NRK Meny
Normal

Stans i bygging av ny USA-ambassade etter opprivande konflikt

Ei stor og pågåande konflikt om bygginga av den nye amerikanske ambassaden på Huseby i Oslo, har ført til truslar om rettssak og at 130 arbeidarar er permitterte.

Det var liten aktivitet på den nye ambassadetomta på Huseby i Oslo då NRK var innom. 130 tilsette er permittert etter at det har oppstått konflikt.

STANS: Det var liten aktivitet på den nye ambassadetomta på Huseby i Oslo då NRK var innom. 130 tilsette er permitterte etter at det har oppstått konflikt.

Bygginga av prestisjebygget på Huseby i Oslo blei sett på vent fordi det oppstod konflikt mellom hovudentreprenør Walsh Global LLC og betongentreprenør SN Bygg.

Ambassadebygget skal etter planen stå ferdig våren 2015, men etter det NRK forstår er bygginga allereie forseinka. Og no når arbeidet stoppa opp, kan ein rekne med ytterlegare forseinkingar.

Fastlåst situasjon

NRK er kjent med at SN Bygg varsla hovudentreprenør Walsh Global den 15. februar om at dei ville stanse byggearbeidet grunna manglande betaling og fordi dei meiner bygginga av det nye ambassadebygget er kraftig forseinka.

Byggestans - USAs ambassade i Oslo

RETTSSAK: Konflikta har gått så langt at det no blir truga med rettssak.

Foto: Simon Solheim / NRK

Forseinkinga skal ha ført til at SN Bygg sitt etterfølgjande arbeid har blitt flytta på, og skal dermed også ha ført til store meirkostnader for verksemda. På den andre sida skuldar Walsh Global på SN Bygg for kontraktsbrot og etter det NRK får opplyst har Walsh Global heva kontrakta med SN Bygg. Situasjonen skal vere fullstendig fastlåst.

SN Bygg skal, etter det NRK erfarer, ha stevna Walsh Global for retten med krav om eit større millionbeløp. Ifølgje nettsidene til SN Bygg har kontrakta deira ein verdi på 162 millionar norske kroner.

I ei pressemelding frå 2012 opplyste ambassaden at bygginga av den nye ambassaden ville føre med seg kontraktar til ein verdi av 100 millionar dollar, noko som den gong tilsvarte over ein halv milliard kroner.

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar Frode Flom i SN Bygg, men han ønskjer ikkje å kommentere saka fordi det er knytt teieplikt til kontrakta mellom dei og Walsh Global.

I NRKs Nyheitssenter får du fortløpande nyheitsoppdateringar

130 permitterte arbeidarar

SN Bygg hadde, etter det NRK er kjent med, 130 arbeidstakarar på prosjektet, men alle desse er no permitterte grunna konflikta som har oppstått.

NRK har vore i kontakt med Fellesforbundet, sidan fleire av dei SN Bygg-tilsette er fagorganisert der. Dei stadfestar permitteringar, men sentralt i forbundet kjenner dei ikkje detaljane i konflikta. NRK har ikkje lukkast med å kome i kontakt med lokal tillitsvalgt i SN Bygg.

Mange verksemder er involverte i bygginga av den nye amerikanske ambassaden, som har leiren til Hans Majestets Kongens Garde som nær nabo, på Huseby i Oslo. Etter det NRK er kjent med skulle SN Bygg ha vore ferdige med sitt arbeid hausten 2013, men forseinkingar i fleire ledd skal ha ført til at dei ikkje har fått starta på sine oppgåver til riktig tid.

NRK har vore i kontakt med hovudentreprenør Walsh Global LLC, som har hovudkontor i Chicago, men dei vil ikkje kommentere konflikta. Dei skriv følgjande i ein e-post:

Thank you for your email. We have no comment on this ongoing negotiation.

Mary Ann Stewart, New American Embassy, Oslo, Walsh Global, LLC

Artikkelen held fram under biletet

Nye USA-ambassaden

NY AMBASSADE: Den nye amerikanske ambassaden skal etter planen stå klar våren 2015, men kan no bli ytterlegare forseinka grunna den pågåande konflikta.

Foto: Simon Solheim / NRK

Hastar med å flytte grunna terrorfare

Det er ikkje første gong det oppstår konflikt rundt bygginga av den nye ambassaden på Huseby i Oslo. Bygginga starta i 2012 etter to år med forseinkingar, rettssaker og klager.

Første spadetak vart teke av ambassadør Barry White 14. mai 2012, og på nettsidene til den amerikanske ambassaden vart det den gongen skrive at dette er ein «viktig milepæl i den lange prosessen med å bygge en ny amerikansk ambassade».

Ambassaden har tidlegare uttalt at det hastar med å flytte til nye lokaler, grunna tryggleikssituasjonen. Grunngjevinga for å flytte ambassaden bort frå sentrum er frykt for terroråtak.

NRK har vore i kontakt med den amerikanske ambassaden i Oslo som seier dei forventar at ambassaden blir ferdig etter planen. Dei vil ikkje kommentere konflikta mellom SN Bygg og Walsh Global. Presseoffiser Kim Dubois skriv følgjande i ein e-post til NRKs journalist:

We anticipate the completion of the new American Embassy in 2015. As a general practice, we do not comment on any ongoing negotiations.”

Kim Dubois, Public Affairs Officer, U.S. Embassy, Oslo

Etter at konflikta oppstod har Walsh Global henta inn eit nytt selskap, etter det NRK kjenner til. Portugisiske Zucotec skal ha teke over oppgåvene som SN Bygg hadde, og arbeidet skal difor ha starta opp igjen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger