Hopp til innhold

Opnar opp att innsamlinga for «Bamsegutt»: – Ein stor lette for han

Etter å ha sett innsamlinga på pause, blir spleisen no opna opp att.

«Ingen elsker Bamsegutt»

FJERNA: Serien «Ingen elsker Bamsegutt» er mellombels fjerna frå NRKs nettspelar.

Serien «Ingen elsker Bamsegutt» har fått kritikk etter at det blei kjent at hovudpersonen i serien blei dømt for seksuelle overgrep mot fleire born i 1991.

Denne dommen er ikkje teke med i seien.

NRK har beklaga for dette og trekte serien frå nettspelaren.

Les også NRK trekker «Bamsegutt»-dokumentar midlertidig

Blei sett på vent

Seien handlar om Jan Egil Granfoss, ein utfør mann i 60-åra, som flytta til Filippinane for ti år sidan og som no ynskjer å koma heim att.

Etter serien blei publisert sist onsdag, blei det oppretta ein Spleis. Innsamlinga blei sett på vent laurdag då dommen blei kjend.

Kommunikasjonssjef i Spleis, Tone Mesna, skriv i ein e-post til NRK måndag at dei har gjort ei totalvurdering av saka.

Der landa dei på å opna innsamlinga «Hjelp Bamsegutt med familie hjem» igjen.

– Avgjerda er tatt etter god dialog med både innsamlar og Granfoss' advokat. Vi har bede innsamlar om å oppdatera spleisen, slik at dei som ynskjer å gi har den informasjonen dei treng, seier Mesna.

Mesna seier at innsamlinga har over 16.000 givarar. Innsamlinga er dermed den tredje største i Spleis sin historie. Over 3,8 millionar kroner er samla inn.

Spleis opplyser at dei også jobbar med å få på plass ei sjølvbetent løysing slik at givarar som ynskjer det kan få pengane sine tilbake.

– Ein lette

– Det er ein stor lette for han og familien at spleisen er opna igjen, seier Granfoss sin advokat Leif Strøm til NRK.

Advokaten har tidlegare sagt at Granfoss ynskte at dommen skulle koma fram i lyset i NRK-serien.

– Eg kjende på at dei opplysningane burde kome fram i serien, seier Liv Anne Aanestad Vold som oppretta spleisen.

Ho har vore i dialog med Spleis sidan dommen blei kjent, og saman bestemte dei å setja innsamlinga på pause laurdag.

I dag kom telefonen om at Spleis hadde bestemt seg for å starta innsamlinga igjen.

– Det var veldig flott, seier Aanestad som fortel at ho har fått mange meldingar frå folk som ynskte at spleisen skulle starta opp att då dei ville hjelpa familien til Noreg.

Ho seier også at der er folk som har tatt kontakt for å få pengane tilbake.

– Det respekterer vi, og det blir gjort, seier ho.

Liv Anne Aanestad Vold

Liv Anne Aanestad Vold starta spleisen som no har over 3,8 millionar kroner.

Foto: Privat

PFU har teke imot klage

PFU har teke imot ein klage på NRK-dokumentaren.

– Klagen er under vurdering, men me kan ikkje seia noko før klagegrunnlaget er vurdert og ei eventuell igangsetjing er avgjort, seier rådgivar Arild Kveldstad i PFU til NRK.

Klagen blei først omtalt av Nettavisen søndag. Måndag stadfesta PFU-rådgivar Tormod Utne til VG at dei hadde mottatt klagen.

Pressen faglege utval (PFU) er eit klageorgan for norsk presse. Utvalet skal fremja etisk standard i bransjen og arbeider ut frå Ver Varsam-plakaten.

I tillegg til PFU-klagen, har NRK-seien også mottatt 124 klager til Kringkastingsrådet, melder Dagbladet.

Dokumentarserien «Ingen elsker Bamsegutt» er laga av programavdelinga i NRK Trøndelag. Nyheitsdivisjonen jobbar journalistisk uavhengig med nyheitsdekkinga av denne saka.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger