Hopp til innhold

Solvik-Olsen spent på løysingar med lading i fart

– Målet vårt er at halvparten av alle nye lastebilar ikkje skal ha utslepp av klimagassar i 2030. Vi er spente på dei ulike løysingane for lading av lastebilar i fart, som no blir vurderte, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp). Men lastebileigarane er skeptiske.

Ketil Solvik-Olsen

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen er spent på forslaget frå prosjektgruppa som skal leggje fram ein rapport om elektrifisering av tungtransporten.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Det blir arbeidd på høggir mange stader i verda for å finne løysingar som kan vere med på å kutte utsleppa. I Sverige opna sist veke ein offentleg veg med elektriske skjener på bakken, som ladar køyretøya medan dei er i fart.

I Tyskland og USA er det opna forsøksvegar der lastebilar hentar elektrisiteten frå såkalla pantografar på taket og køyreleidningar over vegbana, etter mønster frå trikk- og togtrafikken.

Trådlaus lading

Det blir også gjort forsøk med såkalla induksjonslading, at bilane blir lada trådlaust frå element i vegen medan dei køyrer, utan at det er fysisk kontakt mellom køyretøyet og ladekjelda. Dette systemet har blant anna vore testa i Israel.

ERoad Arlanda.

Sist veke vart ein to kilometer lang elektrisk veg opna utanfor Stockholm. Her blir elbilane lada via ei elektrisk skjene i vebana.

Foto: Jonathan Nackstrand / AFP

Her i landet samarbeider blant andre Vegdirektoratet og SINTEF om eit prosjekt som skal vurdere kva løysingar som passar best for norske forhold både pantograf, skjener i vegbana og induksjonsløysing er blant alternativa som blir vurderte.

Prosjektgruppa legg fram innstillinga si 12. juni.

– Det globale er avgjerande

– I framtida vil det som skjer globalt vere avgjerande. EU jobbar med utvikling av eit typegodkjennings-system for klimagassutslepp frå lastebilar. Vi har, saman med dei andre nordiske landa, kommunisert til EU at vi støttar fortgang i arbeidet, seier Ketil Solvik-Olsen til NRK.

Han følgjer med stor interesse dei forsøka som blir gjorde både internasjonalt og her i landet. Han viser blant anna til Stena Recycling som skal nytte ein elektrisk lastebil mellom anlegga deira i Oslo og Moss, der lastebilen kan drage ein tilhengar på 50 tonn. Det same gjeld forsøket med heilelektriske søppelbilar i Sarpsborg.

– Det skjer mykje spennande i Noreg i skiftet mot ein grønare kvardag, og staten gir betydeleg økonomisk støtte gjennom Enova, legg ministeren til.

Skepsis til batteri

– Våre medlemsbedrifter står i fremste rekkje for å ta i bruk ny miljøvenleg teknologi, men det er stor skepsis hos mange til dei batteri-elektriske løysingane, seier administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund, Geir A. Mo.

Dette blant anna fordi det vil krevje store tilleggsinvesteringar og unødig energibruk. Og med den knallharde konkurransen det er i denne næringa, så kan det fort vise seg å bli for dyrt for kundane, som skal betale rekninga til slutt, meiner han.

Det er ingen tvil om at transportsektoren må kutte i utsleppa. Ifølgje Geir Mo må sektoren, skutte meir enn dei 40 prosenten Paris-avtalen pålegg dei. Dette på grunn av den sterke veksten i godsvolumet.

Geir A Mo, administrerende direktør i NLF

– Vi måp ha tryggleik for investeringane våre, seier direktør i Norges Lastebileier-Forbud, Geir A. Mo.

Foto: Braata, Espen / Braata, Espen

– Tryggleik for investeringane

– Vi ynskjer ei konkurransedyktig løysing som gir tryggleik for investeringane. Når det gjeld dei ulike teknologiane på veg, så trur eg ikkje vi har sett ein klar vinnar. enno Fleire er tilhengjarar av pantografar og skjener, medan andre meiner det blir for dyrt. At vi må gå i ei anna retning, som til dømes hydrogen-elektrisk drift eller biogass, seier Geir A. Mo til NRK.

– Induksjonslading ser ut til å bli vanvitig kostbart. Når det gjeld skjener på vegane, så kan det vere utfordringar når det gjeld vedlikehald, snø og slapseføre. Også løysinga med elektriske pantografar kan vise seg å vere lite praktisk. Eg trur løysinga ligg i ein annan teknologi/drivstoff i bilen, som bevarer den suverene fleksibiliteten til lastebilen, seier NLF-direktøren.

Vegvesenet ser på strømledning over E39

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger