Hopp til innhold

Sp-toppar får subsidiar i fleng

Høgtløna toppolitikarar i Senterpartiet får fleire hundre tusen i landbrukssubsidiar frå staten.

Borten Moe, Lundteigen og Riis-Johansen

Desse Sp-toppane får til saman utbetalt i underkant av ein million kroner i landbruksstøtte dette halvåret. Frå venstre: nestleiar i Sp og olje- og energiminister Ola Borten Moe, stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen og den nyleg avgådde statsråden Terje Riis-Johansen.

Foto: Scanpix

Listene frå Statens landbruksforvaltning over kven som får kva i produksjonstilskot i første halvår 2011, er no klare og tilgjengelege for allmennheita.

Oversikta viser at fleire høgtløna Senterpartiet-politikarar får meir i landbruksstøtte enn det gjennomsnittsbonden har i årsinntekt.

Tredobbel støtte

I alt får om lag 45 000 foretak eller bønder utbetalt produksjonstilskot frå staten dette halvåret.

Nestleiar i Sp og olje- og energiminister Ola Borten Moe, stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen og den nyleg avgådde statsråden Terje Riis-Johansen er blant dei som står på lista.

Dei tre Sp-toppane får langt over gjennomsnittet i landbruksstøtte.

For medan gjennomsnittsbonden får om lag 114 000 kroner i tilskot, får Lundteigen det tredoble (340 000 kroner). Riis-Johansen kan innkassere 306 000, og Borten Moe 241 000 kroner.

– Får som fortent

– Dette er ei betaling me som bønder får for å utføra oppgåver som storsamfunnet meiner er viktige, som det å dyrka korn og å ha dyr på beitet for å halda jorda i hevd, seier Riis-Johansen, som no er Sp sin fylkesordførarkandidat i Telemark.

På garden i Skien har han 35 mjølkekyr og om lag 80 storfe til kjøttproduksjon. Dermed får han både areal- og kulturlandskapstilskot, tilskot til husdyr, beitetilskot og mjølkeproduksjonstilskot.

Anne Birgitte Riis-Johansen.

- Det er kona som driv garden, ikkje eg, seier Terje Riis-Johansen. Her er Anne Birgitte Riis-Johansen i gang med fjosstellet på garden i Gjerpen.

Foto: Roald Marker / NRK

– Men det er kona som driv garden og er heiltidsbonde, ikkje eg. Det ville vore diskriminerande om ho fekk mindre i støtte fordi mannen hennar tener over gjennomsnittet, påpeikar Riis-Johansen.

Lundteigen får støtte for saue- og geitehald og for planteproduksjon. Borten Moe driv med kornproduksjon på garden sin i Trøndelag. NRK har ikkje lukkast med å få kontakt med Lundteigen og Borten Moe.

Viktig subsidie-pådrivar

Føremålet med produksjonstilskot i jordbruket er å bidra til eit aktivt og bærekraftig jordbruk i heile landet.

Sp er det partiet i Noreg som sterkast frontar distrikta og primærnæringa sine interesser, og er følgjeleg ein viktig beskyttar av subsidiert landbruk i Noreg.

I sitt prinsipp- og handlingsprogram for perioden 2009-2013 går Sp inn for å «framleis bruka skatt aktivt for å styrka økonomien i jordbruket», ved hjelp av midlar over statsbudsjettet og prisstyring.

Fordi fleire høgtløna Sp-politikar også er bønder, haustar også dei godt av landbruksstøtte-ordninga.

Trippel løn

I går fortalde NRK at styrtrike godseigarar er blant dei som får aller mest i landbruksstøtte frå den norske staten. Fleire norske milliardærar håvar inn millionar i subsidiar, noko Småbrukarlaget vil ha slutt på.

Tilsvarande er det også , ikkje overraskande, eit betydeleg lønsgap mellom stortingsrepresentantane og den gjengse bonde.

Stortingsrepresentantane har ei løn som er tre gonger så høg som årsinntekta til bonden - rundt 720 000 kroner i året.

Den norske gjennomsnittsbonden tente nemleg i fjor under 240 000 kroner, og mindre skal det bli i 2011, viser ferske kalkyler frå Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ).

I årets landbruksoppgjer har jordbruksorganisasjonane fremja høge krav om at bonden må få eit solid inntekstløft dersom matproduksjonen i Noreg skal auka i takt med befolkningsveksten.

Produksjonstilskudd til landbruket første halvår 2011

Topp 20

Foretak

Produksjonstilskudd 

01

Vaaler Samdrift DA

1 588 000

02

Carl Otto Løvenskiold

1 364 000

03

Eidsvoll landbruk AS

1 259 000

04

Nils Edvard Freberg

1 255 000

05

Bergsjø landbruk DA

1 242 000

06

Vidar Fosslien

1 195 000

07

Universitetet for miljlø-
og biovitenskap

1 179 000

08

Øiestad samdrift DA

1 074 000

09

Økologisk drift AS

1 055 000

10

Erlend Røhnebæk

1 050 000

11

Kløverbakken samdrift DA

1 015 000

12

Ole Kristian Romsaas

1 009 000

13

Trond m Ruud Olsen

997 000

14

Jo Poppe

994 000

15

Knut Birkeland

943 000

16

Jan Anders Dahl

939 000

17

Knut M. Strand

924 000

18

Carl Nicolaus Wedel Jarslberg

915 000

19

Dag Sindre Karlsrud

885 000

20

Heradsing AS

875 000

 

SUM

 20 790 400

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