Kritiserte statsministeren på nettet – vart sparka frå jobben

Anders Ulstein kritiserte Jens Stoltenberg på nettet for måten han handterte terroråtaket i Oslo 22. juli. Nokre veker seinare mista han jobben.

Anders Ulstein

Anders Ulstein måtte gå lenge som arbeidssøkar etter at han mista jobben i Actis. No er han tilsett ved Høgskulen i Ålesund.

Foto: Privat

Ulstein hadde jobba som internasjonal sjef og rådgjevar i den ruspolitiske organisasjonen Actis i ti år, og han hadde aldri fått klagar frå sjefen på arbeidet han utførte.

Dette endra seg brått då Noreg vart råka av terror 22. juli 2011. Kommentarar han hadde skrive på nettet under terroråtaket førte til at han mista jobben.

Ulstein skreiv sjølv om denne saka på Document.no, der han også har lagt ut ut brev frå arbeidsgivaren.

Dei første kommentarane frå Ulstein vart publisert på nettstaden Document.no etter at Jens Stoltenberg uttalte seg om bombeeksplosjonen i Oslo sentrum 22. juli.

Ulstein meinte mellom anna at Stoltenberg viste svakt leiarskap ved å kalle bomba for ei «handling», og ikkje for «terror». Desse kommentarane skal ha blitt publisert før ein visste om massakren på Utøya.

To dagar seinare vart han kontakta av sjefen, generalsekretær i Actis, Anne-Karin Kolstad. Nokre dagar etter dette skreiv ho eit rundskriv om Anders Ulstein på sju sider, adressert til styret og dei tillitsvalde i organisasjonen.

Her kjem det fram at arbeidsgivaren reagerer sterkt på utsegna hans, og det vert stilt spørsmål ved om Ulstein har tillit til å halde fram med arbeidet i organisasjonen.

Redde for Document.no-kopling

Leiinga i organisasjonen er på dette tidspunktet svært redde for å bli kopla til nettstaden Document.no, der det hadde kome fram at terrordømde Anders Behring Breivik ofte hadde uttalt seg.

«(...) det ville bli ytterst skadelig om Actis i media skulle bli koblet til fremmedfiendtlige ytringer og nettstedet document.no. Det ville være en verst tenkelig utvikling for Actis i en ekstremt sensitiv og vanskelig situasjon.»

Ulstein vart med dette løyst frå alle oppgåvene sine i Actis, medan styret skulle behandle saka. Den 31. august får Ulstein eit brev med endeleg oppseiing.

Det kjem fram av saksdokumenta at det er generalsekretær Anne-Karin Kolstad og styreleiar Arne Johannessen som avgjorde saka.

(artikkelen held fram)

Anders Ulsteins innlegg på Document

Anders Ulstein melde frå om saka før helga ved å skrive eit innlegg på nettopp Document.no.

Foto: Faksimile/Document.no

Mista nattesvevnen

– Det var ei ganske skakande oppleving. Noko av det mest spesielle var at det gjekk så fort frå ein situasjon der eg hadde gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Utan forvarsel vart det plutseleg noko suspekt og mindreverdig med meg. Å bli indirekte assosiert med det som skjedde 22. juli var til å miste nattesvevnen av, fortel Anders Ulstein til NRK.no.

Han fortel at det er to grunnar til at han vel å gå ut med historia no, snart to år etter oppseiinga.

– Personleg så er det nok slik at saka vert liggjande som ein verkebyll. Når ein går med dette over tid så tærer det på. For meg er det difor viktig at det vert gjort kjend, seier Ulstein, som understrekar at dette ikkje er meint som ein revansj mot Actis.

– Det andre er at eg meiner det har allmenn interesse for offentlegheita å vete om historia. Dette er ein del av etterspelet til 22. juli som handlar om meir enn berre meg som person. Dette er eit døme som eg meiner er viktig å kaste ljos på.

