Hopp til innhold

SSB: Omikron skapar uvisse for økonomien

Omikron skapar usikkerheit for norsk økonomi, legg SSB fram i ny rapport. I verste fall kan virusvarianten kosta staten 60 milliardar kroner.

Forsker Thomas von Brasch presenterte konjunkturtendensene for Norge under en pressekonferanse hos Statistisk sentralbyrå (SSB) i Oslo torsdag.

Forskar Thomas von Brasch presenterer konjunkturtendensane for Noreg under ein pressekonferanse hjå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

SSB har i dag lagt fram prognosar for både norsk og internasjonal for norsk økonomi for dei neste åra.

Framover er det venta at den økonomiske veksten held fram, men at det vil gå føre seg i eit lågare tempo enn dei siste månadane.

– Med gjenopninga av samfunnet har det vore ein enorm vekst i norsk økonomi. Vi står overfor eit taktskifte som dels er skulda av omikron, og dei tiltaka som blei sette i verk i går, men også at vi kapasitetsmessig nærare oss eit tak, seier forskar Thomas von Brasch til NRK.

I verste fall, om omikron viser seg å skapa store utfordringar, anslår SSB at det kan kosta den norske staten 60 milliardar kroner.

Straumprisar påverkar

Noregs Bank har også rentemøte rett rundt hjørne. Thomas von Brasch trur det blir renteauke, men meiner at Noregs Bank vil gå sakte fram, og følgja utviklinga i smitte både i Noreg og internasjonalt.

I tillegg skriv forskarane bak rapporten at høg og stigande inflasjon i viktige industriland kan medføra auka renter.

SSB-forskaren seier også at straumprisane påverkar økonomien.

– Høge straumprisar går utover folk flest, men det går også utover verksemder i frontfaget. Skulle dei høge straumprisane vare, så vil det også leggja ein dempar på lønnsveksten dei neste åra, seier von Brasch.

SSB peikar også på vekst i internasjonale økonomiar. Men i likskap med Noreg er omikron-varianten og eventuelle behov for tiltak ein joker.

Reallønna, altså det som er igjen av lønnsslippen etter at prisstiginga er tatt frå, er forventa uendra i år.

Lågare arbeidsløyse

I rapporten står det at AKU-ledigheita, som er måten SSB måler arbeidsløyse på, i sommar var lågare enn gjennomsnittet mellom 2000 og 2019.

– Arbeidsløysa har kome ned på eit nivå frå før pandemien og mange verksemder opererer no på nær full kapasitet. Det gjer at vi ventar ein mykje meir moderat vekst i åra som kjem, seier von Brasch.

For 2021 ser SSB føre seg at arbeidsløysa i gjennomsnitt vil bli 4,6 prosent, for å deretter falla til 3,7 prosent i 2022, og liggja under 4 prosent i 2023 og 2024.

I rapporten legg forskarane også fram nasjonalrekneskapen for førre kvartal. Sterk vekst i fastlandsøkonomien er i stor grad skulda av at tenestenæringane, som hotell- og utelivsbransjen, igjen fekk driva som dei gjorde før pandemien.

Kraftig prisvekst på olje- og gass

Forskarane peikar også på prisvekst på varer som olje- og gass, trevarer og elektrisitet som ein faktor som bidreg til vekst i Noreg.

Det siste kvartalet har vore prega av skyhøge prisar på olje- og gass, sjølv om blant anna omikron-frykt har ført oljeprisen ned den siste tida.

Og volumet i utvinning av råolje og naturgass, inkludert tenester vaks om lag 10 prosent i kvartalet, som rakk opp samla BNP 1,5 prosentpoeng.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger