Hopp til innhold

Solvik-Olsen: – Dei må sei nøyaktig kva problemet er

Både Senterpartiet og lokførarane meiner regjeringa må gripe inn og stoppe togstreiken. Samferdselsministeren lovar å sjå på reglane dersom lokførarane kan vise han kva som er problemet.

Togstreiken var tema i Politisk kvarter, der Senterpartiet meiner regjeringa kunne fått slutt på streiken.

VIDEO: Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen møtte Marit Arnstad frå Senterpartiet i Politisk kvarter.

Klokka halv tolv i dag møter partane i lokførarstreiken kvarandre igjen, denne gongen til tvungen mekling.

Togstreiken har vart i over fire veker, og trass 16 timar med møter tidlegare i veka har partane enno ikkje klart å bli samde om ei løysing.

– Det er på tide at regjeringa ser på korleis partane kan bli samde, for dette handlar ikkje om lønn, det handlar om regelverk, seier Marit Arnstad frå Senterpartiet.

Fryktar konkurranse

Arnstad peikar på at konflikten har nær samanheng med den planlagde jernbanereforma, der regjeringa skal konkurranseutsette norsk jernbane.

– NSB-sjefen seier at, sidan dei ikkje kan ha dårlegare vilkår enn sine konkurrentar, kan dei ikkje kome lokførarane i møte, seier Arnstad.

Eit av hovudkrava frå lokførarane er å få ein nasjonal standard for lokførarutdanning inn i tariffavtalen, men samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen ser ikkje poenget. Han meiner det allereie finst eit nasjonalt regelverk.

– Eg sit her med det nasjonale regelverket framfor meg, og det er ganske mange sider, seier han, og blar gjennom boka han har framfor seg.

– Det er ikkje sånn at du kan kome frå kvar som helst og begynne å køyre tog. Det er mange ting du skal kunne, og du skal kunne kommunisere på norsk, seier han, og viser til at desse reglane også eksisterte då Arnstad var statsråd.

Arnstad kan ikkje svare på kva det er med regelverket som ikkje er godt nok. Ho seier at det er regjeringa som har sett i gang den nye jernbanereforma, og meiner derfor at dei må ta ansvar.

Lovar å sjå på reglane

Innstilte tog

INNSTILT: Alle lokaltog på Østfoldbanen er innstilte. Det same gjelder fleire av toga på Sørlandsbanen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Kvar dag vert rundt 300 togavgangar innstilte, og streiken får dermed konsekvensar for fleire tusen pendlarar på Sør- og Austlandet.

– Jernbanetilsynet seier at det kan ta fleire månadar å bli ferdig med eit nytt regelverk. Vi kan ikkje ha ein streik som råkar så mange reisande heilt fram til jul, seier Arnstad.

Ho meiner samferdselsminister bør gå til partane og spørje kva dei meiner er gale med regelverket.

– Mitt løfte til lokførarforbundet er at dersom det er eit problem i regelverket i dag så skal vi løyse det, men då må dei kome og seie nøyaktig kva det er, seier Solvik-Olsen.

AKTUELT NÅ