Hopp til innhold

SSB tilbyr Frp tala dei vil ha - men vil ha betalt

Statistisk sentralbyrå (SSB) krev 230.000 kroner av Framstegspartiet for å skaffe fram dei tala partiet ynskjer om innvandring og kriminalitet.

Intervjuer med Nesvik og Hægeland

VIDEO: Krangel om pris på forsking.

Parlamentarisk leder i Frp, Harald Tom Nesvik, seier at partiet ikkje har råd til å betale det SSB krev. Han stiller spørsmål om kvifor selskapet som har ansvaret for å skaffe fram viktig statistikk, har sett prisen så høgt at dei ikkje får tilgang til tala.

I januar i år bad stortingsgruppa til Frp SSB om å få tal som kunne seie noko om kriminalitet og bakgrunn, men då fekk dei blankt nei . Toppsjefen i SSB, Christine Meyer, sa då at dei ikkje hadde kapasitet.

– SSB har ei plikt

No har partiet fått beskjed om at dei kan få tala dei er ute etter, men at det vil koste 233.000 kroner. Dette kan ikkje partiet betale, seier Nesvik, og han meiner at SSB har ei plikt til å skaffe fram viktig informasjon som er viktig for politikarane som skal meisle ut den framtidige politikken på dette feltet.

– Det verste ein kan gjere er å prøve å skjule tal. Vi må vere opne om dette, slik at vi kan jobbe ut frå fakta. Får vi fakta på plass, då kan vi lage ein betre politikk, seier Nesvik til NRK.

Han viser til at det danske motstykket til SSB kvart år lagar nettopp lagar ein slik statistikk som Framstegspartiet spør etter her i landet. I Danmark viser deg seg at det er høgare kriminalitet blant andregenerasjons innvandrarar enn blant førstegenerasjons innvandrarar, og at det er viktig å finne ut om dette også er tilfelle i Noreg.

– Enkle tabellar

– Vi har bede om enkle tabellar, og vi har ikkje behov for eit så stort forskingsprosjekt som det SSB tilbyr, seier Nesvik.

Forskingsdirektør Torbjørn Hægeland i SSB seier at oppdraget dei har skissert til Framstegspartiet er prisa ut frå den tida det tek å gjennomføre det. Det er ikkje snakk om å tene pengar på oppdraget, seier han, og forsikrar om at det er basert på sjølvkost.

Han avviser at det er ei politisk avgjerd å ikkje gi Framstegspartiet dei tala vil ha, utan at dei betalar dyrt for det.

– Ein påstand om at dette er politisk, er heilt urimeleg. Vi har over lang tid produsert analysar om desse temaa, seinast i 2011, og det kjem til å skje igjen, seier Hægeland.

Han fortel at SSB har eit prosjekt gåande som kjem inn på området Frp har etterspurt, men at partiet har ynskt å få ut desse tala før planlagt. Det er grunnen til at dei må betale for ekstrakostnadene.

Grande: – Skummelt at statsministeren bagatelliserer forskning

AKTUELT NÅ