Hopp til innhold

Spurte 140.000 norske ungdommar om pandemien - svaret overraska forskarane

Tenåringane har det like bra no, som før koronapandemien, viser ei stor undersøking. Men midt under nedstenginga sleit mange unge i motbakke.

Sofie Thorsnes, Jennie Winther, Stine Skau og Ella Fredriksen på tur til Oslo. Dei fortel om kvardagen under korona.

Sofie Thorsnes, Jennie Winther, Stine Skau og Ella Fredriksen gler seg til å starte på vidaregåande skule, men håper skulestarten blir fri for koronarestriksjonar.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

– Det er kjipt å vere ungdom når det er pandemi. For det er den tida her du skal reise rundt, bli kjent med mange nye. Og det er kjipt å miste moglegheita til å bli kjent med mange nye, seier Sofie Thorsnes.

Ho og tre av venninnene frå Skien er på tur til hovudstaden, for å sjekke ut kva Oslo har å by på. For eit år sidan kunne dei ikkje reist inn til Oslo, og det var berre ein av mange kjekke aktivitetar dei har vore hindre frå å gjere gjennom halvanna år med pandemi.

Sofie Thorsnes, Jennie Winther, Stine Skau og Ella Fredriksen på tur til Oslo. Dei fortel om kvardagen under korona.

Sofie Thorsnes, Jennie Winther, Stine Skau og Ella Fredriksen måtte legge fritidsaktivitetar på hylla over lengre tid då pandemien slo til.

Foto: Vegard Tjørhom / NRK

Vanskeleg å komme seg inn i ein gjeng

No er det berre nokre få dagar att til eit nytt skuleår tek til, og jentene håper at alt som heiter koronarestriksjonar er eit tilbakelagd kapittel.

– Du måtte jo berre ha ein eller to nærkontaktar. Det var vanskeleg å forstå at me som er ein gjeng ikkje kunne vere saman heile tida. Det må jo ha vore veldig vanskeleg for dei som er vener med mange ulike. Det er vanskeleg å komme seg inn i ein gjeng, om ein ikkje har ein bestevenn, seier Jennie Winther.

Dei startar i første klasse på vidaregåande skule, og dermed er det mange nye folk å helse på. Då passar det ekstra dårleg med pandemi.

140.000 norske ungdommar har svart på ei stor undersøking om korleis dei har det, og korleis dei har hatt det under pandemien.

Rundt ein fjerdedel av dei som svarte syntest at pandemien påverka dei i stor grad negativt.

Forskarane bak rapporten hadde venta at mange opplevde pandemien som krevjande, men dei vart overraska over at tala ikkje var endå meir alvorlege.

Då dei spurte om pandemien også hadde påverka livet positivt, så vart dei ekstra overraska.

Forskarane vart overraska

Rapporten «Ungdata 2021» vert lansert i dag, og viser mellom anna at mangelen på vener og fritidsaktivitetar var det som var det vanskelegaste for mange unge.

Rundt 30 prosent fortel at dei under pandemien var meir ulukkelege, triste og deprimerte enn normalt. Og desse kjenslene var sterkast blant jenter.

Men om ein samanliknar tala i Ungdata 2021 med liknande Ungdata-undersøkingar som er gjort før pandemien kom til landet, så tyder mykje på at norsk ungdom ikkje har teke varig skade av pandemien.

– Dei aller fleste ungdom ser ut til å ha takla denne pandemien bra, seier Anders Bakken som er ansvarleg for undersøkinga og sosiolog ved OsloMet.

– Så det går an å summere opp med at ungdommane seier at det har vore kjipt, men det går likevel bra?

Anders Bakken

Anders Bakken leiar Ungdata-undersøkinga, der 140.000 skuleelevar har svart på korleis dei har det.

Foto: OsloMet

– Det har både vore kjipt og bra for mange ungdommar. Men så har det også vore store variasjonar. Det har vore mykje vanskelegare for nokon, og mindre vanskeleg for andre.

– Hadde de venta at resultata skulle vere meir negative?

– Me hadde venta at mange syntest at pandemien var utfordrande, men me er positivt overraska over at såpass mange synest at det er positive sider ved pandemien, seier Bakken.

Kraftig auke i skjermbruk

På spørsmål om skule, lokalmiljø, forhold til foreldre og vennskap er tala ganske like gjennom pandemien.

Men tala i undersøkinga viser også tydeleg at ein del ungdom trente meir åleine under pandemien enn kva dei gjorde tidlegare. At langt færre har snakka med ein helsesjukepleiar det siste året. Og at rusbruken har gått litt ned, spesielt blant russen.

Det er også klare utslag på bruk av skjerm. Skjermtida har gått sakte men sikkert oppover dei siste åra, men under pandemien tok skjermbruken eit solid hopp.

Kanskje ikkje så rart, sidan ein god del ungdom har blitt tvungne til meir skjermbruk både i skuletida og fritida.

Skoler stengt

Dei fleste norske elevar har hatt heimeskule dei siste 18 månadane. Nokre meir enn andre. Skjermtida har auka kraftig blant unge under pandemien.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Håper på vaksine til 16-åringar også

Dei fire jentene frå Skien håper at skulane blir verande opne framover, men dei merker framleis på ein usikkerheit så lenge dei ikkje har fått ein vaksine.

– Vi håper jo på å få vaksine. Me er berre 16, men håper i alle fall at alle elevar på videregåande får vaksine, og at ikkje berre det eldste trinnet får det, seier Jennie Winther.

Dei fire jentene meiner at vaksine betyr mindre bekymring for kva som kjem i nær framtid, men også meir fridom til å kunne reise til utlandet.

AKTUELT NÅ