Hopp til innhold

Brukte halv million i ulovlege pengar til å sanke stemmer

Senterpartiet brukte halvparten av pengane som skulle fremme fornybar energi til å mele si eiga kake i valkampen i fjor.

Video Senterpartiet orienterte om bruken av kraftpengene

Det kom fram då Senterpartiet onsdag kveld la fram sin gjennomgang av partiet sitt rekneskap for 2009, for å greie ut om den ulovlege pengestøtta partiet har fått.

Gjennomgangen skulle gje svar på kva dei ulovlege pengane frå Troms Kraft og Eidsiva Energi blei brukt til. Ifølgje Sp-leiar Liv Signe Navarsete blei det ikkje stilt krav til kva pengane skulle brukast til, og til no har det vore ukjent kvar pengane tok vegen.

500.000 til andre føremål

Under pressekonferansen onsdag kom det fram at Senterpartiet i fjor fekk til saman 909.000 kroner i pengestøtte som skulle gå til å laga og promotera ein partipolitisk uavhengig fagrapport om fornybar energi.

Tilskota til prosjektet fordeler seg med 500.000 kroner frå Eidsiva Energi, 200.000 kroner frå Troms Kraft, 150.000 kroner frå Glommen Skogeigarlag og 59.000 i mindre tilskot frå andre.

Berre 381.000 av desse pengane, har gått til fornybarprosjektet. Dei resterande 528.000 kroner skal ha gått inn i partiets «øvrige arbeid», opplyste Sps generalsekretær Knut M. Olsen på pressekonferansen onsdag.

Valkampstøtta finansierte éin åttandedel av partiets valkamp før Stortingsvalet i 2009. Generalsekretæren i Sp kjenner seg likevel sikker på at dei ulovlege pengane ikkje hadde noko å seie for valresultatet.

– Ingen avtale

Video Navarsete: – Dårlig informasjon var min feil

Kontrollkomiteen i Stortinget krev at Sp-leiar Liv Signe Navarsete gjer greie for den ulovlege pengestøtta partiet har motteke.

Foto: Nyhetsspiller

Senterpartiet står framleis fast på at det Ikkje var knytt ein avtale til bruken av midlane.

– Det var ingen avtale om korleis pengane skulle brukast og dei blei innrapporterte som partistøtte i tråd med partifinansieringslova, sa Olsen då han presenterte gjennomgangen av rekneskapet.

Sp har likevel brukt mindre på fagrapporten om fornybar energi enn det dei budsjetterte.

På spørsmål om partileiinga no føler seg reinvaska, svarte generalsekretæren onsdag at dei i det minste har forklart seg og fått fram fakta i saka.

Etter å ha lagt fram rekneskapet meiner ikkje Olsen at Sp treng be om orsaking, men lovar å ikkje ta imot meir ulovlege pengar.

Ulovleg pengestøtte

Av den totale pengestøtten på 909.000 som skulle gå til fornybar energi, kom 700.000 kroner frå Troms Kraft og Eidsiva Energi. Dette var pengar som Sp aldri skulle ha teke i mot. Offentlege selskap har ikkje lov å gje pengar til politiske parti og Sp har no levert pengane tilbake.

Nyleg varsla regjeringa eit strengare regelverk om innrapportering av dei politiske partias pengebruk.

AKTUELT NÅ