Hopp til innhold

- Alle piler peikar feil veg

Sjukehusreforma i Oslo styrer mot større kostnadsoverskridingar og lengre ventelister, viser ei intern risikovurdering som vert handsama av styret i Oslo Universitetssykehus i dag.

Are Saastad, fagforbundsleiar Aker sjukehus

Fagforbundsleiar ved Aker sjukehus, Are Saastad, varlsar kollaps dersom sjukehusreforma vert gjennomførd. Her under ein demonstrasjon framfor Stortinget i november i fjor.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Den 1. januar overtek Ahus på Lørenskog 160 000 plassar frå Aker sjukehus i Oslo som eit viktig steg i det som blir Noregs største sjukehussamanslåing.

Fagforeiningane slår alarm mot det dei meiner er dømd til å bli ei feilslått prosjekt reform. På eit styremøte i dag vil sjukehustoppane i Oslo få presentert ei illevarslande risikovurdering NRK har fått tilgang til.

– Alle piler peikar feil veg. Dersom dette vert gjennomført, slik planen er, trur eg me får ein kollaps, seier Are Saastad som er tillitsvald i Fagforbundet.

– Alvorlege konsekvensar

Prosessen med å slå saman Ullevål, Rikshospitalet og Aker sykehus til eitt gigantsjukehus, starta i fjor.

Føremålet med samanslåinga er å få ein meir kostnadseffektiv drift, men drøyt halvanna år inn i prosessen er det ifølgje dei tilsette sine representantar svært sannsynleg at resultatet vert katastrofalt for alle partar.

Auke i ventelistene med alvorlege konsekvensar vert vurdert som svært sannsynleg. Enda verre er faren for kostnadsoverskriding og kaos for tilsette, ifølgje fagforeiningane.

Verneombod ved Aker sjukehus, Nelly Fjell fortviler og fortel om ein høgst usikker arbeidssituasjon for dei tilsette.

– Mange må byte jobb, men ingen veit kven som må gå, seier ho.

– Det har vore mykje usikkerheit og frustrasjon. Dei tilsette spør seg om dei kjem til å verta sagde opp i dag, eller om dei kjem til å ha arbeid her om ein månad, fortel Fjell.

– Ikkje budsjettauke

Anne-Grete Strøm-Erichsen

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen har framleis god tru på sjukehussamanslåinga i Oslo.

Foto: NRK

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen forventar at ting løyser seg. Ho vil ikkje hjelpe, men tolererer heller ikkje at pasientane må lide.

– Det ser eg på som heilt uakseptabelt. Me skal ikkje ha lengre ventelister, me skal ha reduserte ventelister, seier ho.

Er du budd på å koma med eksta midlar i neste års statsbudsjett for å redde denne krisa?

– Nei, ikkje utan vidare. Eg forventar at ein greier å halda seg til dei budsjetta som er førespegla. Helse Sør-Aust og Oslo Universitetssykehus må saman syta for at prosjektet vert gjennomført på ein forsvarleg måte, seier helseministeren.

– Står i ei krevjande tid

Direktør i Helse Sør-Øst, Bente Mikkelsen.

Direktør i Helse Sør-Øst, Bente Mikkelsen

Foto: Helse Øst / SCANPIX

– Vi kjem til å greie dette. Vi gjennomfører det Stortinget har vedteke. Pasientane vil få eit minst like godt tilbod, og det blir enda meir forsking. Men det er ei krevjande tid vi står oppe i akkurat no, seier Bente Mikkelsen, administerande direktør i Helse Sør-Øst til NRK.

– Eg kjenner meg ikkje igjen i orda kaos og kollaps. Leiinga ser på risikoen som finst. Men det at ein ser risiko, gjer at ein kan sette inn tiltak.

– Blir samanslåinga utsatt?

– Eg trur vi får til å overføre akuttenesta og psykisk helsevern 1. januar. Det kan hende at vi treng å overføre noko i etappar, men det viser berre at vi gjennomfører på ein forsvarleg og god måte.

AKTUELT NÅ