Hopp til innhold

Stadig fleire søkjer om å få returnere til heimlandet

Talet på asylsøkjarar som søkte om hjelp til å returnere til heimlandet auka med 30 prosent i august, samanlikna med same tid i fjor.

UDI kampanje busser

Informasjonskampanjen som Utlendingsdirektoratet lanserte for å informere om regelendringa. På denne har nokon skrive «gi barnefamiliane pengane tilbake».

Foto: Ida Louise Rostad / NRK

Asylsøkjarar med endeleg avslag på søknaden om opphald i Noreg får normalt ein frist på tre veker på å forlate landet.

I samband med det kan dei søkje om økonomisk stønad til å reise heim og starte på nytt, sokalla assistert retur.

Katinka Hartmann

Katinka Hartmann er leiar av retureininga i Utlendingsdirektoratet, ho seier fleire søkjer om assistert retur.

Foto: Nora Lie / UDI

Fleire søker om retur

– Det siste året har talet på assisterte returar gått ned. Men vi ser at denne trenden snudde då endringane vart gjort kjent, særleg i slutten av august, seier leiar av retureininga i Utlendingsdirektoratet, Katinka Hartmann.

Frå 1. september vart reglane stramma inn, særleg for dei som søkte etter at dei formelt skulle ha vore ute av landet.

– Hovudessensen i det er at det skal vere større forskjell i kva du kan få i returstøtte dersom du søker før utreisefristen, enn om ein søker etter at returfristen har gått ut, seier Hartmann.

Kan tape 110 000 kroner

Til dømes kan ein familie med tre born no få kutta stønaden frå 130 000 kroner til 20 000 kroner dersom dei ventar til etter fristen med å søke.

Det var Justisdepartementet som endra reglane, og statssekretær Jøran Kallmyr håper at fleire med avslag på opphald i Noreg vil reise frivillig.

Statssekretær Jøran Kallmyr om tvangsutsendelse til Afghanistan

Statssekretær Jøran Kallmyr synest trenden er positiv.

Foto: David Vojislav Krekling / NRK

– Vi ser at vi har brote ein fallande trend, det har vore færre og færre som har søkt om frivillig retur. Vi ønskjer at flest mogleg skal ta i bruk dette, for alternativet er at vi må bruke masse politiressursar på å tvangsreturnere dei. Då er det betre at familien får med seg ein pengesum tilbake til heimlandet, seier han.

– Dei rekkjer ikkje å ta inn over seg avslaget

Generalsekretær i Norsk Organisasjon for Asylsøkere, Ann-Magrit Austenå meiner det i utgangspunktet er bra at fleire får med seg økonomisk støtte på heimreisa.

Men ho seier det er eit problem at mange ikkje forstår at dei har fått endeleg avslag, før utreisefristen har gått ut.

Ann-Magrit Austenå

Ann-Magrit Austenå seier at asylsøkjarane ikkje rekkjer å ta inn over seg avslaget før returfristen er over.

Foto: Siv Sandvik

– Dei kjem ikkje i gong med tanken om at det ikkje er noko framtid for dei i Noreg før fristen har gått ut.

Austenå meiner at med ei avkorting så vil asylsøkjarane heller ikkje etter fristen ha nokon sjanse å få pengar med seg.

– Har dei då sett seg i gjeld eller opplever at familien dei returnerer til står i gjeld på grunn av reisa deira, så er det vanskeleg for dei å returnere, seier ho.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger