Hopp til innhold

Sp vil vurdere buplikt for flyktningar

Senterpartiet meiner at flyktningar bør få buplikt i kommunen dei har fått tildelt. Integreringsminister Sylvi Listhaug meiner det kan vere ein god ide.

Ola Borten Moe

VIL HINDRE GHETTO-TILSTANDAR: Forslaget om buplikt for asylsøkjarar og flyktningar er meint å hindre at mange buset i store byar, og det skal betre integreringa.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Det er viktig at lokalsamfunna får igjen for dei investeringane dei gjer gjennom busetting, og at folk ikkje flyttar derifrå med ein gong, seier Ola Borten Moe, nestleiar i Senterpartiet.

Politimester Hans Sverre Sjøvold

UROA: – Vi bør ikkje ha store konsentrasjonar av innvandrarar i byane, seier politimeister i Oslo Hans Sverre Sjøvold.

For å få flyktningar og asylsøkjarar til å busetje seg over heile landet vil Senterpartiet sjå på ei ordning med fleirårig buplikt i kommunane dei først vert busette i.

Slik ønskjer partiet å unngå at mange innvandrarar buset seg i dei store byane.

Politimeister i Oslo Hans Sverre Sjøvold sa til NRK laurdag at dersom innvandrarar buset seg meir spreidd, vil det føre til mindre gjengkriminalitet i bydelane Grønland og Tøyen i Oslo.

I strid med norsk lov

I Noreg er det ikkje lov å tvinge folk til å bli buande på ein bestemt stad, såkalla stavnsband.

Moe understrekar at dette berre vil vere ei mellombels løysing.

– Vi seier ikkje at dette skal vere ei evigvarande ordning, men at den skal vare noko lenger enn det den er i dag.

I dag får flyktningar som har fått opphaldsløyve delta på eit introduksjonsprogram, som skal gjere det lettare for dei å bli integrerte i samfunnet. Denne opplæringa er det kommunane som har ansvaret for.

No foreslår Senterpartiet i sitt partiprogram at innvandrarane bør bli buande i kommunen utover perioden med introduksjonsprogram. Partiet meiner at ei slik buplikt kan vare i fem år.

Venstre er skeptisk til tvang

Guri Melby

SKEPTISK: Venstres Guri Melby likar ikkje forslaget frå Senterpartiet om å tvinga asylsøkjarar til å bli buande i ein bestemt kommune.

Foto: Eirin Eikås / NRK

– Eg trur ikkje vi greier å integrere menneske ved å byggje murar rundt dei, og tvinge dei til å bli på ein bestemt plass, seier bystyrerepresentant Guri Melby i Venstre.

​Ho forstår godt at mange vel å flytte til dei store byane når dei er ferdige med introduksjonsprogrammet.

– Ofte er det lettare å finne likesinna og store miljø som ein kan bli ein del av i dei store byane, Det trur eg vi berre må innsjå, seier Melby.

Forslaget får støtte

Politimeister i Oslo Hans Sverre Sjøvold ønskjer mindre konsentrasjon av innvandrarar i storbyane, og er positiv til forslaget frå Senterpartiet.

– Eit slikt tiltak vil kanskje bidra til at dei som vert busette i ein kommune blir der, og det er ei god løysing, seier Sjøvold.

Sylvi Listhaug

VIL SJÅ PÅ FORSLAGET: Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug seier at busetjinga i bydelane Tøyen og Grønland i Oslo er eit problem.

Foto: NRK

Også Innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) seier at forslaget kan vere ein god ide.

– Det er absolutt noko vi kan sjå på, seier Listhaug.

Ho seier at det er slik i dag at om ein flyttar til ein ny kommune og søkjer om sosialhjelp der, så kan ein bli vist tilbake til den kommunane ein kom frå.

– Det er for tidleg å konkludere, men eg synest forslaget kan vere ein god ide, seier Listhaug.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger