Spelet er omtalt som eitt av dei dyraste som nokon gong har vorte utvikla, og vart lansert 10. desember etter å ha vorte utsett fleire gonger. Cyberpunk 2077 har vorte omtalt i fleire år før det kom, og fleire sette det på lista over årets beste spel allereie før utgivingsdatoen.
Etter at det vart sleppt har likevel ei rekkje spelarar klaga på feil i og trøbbel med å spele det. Enkelte brukarar har òg meldt om helsefarar, etter at spelet har utløyst epileptiske anfall.
Feila er så omfattande at Sony no trekkjer spelet heilt frå den digitale butikken sin for Playstation-systemet på ubestemt tid, og tilbyr kundane pengane tilbake.
NRKs spillanmelder Rune Fjeld Olsen gav PC-versjonen av spelet terningkast seks. Les meldinga her.
Hollywood-stjerne på laget
Utviklaren, polske CD Projekt RED, har gått ut med ein offentleg beklagelse, og lova å fikse feila i januar og februar.
– Vi jobbar med ei meir permanent løysing som handterer helserisikoen så fort som mogleg, seier utviklaren.
Trass i problema, har spelet fått ein skår på 87 av 100 på Metacritic , basert på 69 meldingar. Brukarmeldingane gir eit gjennomsnitt på 7 av 10.
Hollywood-stjerna Keanu Reeves speler ei viktig rolle i spelet, og har lånt både stemma og utsjånaden sin til karakteren.
Les òg: Prestisjespel får slakt: – Dei lurer forbrukarane
Tapar enorme summar
Spillutvikleren har tapt fleire milliardar dollar sidan spelet vart lanserte, viser aksjekursen.
Sonys avgjerd blir teken imot med sjokk i spillmiljøet, som i lang tid har venta i spenning på spelet.
– Cyberpunk 2077 var venta å selje 30 millionar pluss før det vart lansert. Det kunne ha vorte utsett endå eitt år og lett selt så mykje. Eg trur aldri vi har sett noko liknande som dette. Dette er ei plattform som fjernar spelet, skriv spillanalytiker Daniel Ahmad på Twitter.