Hopp til innhold

Sporvegssjefen lykkeleg utan anbod: – Vi går ikkje i beina på kvarandre

Sporveien i Oslo eiger og gjer all jobben sjølv. Sjefen meiner konkurranse ikkje er svaret på å drive kostnadseffektivt.

Sporvegssjef Cato Hellesjø

Sporvegssjef Cato Hellesjø meiner konkurransane kostar meir enn dei smakar.

Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRK

Sporvegssjef Cato Hellesjø har gått om bord i ein av dei 87 splitter nye trikkane som skal bidra til at Sporveien klarer å frakte over ein kvart milliard passasjerar årleg.

Men om trikkane er nye – så er måten Sporveien er organisert på gammal. Frå vedlikehald av skjener, trikkar og T-banar og vognførarane, alle som gjer jobben er tilsett i Sporveien.

Dei er nesten ein raritet. For trenden dei siste 20 åra innan samferdsel har vore å splitte opp offentlege verksemder i ulike selskap, som har ansvaret for sin del og som konkurrerer om oppdrag.

Argumenta for å konkurranseutsetje har ofte vore at det vil gje kundane eit betre og billigare tilbod. Nokon meiner også at staten sparar på å bruke fleire private selskap framfor eit offentleg.

Jernbanemonopolet til NSB var definitvt over i 2017. Norsk jernbane er i dag splitta i over 20 ulike selskap og etatar.

Men Hellesjø ser ein stor fordel ved å ha alle under «eitt tak»

Vi går ikkje i beina på kvarandre. Vi har ansvar for infrastruktur, vedlikehald. Vi eig materiellet sjølv. Vi held ved like det og vi har førarane, seier Hellesjø.

Ny trikk Oslo ny

Dei nye trikkane er på plass i Oslo.

Foto: Nadir Alam / NRK

Du meiner det er ein god ting å sleppe konkurranse?

Ja, for det tek òg fokus. Og i den grad vi kan fokusere berre på å drive kvalitativt, sikker og effektiv kollektivtrafikk kvar dag, så får vi alle kreftene til å gå i ei retning og då blir vi sterke.

Misunneleg på Sporveien

Men Hellesjø og Sporveien kjenner òg godt til korleis konkurranse fungerer.

Dei gamle sporvegsbussane som vart omdøypte til Unibuss då busskjøring i Oslo og Akershus skulle konkurranseutsetjast må kjempe om kontraktar.

For dei tilsette er det tøffare.

Ja, eg kan seie, eg er misunneleg på Sporveien. For dei har det betre enn oss, seier bussjåfør i Unibuss Miljan Zdravkovic.

Han understrekar at han ikkje rettar skytset mot arbeidsgivar Unibuss, men konkurranseregimet som han meiner pressar fram stressande arbeidsdagar.

Bussjåfør i Unibuss Miljan Zdravkovic

Bussjåfør i Unibuss Miljan Zdravkovic er misunneleg på Sporveien.

Foto: Camilla Alexandra Lie / NRK

Dei eg jobbar for, det er Unibuss som eg er veldig glad i, seier han.

Viss eit anna selskap vinn det anbodet der du køyrer, blir du tilsette i det nye selskapet?

Ja, det blir eg.

Så det er same folka, berre nye sjefar?

Ja, berre ny leiing.

Kvifor skal det bli så mykje betre?

Det må du nesten spørje dei som driv med administrasjon om, seier Zdravkovic

Ingen planar om å endre

Bestillerselskapet Ruter arrangerer konkurransane og har ansvar for billettsystemet.

Ruter, som skal sørgje for kostnadseffektiv bussdrift i Oslo og Akershus brukte sjølv ein milliard kroner i 2020, utan å køyre ei einaste bussrute.

Ruter ønskte søndag ikkje å stille til intervju, men viser til Oslo kommune.

NRK har gjennom søndagen bede om intervju med byråd for miljø- og samferdsel i Oslo Sirin Hellvin Stav frå MDG.

Byråden har ikkje late seg intervjue, men har sendt ein e-post:

Dagens organisering av kollektivtilbodet i Oslo og tidlegare Akershus har vore og er svært vellykka. Det er ingen andre byar i Noreg som har like stor del av befolkninga som reiser kollektivt. Dagens modell med eit felleseid selskap har brei politisk støtte i Oslo og Viken, og vi har ingen planar om å endre på dette.

Inspirert minister

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) har allereie vore på besøk hos Sporveien. Han er meir positiv enn kommunen.

Eg meiner det er mogleg å hente ut effektivitet på andre måtar enn å konkurranseutsetje. Og det meiner eg døma frå Sporveien viser.

Jon-Ivar Nygård, samferdselsminister (Ap).

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) er inspirert av sporveien-modellen.

Foto: Ali Iqbal Thair / NRK

– Eg synest det er mykje spennande å hente frå det Sporveiene har gjennomført og at det kan vere inspirerande for oss når vi skal sjå på korleis vi skal organisere jernbanesektoren, seier Nygård.

Sporvegssjef Cato Hellesjø meiner konkurransane kostar meir enn dei smakar. Han har sjølv erfaring frå private bedrifter før han kom til Sporveien.

Det er jo dei same trikkeførarane som køyrer uansett. Eg trur veldig på å gjere ting innanfor den strukturen vi har. Det kostar alltid pengar å kontrollere og det er mykje enklare å gjere tinga riktig første gong, seier Hellesjø.

AKTUELT NÅ