Hopp til innhold

Soldatens siste veker

Den norske soldaten Kristoffer Sørli Jørgensen, som vart drepen i nord-Afghanistan i november, laga videodagbok frå opphaldet. Dessutan fylgde eit fernsynsteam han under tenesta.

Kristoffer Sørli Jørgensen
Foto: NRK

I «Brennpunkt» i kveld vert opptaka offentleggjorde.

I programmet møter me ein ung norsk mann. Ein soldat som er glad i livet og flink i jobben sin for ISAF i Afghanistan.

Med seg i baggasjen til Meymaneh i Afghanistan hadde han sitt eige videokamera. Jørgensen skulle nemleg vera med i ein dokumentarfilm om korleis livet som soldat i Afghanistan var, og selskapet «Videomaker» hadde fylgt han heilt frå fyrste treninga i Troms før avreise.

Sjå Brennpunkt direkte kl. 21.30:
«Soldaten» syner korleis Kristoffer opplevde tida i Afghanistan.

Fyrste bomba - oktober 2007

Berre med få vekers mellomrom kom Jørgensen ut for to vegbomber. Og videoopptaka syner at dette fyrste åtaket prega han sterkt i tida før han kom ut for vegbombe nummer to – og døydde.

Fyrste åtaket skjedde i Baghdis-provinsen i byrjinga av oktober i fjor. Ei vegbombe gjekk av under bilen, og dette gjorde noko med den unge soldaten.

I videodagboka fortel han at det tok ei heil veke frå bomba small til han greidde å snakka til kameraet att.

Kristoffer Sørli Jørgensen
Foto: NRK

Han fortel at nokre gonger kjem dei skremmande bileta frå åtaket fram på netthinna. Han såg kva som skjdde på nytt og på nytt.

– Det var ei ganske skremmande oppleving det heile, seier han.

Hendinga fekk han òg til å tenkja meir på familien sin.

– Eg er kjempeglad i familien min. Etter det som skjedde prøver eg å seia det kvar dag når eg ringjer heim. Eg vil ikkje at dei ikkje skal vita at eg er det, viss det skulle skje noko. 

Andre bomba - november 2007

Kristoffer Sørli Jørgensen døydde 8. november eksploderte nok ei vegbombe og han Jørgensen døydde momentant.

Sjå: Norsk soldat i Afghanistan  

Les òg: Kristoffer ville bare hjelpe  

AKTUELT NÅ