Sp vil la misnøgde eks-kommunar bryte ut

Senterpartiet skjerpar tonen om kommunereforma og foreslår lausrivingsparagraf. Samanslåtte kommunar bør kunne oppløysast dersom ein av dei tidlegare kommunane vil bryte ut.

Marit Arnstad, parlamentarisk leder i Senterpartiet.

BRYTE UT: Ein misfornøgd part er nok, meiner Senterpartiets Marit Arnstad.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Eit ekteskap er ikkje særleg berekraftig dersom den eine vil bryte ut. Då er det gjerne riktig med skilsmisse.

No tek Senterpartiet denne tanken med seg i debatten om kommunereforma.

Dei misnøgde skal få gå

At Senterpartiet er kritisk til kommunereforma og mot tvangssamanslåingar er velkjent. I gjeldande partiprogram slår partiet også fast at samanslåingar skal opphevast dersom kommunar eller fylke sjølv ønskjer det.

Men no ligg det an til at partiet går endå eit steg lenger. Eit folkefleirtal i ein del av ein samanslått kommune eller fylke skal få oppløyse det nye fellesskapet.

Senterpartiet jobbar no med det politiske programmet dei skal gå til val på hausten 2021. I forslaget seier partiet følgande:

Senterpartiet vil oppheve sammenslåinger vedtatt i stortingsperiodene 2013–2021 dersom innbyggerne i tidligere kommuner og/eller fylker selv gir uttrykk for det i en folkeavstemning.

2. utkast til partiprogram for Senterpartiet 2021-25

– Kva betyr dette i praksis?

– Det betyr at dersom ein av dei samanslåtte kommunane eller fylka avheld folkerøysting og ønskjer å opheve samanslåinga, så vil dei bli gitt høve til det dersom dei søker staten, seier Marit Arnstad som leiar arbeidet med å lage nytt partiprogram.

Endeleg partiprogram blir vedteke på det utsette landsmøtet 4.-6. juni i år.

– Kvifor er dette viktig for Senterpartiet?

– Det er viktig fordi vi meiner mange av samanslåingane kjem til å føre til sentralisering og svekka folkestyre. Og vi ser også at regjeringa ikkje held lovnadane om at dette skal bety auka ressursar og større handlingsrom for nye kommunar.

– Så om ein ny kommune er samansatt av tre tidlegare, så held det at ein av dei tidlegare kommunane held folkerøysting – og så kan den gamle kommunen bryte ut på eiga hand?

– Då kan dei søke staten om det ja.

Manglande entusiasme

Kommunereforma gjorde at 428 norske kommunar vart reduserte til 356 gjennom ei rekke samanslåingar. 19 fylke vart til 11. Dei fleste samanslåingane tredde i kraft 1. januar 2020.

Men eit drygt år etter at dei nye kommune- og fylkesskilta kom opp, er det som kjent ikkje jubel overalt.

I Troms og Finnmark er det nye fylkesrådet einige om å søke om oppløysing. I nye Sandnes jobbar aksjonistar frå tidlegare Forsand for å få gjort om samanslåingsvedtaket, i Nordre Follo blir det samla underskrifter blant misfornøgde i gamle Oppegård kommune.

I Sørlandets største kommune er ikkje alle fornøgde med at dei no er ein del av nye Kristiansand.

Søgne rådhus

FØR: Bør Søgne få bryte ut og bli eigen kommune igjen?

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Noverande Kristiansand kommune vart slått saman av dei tidlegare kommunane Kristiansand, Søgne og Songdalen med ei stemmes overvekt i Stortinget. Verken innbyggarane, kommunestyret eller administrasjonen i Søgne ønskte samanslåinga med Kristiansand.

No meiner Senterpartiet det er på tide å gjere noko med det.

Gro-Anita Mykjåland er Senterpartiets førstekandidat i Agder til stortingsvalet. Ho sit også i programkomiteen i partiet saman med Arnstad. I januar gjekk ho ut i regionavisa Fædrelandsvennen og tok til orde for oppløysing av Stor-Kristiansand gjennom det grepet Sp har foreslått i sitt program.

– Søgne er eksempel på ein kommune som kan delast igjen, seier Mykjåland til NRK.

– Det har vore tydeleg mostand blant innbyggarane i Søgne lenge. Det er ikkje tvil om at dette har skapt stort engasjement.

– Kvifor er motstanden så stor?

Gro-Anita Mykjåland

MOTSTAND: Gro-Anita Mykjåland er Sps førstekandidat til Stortinget frå Agder.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Eg er ikkje Søgne-ekspert, seier Mykjåland, som i dag er ordførar i Iveland ein times biltur frå Søgne.

– Men eg trur noko av grunnen til at motstanden er sterk i Søgne er at dei følte dei vart tråkka på. Dei opplever at dei ikkje vart lytta til.

Ho meiner difor nye Kristiansand er ein god kandidat til å bli delt opp att.

– Men Senterpartiet foreslår ikkje å dele kommunar, det initiativet må kome frå innbyggarane. Det er innbyggarane i den gamle kommunen som skal få meine om dei vil fortsette i nye Kristiansand eller om dei vil starte ein prosess med deling.

Reversering kostar

– Eg skulle ønskje vi tok oss litt meir tid for å få reforma på plass før ein opnar opp for reversering, sukkar Ove Trellevik, som er Høgres kommunapolitiske talsperson på Stortinget.

Trellevik seier han er redd for konsekvensen av Senterparti-forslaget.

Ove Trellevik

PEIKE FRAMOVER: Det er betre enn å reversere, meiner Ove Trellevik (H).

Foto: Bård Siem / NRK

– I kommunar som er kome godt i gang men ikkje er i mål, kan det gjere at dei som synest det går for seint heller vil reversere enn å fullføre prosessen, seier han.

– For det tek tid å fusjonere to kommmunar. Og det tek litt tid før ein ser at ei samanslåing har god effekt for innbyggarane, seier Trellevik.

Han peikar på at reversering også kostar mykje ressursar, men han er likevel redd for at Sps haldning kan gjere at fleire nye kommunar vil dra i naudbremsa.

– Det er lett å skifte meining når det buttar litt imot.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger