Hopp til innhold

Solheim ga styreleiarjobb til vennen Kristin Clemet

Tidlegare utviklingsminister Erik Solheim skildrar Kristin Clemet som ein god venn han også har et personleg forhold til. Likevel gav han henne jobben som styreleiar for UDs investeringsfond, Nordfund. – Uhaldbart, meiner Frp.

Erik Solheim og Kristin Clemet

Tidligere utviklingsminister Erik Solheim skriver i boka si at han er en god venn med Kristin Clemet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Dette gjorde han utan å sjekke med verken embetsverk eller lovavdelinga om han var habil. Clemet får 170.000 kroner i året for styreleiarjobben.

I desember 2006 presenterte dåverande utviklingsminister Erik Solheim ny styreleiar i det statlege investeringsselskapet Norfund.

Jobben gav han til ein politisk motstandar, Kristin Clemet, frå Høyre.

Men i førre veke, då Solheim lanserte si nye bok, kom det fram at Clemet og Solheim også omgås privat. Han skriv blant anna om korleis Kristin Clemet ved å byte bordplassering på ein stor konferanse, brakte han og kona hans saman.

– Eg har vore heime hos henne

Vidare skriv han at kjærleiken begynte å blomstre ved hjelp av Kristin Clemets kloke leiing. Og han omtaler Clemet som sin gode ven.

«Kristin Clemet ville for guds skyld ikkje komme i nærleiken av ham, og plasserte oss i staden på et rampebord nedst i lokalet. Det var et godt val, for der blei eg sitjande ved sidan av Gry. Snart var vi langt inne i ein diskusjon om et felles interessefelt: statsministeren i Kambodsja, Hun Sen. Og ved hjelp av Kristin Clemets kloke leiing og med Ho Sen som samtaleemne begynte kjærleiken å blomstre», skriv Solheim i boka «Politikk er å ville».

– Nokre gonger i året drikk eg kaffi med henne, og eg har vore heime hos henne, og har vel også vore ein gang på landstaden hennar i Danmark, seier Solheim til NRK.

Artikkelen held fram.

Erik Solheim

Erik Solheims 'Politikk er å ville'.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Sjekka ikkje habilitet

Likevel utnemnte Solheim Clemet til styreleiarvervet i Norfund utan å sjekke med verken embetsverket sitt eller lovavdelinga i Justisdepartementet om han kunne vere inhabil.

– Eg vurderte at eg var fullstendig habil til å utnemne Kristin Clemet til Norfund, seier Solheim til NRK.

Solheim meiner han har sitt på det tørre fordi Kristin Clemet fekk habiliteten sin vurdert då ho var kunnskapsminister. Ho utnemnte også kona til Solheim til ein jobb for henne.

Høyr debatten mellom Øyvind Vaksdal (Frp) og Erik Solheim:

Clemet valde likevel å halde seg borte frå statsråd den dagen venninna blei utnemnt.

– I og med at det var gjennom kona mi eg først og fremst hadde eit forhold til Kristin Clemet, var den vurderinga allereie gjort. Eg såg ikkje noko grunnlag for da å gjere ei ny vurdering, seier Solheim til NRK.

Og ved hjelp av Kristin Clemets kloke ledelse og med Hun Sen som samtaleemne begynte kjærligheten å blomstre

Erik Solheim, i boka «Politikk er å ville»

– Uklokt

Anders Anundsen

Leiar i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, Anders Anundsen frå FrP, meiner det ville vært klokt å rådføre seg med andre i saka.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Leiar i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité, Anders Anundsen frå Frp, har eit heilt anna syn på saka.

– Eg synest det er uklokt, for eg meiner ein skal ha tillit til forvaltninga. Habilitet handlar om det heilt fundamentale når det gjelder tillit, vi skal vite at avgjerder som takast, takast på bakgrunn av politikk og fakta – ikkje på grunn av venskap og kjennskap, seier Anundsen.

– Når nokon omtalast som gode vener, så står det fram som ganske nært, og då ville det vore klokt å rådføre seg med andre.

– Heilt absurd

I jusmiljøet er dei ikkje heilt samde, men ein av dei som er kritisk til Solheim si vurdering er Eivind Smith, professor i offentleg rett ved Universitetet i Oslo.

– Mitt inntrykk er at saken ligg i eit grenseland, seier Smith, som meiner Solheim hadde gjort lurt i å få nokon andre enn seg sjølv til å vurdere om han var habil.

– Erik Solheim ville ha spart seg for dei kommentarane han no får, dersom han hadde fått spørsmålet om habilitet vurdert av nokon andre i sitt eige embetsverk, kanskje Justisdepartementets lovavdeling, seier Smith.

Solheim sjølv hevdar saka er meiningslaus.

– Særleg blir det nærmast absurd i Norge dersom man skal vere inhabil i høve til politiske motstandarar, seier Solheim.

– Det har ingenting å seie. Venskap og kjennskap går på tvers av politiske grensar, heldigvis. Habilitetsspørsmål er like gyldig uavhengig om venen din er medlem av Høgre, Framstegspartiet eller SV, kontrar Anundsen.

Eivind Smith

Professor i offentlig rett Eivind Smith meiner Solheim hadde gjort lurt i å få nokon andre enn seg sjølv til å vurdere om han var habil.

Foto: Sunniva Linjord

AKTUELT NÅ