Hopp til innhold

Slik jobbar lommetjuverispanarane i Oslo

230 av 235 arresterte lommetjuvar i Oslo dei siste to åra var tilreisande utanlandske kriminelle. For første gong er et tv-team med lommetjuverispanarane på jobb.

230 av 235 arresterte lommetjuvar i Oslo var utanlandske statsborgarar.

VIDEO: Sjå korleis «Innsatsgruppe lommetyveri» i Oslo-politiet jobbar. NRK var med politibetjent Morten Drægni og tre andre spanarar på jobb.

Oslo politidistrikt oppretta i 2012 ei eige gruppe som jobbar med å ta lommetjuvar. Over 20 politifolk jobbar i denne gruppa.

– Det er nesten utelukkande tilreisande utanlandske kriminelle som driv med denne formen for kriminalitet. Desse vil vi slå ut, arrestere, få dei dømt og til til soning - og så vil vi ha dei ut av landet, seier politioverbetjent Roar Kvassheim, leiar for lommetjuverigruppa i Oslo politidistrikt.

Les historia om Joan Rodahl (94) som blei offer for lommetjuvar:

AKTUELT NÅ