Sjef Jan Egil Presthus for Spesialeininga seier no at han vil be etterforskingsavdelinga vurdere saka, skriv VG.
– Då vil det vere opp til etterforskingsavdelinga å vurdere om det er behov for å hente inn ytterlegare opplysningar, der ein tar stilling til om dette er noko som skal etterforskast eller ikkje, seier Presthus.
Den vurderinga vil ifølgje Presthus tidlegast skje torsdag morgon.
Seier det var ein venneteneste
Overfor VG kallar Sjøvold, som tidlegare var politimeister i Oslo, saka som ein «rein venneteneste». Han tok vare på to handvåpen over fleire år utan løyve til det.
– Enka kom til meg og lurte på om eg kunne ta vare på dei våpena, og det gjorde eg. Og så vart dei nok liggande ein periode. Så vart det våpenamnesti og då fekk eg levert dei inn, seier Sjøvold.
Sjøvold opplyser at han fekk våpena etter dødsfallet til ein mann i Vestfold i 2008 og at både han og den avdøde var medlemmer av Odd Fellow-losjen. Første våpenamnesti etter dette var våren 2017, og det betyr i så fall ifølgje VG at våpena kan ha vorte tatt vare på ulovleg i nærare ni år.
– Dette vart handtert som ein rein venneteneste. Desse våpena var lovleg låste ned og vart liggande heilt til amnestiet kom. Det var eigentleg det som skjedde, seier Sjøvold, som opplyser at det kan ha dreidd seg om to-tre finkalibera våpen.