Hopp til innhold

Sondre Justad måtte bryte framsyninga i sorg

– Eg har vore heilt knust, seier ein sorgfull Sondre Justad etter minnegudstenesta i Oslo domkyrkje.

Under sørgegudstjenesten søndag 26. juni i Oslo Domkirke ble det for mye for musikeren, som måtte avbryte sangen.

Under sørgegudstenesta søndag formiddag i Oslo domkyrkje braut artist Sondre Justad ut i gråt.

Minnegudstenesta i Oslo domkyrkje i dag var sterkt prega av terroråtaket i Oslo natt til laurdag.

Artist Sondre Justad song under gudstenesta. Han var sorgfull og sterkt prega under framsyninga.

– Eg har kjent det på kroppen, har kjent på frykt og vore heilt knust. Men det handlar om å ikkje la frykta ta overhand, seier han.

Justad har sjølv vore open om at han er skeiv. Framsyninga idag er noko av det vanskelegaste han har gjort, seier han.

– Eg prøvde å synge med auga igjen for å ikkje treffe blikka til alle. Så opna eg dei og då blei det veldig vanskeleg, seier Sondre Justad.

Sondre Justad ble intervjuet etter sørgegudstjenesten i Oslo Domkirke søndag. Der fortalte han om frykt for sine venner og at angrepet føltes personlig.

Sondre Justad fortalde om frykta han har hatt for sine vennar og at åtaket kjendest personleg.

Venn med dørvakta på London

Stortingspresident Masud Gharahkhani viste til i si tale at han hadde snakka med dørvakta som jobbar på London Pub. Han er ein venn av familien til Gharahkhani.

– Den natta måtte han redde og hjelpe folk. Saman gråt og var i botnlaus sorg. Han gråt og sa at han også kjende på skam fordi han tilfeldigvis er frå same land som terroristen, sa Gharahkhani.

Han la til:

– Mørke tider i nasjonen vår har vist at det ikkje handlar om hudfarge eller religion. Vondskap er vondskap, hat er hat, ein terrorist er ein feig terrorist.

– Vi er eitt fellesskap

Til stades var kronprinsesse Mette Marit i lag med statsminister Jonas Gahr Støre og justisminister Emilie Enger Mehl. Kronprins Haakon har fått påvist korona og kunne ikkje stille.

– Skytinga stoppa pride-paraden, men ho stoppa ikkje kampen og innsatsen for å kjempe mot diskriminering, fordommar og hat. Dokker er ikkje åleine, sa statsminister Jonas Gahr Støre til alle skeive og alle som er råka av åtaket.

Domprost Anne-May Grasaas i sørgegudstjeneste etter skyting.

Alteret var pryda med to regnbogeflagg. Domprost Anne-May Grasaas uttrykka sympati til alle skeive som lever i frykt.

Foto: Javad Parsa / NTB

Statsminister Jonas Gahr Støre vende seg også til alle norske muslimar.

– Eg veit at mange av dokker er redde for å bli mistenkeleggjorde og ansvarleggjorde for ei handling som ligg så fjernt frå verdiane dokkar. Dokker må vite at vi står saman. Vi er eitt fellesskap, sa Støre.

Samla i sorg

Leiar i Fri, Inge Alexander Gjestvang, gav også uttrykk for at åtaket ikkje må splitte folk i Noreg.

– Gårsdagen var tung for mange av oss. Ekstra tung var han for skeive som deler bakgrunn, erfaringar og religion med gjerningspersonen. Dei kjende på den felles skeive sorga, men må i tillegg kjenne på den grufulle rasismen og islamofobien. Derfor må vi stå saman, sa han.

Gudstenesta blei leia av preses i Den norske kyrkje, Olav Fykse Tveit. På alteret pryda to regnbogeflagg.

– Midt i gleda over livet og kjærleiken, blei regnbogen svart. Men kuler kan ikkje ta livet av kjærleiken, sa Fykse Tveit.

Mette-Marit i sørgegudstjeneste etter skyting

Kronprinsesse Mette Marit var til stades på gudstenesta i Oslo domkyrkje i dag.

Foto: Javad Parsa / NTB

Domprost Anne-May Grasaas viste til at domkyrkja på fredag hadde arrangert ei regnbogemesse.

– Kontrasten er stor frå regnbogemessa vi feira her på fredag. Vi feira at vi no har fridom til å elske dei vi vil elske. I dag er våre tankar til alle dei som er ramma og til alle skeive som lever i frykt, sa domprosten.

Det var forbønn for alle dei som er ramma, alle pårørande, skadde, samt alle skeive som lever i frykt.

Les også Utøya-overlevende opplevde nytt skytedrama

Eskil Pedersen