Ulstein meiner oppseiinga var eit resultat av eit vanskeleg klima for ytringsfridomen i etterspelet av 22. juli. Dette seier han også er grunnen til at han ikkje har ønskt å gå ut med historia før no.

– Det Actis gjorde var ein del av eit klima, ei aggressiv stemning. Det var kanskje det som gjorde dette mest skremmande. Det var noko absurd over det heile, og det trur eg kjem godt fram om ein les saksdokumenta, seier Ulstein.

– Uttrykt seg negativt

Anne-Karin Kolstad

Anne-Karin Kolstad, generalsekretær i Actis, tek ikkje sjølvkritikk for oppseiinga.

Foto: Actis

Generalsekretær i Actis, Anne-Karin Kolstad, seier til NRK.no at det er viktig for ein politisk organisasjonen at dei tilsette er forsiktige med å uttale seg i offentlegheita, og at dette var bakgrunnen for at dei måtte seie opp Ulstein.

– Det er vanskeleg å kommentere personalsaker offentleg. Men det er viktig at Actis, som er ein aktiv politisk aktør, er partipolitisk heilt uavhengige. Me er avhengige av å ha samfunnsengasjerte tilsette, men dei må ha respekt for alle meningsmotstandarar uansett kva dei måtte meine. Med bakgrunn i dette bestemte me oss for å avslutte samarbeidet med Anders Ulstein.

Kolstad meiner dette spesielt gjeld ein organisasjon som dagleg jobbar mot media. Kolstad seier at saka er meir samansett enn det Ulstein gir inntrykk av, men ho vil ikkje gå inn på detaljar av omsyn til teieplikta.

– Ulstein har uttrykt seg negativt om ei rekkje aktørar i det politiske landskapet.

– Kven andre har han uttalt seg negativt om?

– Det ønskjer eg ikkje å kommentere.

Skuldar Ulstein for avtalebrot

Generalsekretæren er likevel klar på kva ho meiner om at Ulstein legg ut korrespondansen på nettet.

Me synest det er svært oppsiktsvekkjande at Anders Ulstein vel å leggje ut interne dokument på nettet. Her bryt han ei avtale som vart inngått.

– Kva slags reglar har de i Actis for dei tilsette om ytringar på nettet?

– Me har ikkje konkrete reglar, men me er inneforstått at me kan ha tilsette som er engasjerte på ulike måtar. Men me har ein regel som seier at me som er i ein posisjon til å uttale oss i media, må ha dette i bakhovudet når me driv med jobbsituasjonen. Og dette skal avtalast me dagleg leiar.

Arne Johannessen

Nyleg avgått leiar i Politiets Fellesforbund, Arne Johannessen er også styreleiar i Actis.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Kor avgjerande for oppseiinga var det at Anders Behring Breivik hadde skrive på same nettstad som Ulstein?

– Det har eg ingen kommentarar til.

– Tar de sjølvkritikk for måten saka har blitt handtert på?

– Me er veldig klare i denne saka på at me står ved det me har gjort.

Anders Ulstein avviser at han bryt ei avtale ved å offentleggjere breva frå Actis.

– Det er jo ikkje riktig at eg bryt ei avtale. Det som er konfidensielt er sjølve avtala. Det er sjølvsagt ikkje slik at eg må teie om saka. Eg har sjekka med advokat, og det er ingenting i vegen for å offentleggjere desse breva, seier Ulstein.

– Høg terskel

Advokat og ytringsfridomsekspert Jon Wessel-Aas, seier det må vere ein svært høg terskel for å bli sagt opp grunna ei privat ytring.

– Dersom ein skal bli sagt opp grunna ytringar som privatperson så er kravet at ein har forsømma lojalitetsplikta for arbeidsgjevar. Det er høg terskel for dette. Då skal ein ha skada arbeidsgivars legitime interesser. Dette er noko heilt anna enn at arbeidsgjevar synest det er pinleg.

Styreleiar i Actis, Arne Johannessen, ønskjer ikkje å kommentere denne saka overfor NRK.no.

SISTE NYTT

Siste meldinger