underliggjande verksemder.

Portrett kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen seier at å sikra bruk av begge språka er ein viktig del av språkpolitikken.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– I tildelingsbreva for 2023 vil eg minna dei om krava i språklova og be dei setja i gang eit systematisk arbeid for å forankra språkarbeidet i verksemda, seier ho.

Også Justis- og beredskapsdepartementet, som blant anna har ansvaret for lover og reglar, har gått tilbake på fleire av målepunkta til Språkrådet.

– Diverre er Justis- og beredskapsdepartementet ganske langt frå å fylla denne lova. Det er eit veldig dårleg signal til resten av staten, seier Wetås.

Justis- og beredskapsdepartementet hadde heller ikkje høve til å svara på spørsmål frå NRK.

– Eit leiaransvar

Direktøren i Språkrådet meiner det er eit leiaransvar å rekruttera den kompetansen som ein treng.

– Dette må ein jobba systematisk og strukturert med. Det me som er på jobb i staten må hugsa på, er at me er på jobb for innbyggjarane våre. Det viktigaste me kan gjera, er å følgja dei politiske vedtaka, dei politiske prioriteringane, og dei lovene som Stortinget har vedteke, seier ho.

Mållagsleiaren er samd.

– Eg trur det viktigaste me kan gjera for at neste års lesing skal bli lystigare, er at dei ulike statsrådane strammar seg opp og strammar opp sitt eige embetsverk. Det kan ikkje vera så vanskeleg å oppfylle mållovsreglane i den nye språklova, seier han.

PS: NRK, som også har krav om at 25 prosent av innhaldet skal vera på nynorsk, har berre klart det to gonger.

Les også NRK greidde nynorskkravet i 2021: – Det skulle berre mangla

Arianrhod Engebø

AKTUELT NÅ