Hopp til innhold

Solberg: All grunn til å tru at han er død

Statsminister Erna Solberg (H) seier at alt tyder på den norske IS-gisselen Ole Johan Grimsgaard-Ofstad (48) er drepen. IS sende bilete og video av mishandlinga saman med krav om løysepengar til UD tidlegare i år.

IS har vist sin brutalitet ved å lemleste gisselet. Ingen grunn til å tro at bildene av den drepte ikke er ekte.

VIDEO: Erna Solberg og Børge Brende om Ole Johan Grimsgaard-Ofstad.

På ein pressekonferanse på Statsministerens kontor i kveld fordømde både statsministeren og utanriksminister Børge Brende (H) det dei kalla ein avskyeleg og barbarisk handling utført av IS.

– Det finst inga orsaking for det han er utsett for, korkje religion eller ideologi. Dette vitnar om eit menneskesyn som er motsatsen av det vi står for. Alle nordmenn, både kristne og muslimar, står i dag saman mot desse pengepressarane og drapsmennene, sa statsminister Erna Solberg blant anna.

– Barbarisk organisasjon

Ole Johan Grimsgaard-Ofstad

Ole Johan Grimsgaard-Ofstad har vore gissel hos IS sidan januar i år. I dag kom meldinga om at var drepen.

Foto: Privat

Solberg sa også at denne brutale avrettinga av to menneske, i tillegg til terroraksjonane i Beirut og i Paris, samt sprenging av eit russisk fly over Sinai i Egypt, viser at IS er ein barbarisk organisasjonen, der brutalitet og menneskeforakt dominerer.

– Sjølv om det er vondt, skal vi aldri tillate at terroristane vinn fram. IS viser med desse handlingane sin brutalitet og menneskeforakt, sa ho på pressekonferansen.

Utanriksminister Børge Brende sa at bileta viser at den norske IS-gisselen vart grovt mishandla, og at IS sende bilete av videoar av mishandlinga til UD, saman med kravet om løysepengar.

Brende fortalde at han har vore i tett kontakt med familien til den norske gisselen i tida etterpå. Han fortalde at familien har ynskt at han skulle fortelje at IS i denne saka har vist kor brutale dei er ved å lemleste den norske 48-åringen.

– Påkjenning for familien

– Å vite om dei lidingane og overgrepa han vart utsett for i fangenskap, har vore ei enorm påkjenning for familien, sa Brende blant anna.

Utanriksministeren er ikkje i tvil om at det var løysepengar gisseltakarane var ute etter.

Familien til Grimsgaard-Ofstad har i kveld sendt ut ei melding der dei takkar norske styresmakter for arbeidet dei har lagt ned for å få han sett fri.

– Særleg takk til politiets krise- og gisselforhandlingsteneste for god omsorg og oppfølging i ei vanskeleg og tung tid, heiter det. Familien fortel at han vart lemlesta to gonger, heile tida under trussel av å bli drepen.

– Vi, foreldra hans og systera, har heile tida veksla mellom håp og fortviling, som no er avløyst av djup sorg, skriv familien vidare.

Det var tidlegare i dag at IS-magasinet Dabiq viste bilete av det som skal vere lika av Ole Johan Grimsgaard-Ofstad og den kinesiske statsborgaren Fan Jinghu, som truleg vart bortført saman med nordmannen.

– Løysepengar uaktuelt

Statsminister Erna Solberg tok opp att det ho sa i september i år om at det ikkje er aktuelt for Noreg å betale løysepengar.

– Vi har nokre tydelege grenser. Vi betalar ikkje ut løysepengar, for det vil setje fleire nordmenn i fare. Det er med på å finansiere terror og bryt med dei internasjonale forpliktingane våre, sa ho på pressekonferansen i kveld.

Statsministeren fortalde at Noreg har samarbeidd med styresmaktene i fleire andre land for å få Grimsgaard-Ofstad heim igjen, utan at det lukkast. – Dette er krevjande, sa ho blant anna.

Kretsen rundt den IS-bortførte: - En sårbar sjel

– Lever av smugling og bortføringer

Slik gjekk det med 23 IS-gislar

Norsk IS-kriger forhandler trolig i gisselsaken

AKTUELT NÅ