Hopp til innhold

Spesialeininga for politisaker etterforskar ikkje kritikk-avhøyr

Spesialeininga for politisaker ser førebels ingen grunn til å etterforske Stavanger-politiet etter kritisert avhøyr av 15-åring. – Slike saker blir forelda etter to år, seier etterforskingsleiar.

Avhørsrom på barnehuset i Stavanger

Politiet i Stavanger manipulerte og pressa «Lars» (15) til å tilstå seksuelle handlingar mot ein lagkamerat. Det er konklusjonen til Asbjørn Rachlew, som er landets fremste avhøyrsekspert.

Foto: Anders Fehn / NRK

Politiavhøyret som 15 år gamle «Lars» blei utsett for 28. august 2014, og arbeidet til påtalemakta, har fått mykje kritikk. I Brennpunkt fortalde avhøyrsekspert Asbjørn Rachlew, som har doktorgrad i justisfeil, at avhøyret var ulovleg og i strid med grunnleggjande menneskerettar.

15-åringen blei avhøyrd utan foreldre og utan forsvarar, og Rachlew sin konklusjon er at guten blei tvinga til å tilstå noko retten seinare frikjente han for. Rachlew var sakkunig på oppdrag frå Stavanger tingrett.

– Vi har så langt ikkje funne grunn til, med bakgrunn i det som har kome fram i dokumentaren, å starte etterforsking av saka på eige initiativ, seier Ellen Eikeseth Mjøs, leiar for etterforskingsavdeling Vest-Norge i Spesialeininga for politisaker.

Ingen har meldt politiet

Spesialeininga for politisaker si oppgåve er å etterforske tilsette i politi og påtalemakta i saker som omhandlar lovbrot som er gjort i tenesta.

Ellen Eikeset Mjøs i retten

Ellen Eikeseth Mjøs, leiar for etterforskingsavdeling Vest-Norge i Spesialeininga for politisaker.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Mjøs seier til NRK at dei ikkje ser nokon grunn til å starte etterforsking av politiet.

– Vi har heller ikkje motteke nokon melding frå nokon av dei involverte partane i saka. Det har også vore profesjonelle aktørar involvert, men vi har heller ikkje fått nokon melding frå dei, seier Mjøs.

Etterforskingsleiaren seier at deira jobb er å ta stilling til om det er gjort straffbare handlingar i tenesta.

– Vår jobb er ikkje å vurdere om noko er kritikkverdig, seier Mjøs.

Sjølv om politiet gjer noko kritikkverdig, så treng det ikkje å vere straffbart, forklarer ho.

– Saker som handlar om tenestefeil i politiet, blir forelda etter to år. Utgangspunktet er då at ein ikkje kan straffast i slike saker dersom det har gått to år sidan det skjedde, seier Mjøs.

Det har gått over to år sidan avhøyret fann stad, men Mjøs seier at dei vil sjå på saka dersom nokon av partane melder den.

– Dersom vi får ei melding, vil vi gjere undersøkingar med sikte på å kartleggje om dette er ei sak som skal etterforskast eller ikkje, seier ho vidare.

Forsvarar: – Han vil gå vidare i livet

Inger Marie Sunde er forsvarar for den unge guten. Ho seier han ikkje har hatt fokus på at denne saka skal føre til straffansvar for politimannen som avhøyrde han.

– Det viktigaste for min klient er at dette beviset aldri skulle blitt brukt, og at saka burde blitt lagt bort før den kom til retten. Det viktige for min klient er at politiet og påtalemakt tek lærdom, ikkje at dei blir straffa, seier Sunde til NRK.

Kvifor?

– Det hadde vore ei belastning for min klient å måtte gå gjennom ein slik prosess, som også ville ha ført til at han måtte avhøyrast på nytt. Han vil gå vidare i livet, seier Sunde.

Brennpunkt er med inn i avhøyrsrommet når politiet i Oslo etterforskar eit nytt drap. Går drapsetterforskarane feil fram kan det øydeleggje saka. Norske avhøyrsmetodar vekkjer internasjonal merksemd, men framleis skjer det grove feil i norske avhøyrsrom.

Sjå heile dokumentaren her.

Asbjørn Rachlew

Rachlew, som var sakkunnig for Stavanger tingrett, konkluderte med at avhøyret var ulovleg.

AKTUELT NÅ