Hopp til innhold

SSB-sjefen må i enda eit møte med finansministeren

SSB-bråket: Finansminister Siv Jensen kjem ikkje med nokon reaksjon overfor SSB-sjef Christine Meyer, som må møte igjen på Jensen sitt kontor fredag. Sigbjørn Gjelsvik (Sp) anklagar Jensen for å sitte i «teselskap» med Meyer.

Christine Meyer

NYE MØTER: SSB-sjef Christine Meyer må i enda eit møte med finansminister Siv Jensen (Frp) etter støyen rundt omorganisering og anklagingar om politisk styring av SSB.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

I dag var SSB-sjef Christine Meyer for andre gong på to veker kalla inn til møte på finansminister Siv Jensen sitt kontor.

SSB-sjef Christine Meyer ankommer finansdepartementet.

FORBI PRESSA: SSB-sjef Christine Meyer hasta inn i møtet hos Finansdepartementet og sneik seg ut ein bakveg, utan å snakke med pressa.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Jensen har tidlegare bedt om ei forklaring på prosessen for omorganisering i SSB. Det har blant anna vekt reaksjonar at 25 forskarar har fått beskjed om omplassering i byrået. I mellomtida sette SSB omorganiseringa på vent.

Finansministeren seier ho har kalla inn Meyer til eit nytt møte fredag.

– Så håper eg at vi i løpet av kort tid vert ferdig med denne saken.

SSB vil ikkje stille til intervju i dag, men skriv i ein e-post at dei saman med finansministeren har diskutert tiltak for å skape ro rundt omorganiseringsprosessen.

Siv Jensen om Christine Meyer

– Kor lenge skal finansministeren sitje i «teselskap»?

I spørjetimen på Stortinget i dag konfronterte Senterpartiet sin finanspolitiske talsperson, Sigbjørn Gjelsvik, finansministeren med spørsmål om ho framleis har tillit til SSB-leiinga og kor lang tid prosessen vil ta.

Sigbjørn Gjelsvik

UTOLMODIG: Sigbjørn Gjelsvik (Sp) kalla møtene mellom finansministeren og SSB-sjefen for teselskap. Han etterlyser ein reaksjon.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Gjelsvik meiner tre møter uten nokon reaksjon vitnar om mangel på tiltakskraft, og kalla møtene mellom finansministeren og SSB-sjefen for «teselskap».

Jensen reagerer på formuleringa, og seier ho tek arbeidet svært alvorleg.

– Leiinga i SSB har sett i gang eit arbeid for å modernisere byrået, med omorgansieringar som har skapt reaksjonar. På mandag vart eg orientert om dette arbeidet, i dagens møte har Meyer lagt fram eit forslag som eg vil bruke noko tid på å setje meg inn i. Derfor har vi avtalt eit nytt møte fredag, svarer Jensen.

Skuldingar om politisk styring av SSB

Frps innvandringspolitiske talsmann Jon Helgheim gjekk tidlegare langt i å antyde at Meyer sin politiske ståstad farga statistikken byrået produserer.

Han viste til at Meyer i 2015, like før finansministeren tilsette ho som SSB-direktør, sa ho var villig til å gå i demonstrasjonstog for framleis innvandring til Norge. I tillegg har ho vore kritisk til SSB sitt såkalla innvandringsrekneskap.

– Så langt unna realiteten som det kan vere, var responsen frå Meyer.

Også Senterpartiets Liv Signe Navarsete har vore ute og bedt finansministeren rydde opp for å behalde tilliten til byrået.

Finansdepartementet er oppdragsgjevar

Det er Finansdepartementet, Siv Jensen sitt departement, som avgjer overordna mål, prioriteringar, resultatkrav og andre styringssignal for Statistisk sentralbyrå, samt tildeler midlar over statsbudsjettet.

I tildelingsbrevet for 2017 skriv departementet at «SSB står overfor et omfattende moderniseringsbehov» og ramsar opp ei liste med forventningar om blant anna auka produktivitet, satsing på digitalisering og forsking på eit høgt internasjonalt nivå. Her nemner dei også omorganisering som eit eksempel på verkemiddel.

Modernisering og digitalisering har også vore Meyer si forklaring på omorganiseringa ho har sett i gang. Men fleire har reagert på at Meyer byrjar arbeidet før regjeringa sitt Statistikklovutval har kome med anbefalingar.

AKTUELT NÅ