NRK Meny
Normal

Søreide: - Har ikkje spurt Noreg om hjelp mot IS

– Skulle Frankrike be oss om hjelp i krigen mot IS i Syria, så må vi vurdere det nøye, seier forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H).

Eriksen Søreide om norges innsats mot IS

VIDEO: Ine Eriksen Søreide var gjest i Dagsrevyen.

Eriksen Søreide minner om at Noreg alt i dag bidreg i krigen mot IS gjennom norske spesialstyrkar som driv opplæring av irakiske regjeringssoldatar, og at det er eit bidrag som blir sett stor pris på av både Irak og dei allierte. Men kjem det ein førespurnad, så vil det bli vurdert av norske styresmakter.

Ho seier at Frankrike denne gongen har bede dei andre EU-landa om hjelp, og ikkje Nato.

– Alvorleg vurdering

– Det vil vere ei alvorleg vurdering å gjere. Situasjonen i Syria og Irak er svært kompleks, seier Ine Eriksen Søreide til NRK.

På spørsmål om det kan vere aktuelt å samarbeide militært med Russland, svarer ho dette:

– Det militære samarbeidet vi ser mellom Russland, Frankrike og Russland er først og fremst ei koordinering av innsatsen, for å hindre ein konflikt i lufta eller på sjøen. For Noreg er det ikkje ei aktuell problemstilling å samarbeide militært med Russland, seier ho.

Libya og Afghanistan

Noreg har tidlegare delteke med luftstyrkar både i Afghanistan og i Libya.

Senterpartiet og SV seier eit klart nei til norsk deltaking i luftkrigen mot IS, medan representantar for regjeringspartia Frp og Høgre seier at det er naturleg å diskutere og vurdere ein eventuell førespurnad.

– Vi bidreg i konfliktar når FN, Nato eller større koalisjonar av allierte land ber oss om støtte. Viss ein slik situasjon oppstår, bør vi vurdera dette, slik vi har gjort før, seier
Øyvind Halleraker, utanrikspolitisk talsperson i Høgre på Stortinget, til NRK.

Den franske ambassadøren takker Norge

Merker økt muslimfrykt i Paris

Anonymous skal ha hacket 5.500 IS-kontoer

Arresterte i Tyskland knyttes ikke til Paris-terror

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger