NRK Meny
Normal

Kom seg til Utøya med identiteten til politikvinne

Anders Behring Breivik stal identitetsnummeret til ei politikvinne med minoritetsbakgrunn på internett. Det falske tenestebeviset skulle sikra han båtskyss over til Utøya.

MS Thorbjørn

Ferja MS Thorbjørn frakta Anders Behring Breivik over til Utøya etter at han hadde presentert seg som politimann.

Foto: Bendiksby, Terje / Scanpix

Anders Behring Breivik

Anders Behring Breivik i den heimelaga politiuniformen - like etter at han hadde drepe 69 ungdommar på Utøya.

Kledd i heimelaga politiuniform og med falsk politi-identitet blei Anders Behring Breivik skyssa over til frå Utvika på fastlandet til Utøya med ferja MS Thorbjørn ettermiddagen den 22.juli.

Til passasjerane og mannskapet om bord på ferja, sa den politiuniformerte terroristen at han hadde fått i oppdrag å sjekka tryggleiken på øya, og at dette var rein rutine i samband med bombeåtaket i Regjeringskvartalet i Oslo tidlegare på dagen.

På den falske politi-legitimasjonen var det bilete av Breivik, men det obligatoriske tenestenummeret hadde han stole frå ein kvinneleg politibetjent, ifølgje opplysningar som NRK kjenner til.

– Printa ut politi-ID i Praha

Det var tilfeldig at han valde å kopiera nummeret til nettopp denne politikvinna, opplyser Breivik i eit politiavhøyr der han forklarar seg om korleis han gjekk fram for å laga ID-kortet.

Massedrapsmannen har gått møysommeleg til verks for å laga ein så truverdig politiidentitet som mogleg. Alle norske politifolk har ei ID-brikke med tenestenummer, ein detalj som Breivik var obs på.

Han fortel at det var svært vanskeleg å finna brukande bilete på internett som lét seg manipulera til eit overbevisande kort., men at han til slutt fann eit bilete av ei politikvinne med nummeret på uniformen som han brukte.

NRK har vore i kontakt med politikvinna, som ikkje ønskjer å kommentera saka av omsyn til etterforskinga.

Terroristen brukte mykje tid på å få kortet til å sjå ekte ut, og skal blant anna ha «konfrontert politifolk» for å få informasjon om dette. Han tok mål på kor store korta var, fargenyansar og fekk ID-kortet printa ut på A4-ark i den tsjekkiske hovudstaden Praha.

I dagboka i manifestet skriv Breivik at han i august 2010 reiste til Praha med mål om å skaffa våpen og utstyr til åtaka.

Granska politiuniformen

Breiviks såkalte manifest

I det såkalla manifestet sitt skriv Breivik om kor nyttig ein falsk politiuniform vil bli under åtaka.

Foto: HO / Reuters

Tenestebeviset er berre ein av fleire falske politieffektar som Breivik laga i forkant av 22.juli.

Bileta av Breivik like etter arrestasjonen, som NRK publiserte i går, viser Breivik i ein heimelaga uniform med ID-kortet framleis hengande rundt halsen og falske politimerker med borrelås på overarmane.

Til politiet har Breivik forklart at han brukte mykje tid på å finna korrekte mål av «sjakkrutene» på bukseleggar og handledd og av våpenskjoldet

I det såkalla manifestet sitt skriv massedrapsmannen at for å lukkast med operasjonen er det viktig å kle seg i ein nøyaktig kopi av ein polituniform, og at denne må ha truverdige tenesteteikn, ID-kort og andre merker:

«Dette vil skapa forvirring og nøling når du møter på fiendar, og kjøper deg ett til to ekstra sekund (..) Politi-illusjonen vil også hindra potensielle sivile søksmål».

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger