Hopp til innhold

– Køyr etter forholda, ta det med ro

Regn som frys på bakken og uvêr fører til svært vanskelege køyreforhold mange stader i landet. I nord ber politiet folk revurdere om dei treng å køyre langt.

Flere gir opp og forlater bilene sine, ekstremt glatte veier, her fra Jernverksvegen i Skien 1. januar 2022

FOR GLATT: Bilar står forlatne i vegkanten i Jernverksvegen i Skien der vegbana er ekstremt glatt laurdag kveld.

Foto: Theo Aasland Valen / Theo Aasland Valen

Søndag er den store utfartsdagen etter nyttårshelga, men glatte vegar og uvêr skapar utfordringar fleire stadar i landet.

På føremiddagen blei ein buss med 22 personar teken av vinden og velta på sida i grøfta i Hadsel sør i Vesterålen.

Det er «ufyseleg» vêr på staden, ifølgje politiet.

Nok ein buss er teken av vinden på fylkesveg 81 på Hamarøy og velta ut på eit jorde.

Politiet i Nordland og i Troms ber folk om å ta forholdsreglar.

– Både når det gjeld lause gjenstandar og om det er naudsynt å leggje ut på lengre køyretur, skriv politidistrikta på Twitter.

Både hurtigbåtar og ferjer er innstilte på grunn av uvêret, og fleire mindre fylkesvegar er stengde i dei nordlegaste fylka grunna snøras og rasfare, ifølgje Statens vegvesen.

Uvær i nord

Særleg Nordland har vore prega av eit solid lågtrykk med mykje vind og snøfall.

Foto: Statens vegvesen

Glatte vegar i vest

I Vestland er entreprenørane ute og strør eller saltar kringom i fylket grunna meldingar om regn som frys på bakken.

Det skjedde søndag morgon på gjennomfartsåra riksveg 5 mellom Mannheller og Fjærland i Sogndal.

– Det er svært glatt, åtvarar Statens vegvesen.

Fylkesveg 613 over Gaularfjellet var stengd for å strøast for å gjere vegen farbar, og blei opna att i 12-tida.

Sette bilen i vegkanten

Same melding om uhyre glatt føre har kome inn frå fleire stader.

I Skien valde folk å setje att bilane langs vegkanten fordi det var uforsvarleg å køyre.

I Agder er det venta mykje trafikk i dag, særleg heim frå fjellet. Det har vore krevjande køyreforhold på fleire strekningar det siste døgnet.

Vegtrafikksentralen Sør oppmodar til å køyre forsiktig i dag og tilpasse seg etter forholda.

Is- og steinras

Det er også meld om mindre steinras, eitt ved Håkleivtunnelen i Askvoll i Vestland, eitt på riksveg 13 ved Suldal og Lovraeide og eit på Hjelmeland i Rogaland.

I tillegg kan det vere fare for isras, ifølge Vegvesenet.

– Det har vore ei aktiv nyttårshelg for dei som jobbar med å halde vegane køyrbare, seier trafikkoperatør John Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen i vest.

– Køyr etter forholda, ta det med ro. Du bør ta ein bremsesjekk og gå over og vaske hjula for å få litt betre feste, seier trafikkoperatør Hans Petter Medalen ved Vegtrafikksentralen i sør.

Stengde vegar grunna uvêr i nord

Men det er slett ikkje berre glatte vegar som skapar utfordringar søndag morgon. Eit lågtrykk fører til dårleg vêr i nord og oransje farevarsel for Nordland og Troms.

  • E6 over Gratangsfjellet vart stengd i 9.30-tida grunna uvêr. Det er no stengd ved Øse, men ope ved Fossbakken.
  • E10 Bjørnfjell i Narvik er stengd.
  • Alle bussane i Lofoten er innstilte grunna glatte vegar og sterk kastevind, for å vareta tryggleiken til passasjerane, ifølgje kollektivselskapet Reis Nordland.

Følgande har vore stengde, men er no opne for trafikk att:

E6 over Saltfjellet, Fv813 Beiarfjellet, E6 over Kvænangsfjellet og ferjestrekninga Bognes-Lødingen i Ofoten.

Været i Norge søndag morgon

Vêrkartet syner lågtrykket som pregar vêret i nord.

Foto: Skjermdump yr.no

– Ikkje gå ut om du ikkje må

– Det er ganske dårlege forhold med ganske dårleg sikt, vi vurderer dette fortløpande, seier trafikkoperatør Fredrik Nyland ved Vegtrafikksentralen for Nord-Noreg.

– Det har kome ein god del snø, men det blir brøyta og tatt hand om i løpet av føremiddagen, seier Nyland.

Lågtrykket vest for Nordland er også på veg til Troms. Det er meldt om vindkast på 27–35 meter i sekundet.

Også Vest-Finnmark vil få ein del vind utover dagen. I 13.30-tida kom Meteorologisk institutt med gult farevarsel på lokalt kraftige vindkast på 25–32 meter i sekundet for området.

– Sikre lause gjenstandar og sjekk status frå transportaktørar, skriv dei på Twitter.

Ein må vere forsiktig. Det er ganske kraftig, bruer blir stengde og båtavgangar blir kansellerte. Det blir snøfokk der mykje laussnø ligg og vil blåse og gi redusert sikt når ein køyrer, seier Magni Svanevik, vakthavande statsmeteorolog, til NRK.

Ikkje gå ut eller køyr bil om du ikkje må, understrekar ho.

Fiskarar let båten ligge i ro

I nord er skreifisket så smått i gong, men fleire båtar på Senja og i Vesterålen har søndag valt å ligge i ro.

Andre båtar som har vore ute og dratt garn søndag morgon, tek med seg garnlenkene på land. Måndag er det meldt høge bølger og orkan i kasta.

Straumbrot grunna vind og snø

Uvêret har ført til fleire straumbrot i Troms. I Fjellbygda i Malangen varte brotet i nesten tre timar. Det har også vore straumbrot på Senja, i Bardu og i Målselv.

Mange montørar er ute, fortel driftsvakt Ann-Wenche Reiertsen i kraftselskapet Arva.

Det er kombinasjonen sterk vind og mykje snø som fører til straumbrota. Vinden er venta å auke utover kvelden og natta.

Telegrafbukta

Telegrafbukta i Tromsø søndag ettermiddag.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger