Sonen sikta for drapet på Tor Kjærvik: Her går politiet til ransaking

Politiet har utvida siktinga mot sonen til den kjente advokaten Tor Kjærvik (70). Mannen i 30-åra er sikta for drap på sin eigen far og drapsforsøk på stemora si, sambuaren til Kjærvik.

Ransaking i sonen sin bustad etter drapet på Tor Kjærvik

Politiet har ransaka bustaden til sonen.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Dette stadfestar Oslo politidistrikt.

Klokka 15 opplyser politiet at den sikta sonen har knytt seg til handlinga. Seksjonsleiar Anne Alræk Solem seier at mannen også er sikta for drapsforsøk på sambuaren til Kjærvik.

– Ho er fysisk uskadd, men ho var til stades i leilegheita då dette skjedde. Eg kjem ikkje til å kommentere noko nærare enn det, seier Solem.

Tor Kjærvik vart skoten og drepen måndag kveld, og sonen hans vart arrestert kort tid etter.

Kjærvik skulle eigentleg møtt i Oslo tingrett i morgon, onsdag 14. april, for å vere forsvarar i ei straffesak mot ein trusseltiltalt mann. Denne saka er utsett, opplyser retten til NRK.

– Det har vore ein familiekonflikt som har halde på ei tid, seier advokat John Christian Elden som er forsvarar for mannen.

Seksjonsleiar Anne Alræk Solem seier at mannen er sikta for både drap og drapssforsøk.

Politiet ransaka leilegheit

Tysdag morgon var NRK utanfor bustaden til sonen. Då var politiet på staden og allereie i gang med ransaking av leilegheita.

Sør-Øst politidistrikt stadfestar til NRK at dei har assistert eit anna politidistrikt med å ransake ein bustad, men vil ikkje opplyse kva sak det gjeld eller kva distrikt dei har assistert.

Den sikta sonen har folkeregistrert adresse i Kongsberg. Politiet har jobba på adressa gjennom morgonen og føremiddagen.

Drapet skjedde i bustaden til Kjærvik på Røa i Oslo. Politiet har teke beslag i eit skytevåpen.

Advokat Tor Kjærvik

Advokat Tor Kjærvik vart skoten og drepen i heimen sin på Røa i Oslo måndag kveld.

Foto: Tore Meek / NTB

Forklarer seg for politiet

Forsvarar John Christian Elden skriv dette i ein e-post til NRK på spørsmål om politiet har vore på adressa til klienten hans:

Det er i samsvar med vanlig rutine når man sikter noen for drap.

John Christian Elden

Sonen sat i avhøyr tysdag ettermiddag og kveld. Han hadde med seg advokat Sol Elden, kona til John Christian Elden. Han har ikkje teke stilling til spørsmålet om straffskuld, opplyser politiet.

Mannen skal sjølv ha meldt seg for politiet måndag kveld.

– Den sikta ringte sjølv til politiet i går. Det er bakgrunnen for arrestasjonen, seier seksjonsleiar Solem.

Etter det NRK er kjent med skal ikkje sonen vere tidlegare straffedømt. Han blir framstilt for varetektsfengsling i Oslo tingrett onsdag klokka 13.

Dør til drapssikta sønn - Tor Kjærvik-drapet

Det drapssikta sonen bur i Kongsberg, og Sør-Øst politidistrikt har ransaka bustaden hans.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Politiet kan ikkje kommentere om dei trur drapet var planlagt eller ikkje.

– Det er for tidleg i etterforskinga, seier Solem.

Ho vil heller ikkje seie noko om skytevåpenet tilhøyrer til sikta mannen eller ikkje.

Kriminalteknikarar har arbeidd på åstaden gjennom heile natta og er framleis ikkje ferdige med undersøkingane sine.

plantegning og bilde etter drapet på Tor Kjærvik

Politiet arbeidd i leilegheita til Tor Kjærvik gjennom natta.

Foto: LOKMAN GHORBANI / NRK

Bistandsadvokat: – Ein kjernekar

Ellen Holager Andenæs er peikt ut som bistandsadvokat for familien. Sambuaren til Tor Kjærvik skal ha vore til stades då drapet skjedde.

NRK intervjua Andenæs for ho vart peikt ut som bistandsadvokat. Ho delte kontorfellesskap med Kjærvik i fleire år og dei arbeidde saman under Nokas-saka.

– Tor Kjærvik var ein kjernekar. Du kunne ikkje tenke deg ein betre, meir hyggeleg og grei kollega, sa Andenæs før det vart kjent at ho har teke på seg oppgåva som bistandsadvokat.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger