Hopp til innhold

Splid i bompengepartiet i Oslo: – Nokon må svelge ein kamel

Interne konfliktar skapar kaos i lokallaget til Folkeaksjonen nei til meir bompengar i Oslo. Denne gjengen er i strid med partigrunnleggar Frode Myrhol i Stavanger.

FNB Oslo stand på Karl Johan

Potensielle veljarar snakkar med FNB Oslo stand på Karl Johan I midten Jan Eriksen. F.v. er det FNB-arane May Britt Lundvold, Tage Scwach, Odd Nikolai Wilman, Jan Eriksen, og Thomas Bestorp.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

– Eg skulle ønske konflikten var løyst for lenge sidan, seier Jan Eriksen og deler ut valbrosjyrar.

For forbipasserande ser det ut som at det er Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) som har valstand på Karl Johans gate. Og slik vil også Eriksen hevde at det er. Han er styreleiar i FNB Oslo.

Men grunnleggar av FNB og sjølvutnemnd partileiar, Frode Myrhol, som held til i Stavanger, meiner at denne gjengen ikkje lenger har noko med bompengepartiet å gjere.

Frode Myrhol

Frode Myrhol grunnla partiet i 2014.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Han meiner dei ikkje har rett til å nytte partinamn og logo, og at dei ikkje lenger er lokallaget til FNB i Oslo.

– Eg ser ikkje på Jan Eriksen som styreleiar i FNB Oslo, og styret han leiar har ikkje noko å gjere med FNB sentralt, seier Myrhol.

Korleis kan det ha seg?

Stridens kjerne

Medan regjeringspartia i sommar har krangla og funne saman att om bompengar, har ein heilt annan konflikt gått føre seg i sjølvaste bompengepartiets lokallag i Oslo. Dette har vore omtala av fleire medium, mellom anna Stavanger Aftenblad.

Dei er mellom anna usamde om følgjande:

  • Kor vidt partigrunnleggar Frode Myrhol i Stavanger kan kalle seg partileiar. Han er ikkje valt til det av eit landsmøte.
  • Korleis ein skal registrere medlemar og hente inn kontingentar. Lokallaget i Oslo nektar å sende over lister til partiet sentralt. Myrhol nektar å sende dei medlemskontingent samla inn sentralt.
  • Kva vedtekter som ligg til grunn for lokallaga, og om dei hindrar lokallaget i å sende over medlemslistene. Eriksen meiner at desse må bli endra på eit landsmøte, som partiet enno ikkje har hatt. Myrhol meiner at lokallaget har laga vedtektene sjølve, og at det eigentleg ikkje er noko som kan hindre dei å sende over listene.

Eriksen seier det handlar om meir enn dette, men at han vil komme tilbake til det i ei pressemelding om kort tid.

– Det er ikkje du som er litt strikt på å halde vedtektene og dermed er vanskeleg og vrang?

– På ingen måte. FNB Oslo blei stifta av personar som ønska å rydde sløsing og kameraderi. Om vi skal ta tak i det i Oslo kommune, må vi ha ryggrad nok til å rydde opp i eige parti, seier Eriksen.

Jan Eriksen i FNB Oslo

Jan Eriksen på stand for FNB Oslo.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Forsøkte å løyse konflikten

1. august møttest partane på Røa vest i Oslo for å ordne opp, men det resulterte i ti dagar med forsøk på mekling, utan noka løysing.

Lokallaget foreslo å utvide dagens styre på tre personar med to personar til, valt av både lokale og sentralt innmelde medlemar, opplyser dei til NRK. Lokallaget skal likevel ha avslått å framskunde ei generalforsamling der dette kunne blitt gjort, ifølgje ei pressemelding sendt ut for ei veke sidan av Myrhol og styreleiar i FNB, Morten Malmin.

Lokallaget ville framleis ikkje sende over medlemslistene.

Dermed fekk partiet sentralt nok, og oppmoda listetoppane i Oslo til å starte eit nytt lokallag. Dei tre listetoppane Bjørn Revil, Cecilie Lyngby og Danny Chaudry, og 6.-kandidat Britt Fossum er med i det nye laget.

Samstundes står altså medlemmar i det gamle lokallaget og andre listekandidatar og driv valkamp for listetoppane på Karl Johan.

– Situasjonen er litt vanskeleg, men av omsyn til veljarar og valkampen, ønsker vi å ha merksemda på sakene, seier Eriksen.

Han seier han har vore open for dialog heile tida og imøtekomande overfor den andre parten.

– Frode Myrhol har ikkje svara på e-postar frå meg sidan møtet 1. august, seier han.

FNB-kandidat: – Nokon må jenke seg

– Partane må snakke ansikt til ansikt og rydde opp. Nokon må svelgje ein kamel og jenke seg, så vi får ei løysing, seier Cecilie Lyngby, andrekandidat for FNB Oslo.

Cecilie Lyngby i FNB Oslo

Cecilie Lyngby er andrekandidat på vallista til i FNB Oslo.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Dei er alle samde om politikken, det er det administrative det no er strid om, påpeikar ho.

Lyngby understrekar at dei som listetoppar ikkje er part i konflikten.

– Vi har aldri hatt mandat til å løyse konflikten. Eg sit ikkje med medlemslista. For meg er det viktigaste dei politiske sakene.

Ho seier ho har ein god dialog med både Myrhol og Eriksen.

– Men eg forstår det ikkje heilt. Eg ønskjer at dei sender over medlemslistene, slik at det løyser seg.

No håper ho at partane skal finne ut av det, slik at dei to lokallaga kan slå seg saman att.

– Konflikten er veldig trist, eg såg det ikkje komme, seier Lyngby.

Cecilie Lyngby i FNB Oslo

For Cecilie Lyngby i FNB Oslo er det eit hyggeleg avbrekk frå valkampen å lufte hunden.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Myrhol: – Saka er avslutta

Partigrunnleggar Myrhol er glad for at Lyngby har vore med på å få i gang eit nytt lokallag i Oslo.

– Dei andre har ikkje meld seg inn på vanleg måte i partiet. Eg har sendt det gamle lokallaget brev om at dei ikkje kan bruke logoen vår. For oss er saka avslutta, seier Myrhol i ein kort kommentar til NRK.

I pressemeldinga frå han og Morten Malmin, avviser dei at nye vedtekter må bli laga før medlemslistene kan bli delt med partiet.

– Dette er vedtekter dei sjølve har laga og som ikkje er vedtekne på nokon generalforsamling der medlemane har vore representert. Ingen politiske parti i Noreg ville akseptert at eit lokallag ikkje vil gi frå seg medlemslistene til partiets organisasjon, skriv dei.

Det nye lokallaget vart stifta for å «følge opp lokale medlemar, listekandidatar og dei som vil bli valt inn i kommunestyret».

Nedover på meiningsmåling

FNB-arane håper ikkje konflikten påverkar valoppslutninga nemneverdig, men det kan vere indikasjonar på det.

I Norstats siste meiningsmåling for Oslo får FNB 6,3 prosents oppslutning og fire plassar i bystyret. Det er ned 1,6 prosentpoeng frå juni-målinga, der bompartiet fekk fem bystyreplassar.

Fordelen med at konflikten kjem så tett opp mot valet, er at fristen for å stille med vallister er ute for lengst. Dermed har veljarane berre ei liste å halde seg til, og kan gi personstemmer til dei på lista ein er mest samd med.

Jan Eriksen, Oslo FNB

Jan Eriksen, styreleiar i FNB Oslo stand på Karl Johan. I bakgrunnen f.v. May Britt Lundvold, Thomas Bestorp og Paulina Kirani Weridity.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

AKTUELT NÅ