NRK Meny
Normal

– Smila stivna nok litt

Det var ein sjølvsikker Erna Solberg som vart teken mot av sine eigne på Høgre sitt første sentralstyremøte etter at partiet kom i regjering. Ho meiner mange smil har stivna hos den ferske opposisjonen dei siste vekene.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg talte til sine eigne på Høgre sitt landsstyremøte i Oslo. Ho meiner Høgre til no har levd opp til slagordet «Nye idear, betre løysingar».

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Erfaringa frå dei siste vekene med samarbeid med dei andre partia har vore særs positiv. Og det har vore noko å lære for alle, også for oss, sa den ferske statsministeren Erna Solberg til sitt eige sentralstyremøte.

Lærdommen ho meinte at ho hadde fått med seg var Framstegspartiets omtanke for dei som jobbar hardt med å få endane til å møtast, Venstre sitt miljøengasjement og Kristeleg Folkeparti sitt engasjement for dei fattige.

– Smila stivna

Statsministeren syntest også det var på sin plass å slenge litt med leppa til sine forgjengarar.

– Mykje har blitt sagt om borgarleg samarbeid. Mange har smilt når me har snakka om eit breitt borgarleg samarbeid. Dei smila stivna nok litt då me la fram samarbeidsavtalen frå Nydalen. Me fekk det til, konstaterte Solberg til sitt eige sentralstyre.

Det er inga hemmelegheit at statsminister Solberg lenge hadde som mål å få med seg også Venstre og KrF inn i regjering. Men Solberg er uansett nøgd etter at samarbeidet mellom dei fire bestod første prøve då budsjettkameratane vart einige på fredag.

– Me har lagt fram eit budsjett som styrkar konkurransekrafta til norske arbeidsplassar både på lang og kort sikt. Me styrkar behandlinga av pasientar, og særleg innan rus og psykiatri, sa Solberg.

– Eg trur dei fleste vil vere einige i at ord som «rasering» og «meir brutalt samfunn» ikkje treff heilt på dette budsjettet, sa statsministeren, og viste til karakteristikkane som den førre regjeringa hadde kome med under valkampen tidlegare i haust.

Økonomiske utfordringar

Men Solberg såg også mørke skyar i horisonten for landet ho leiar.

– Veksten i Noreg har bremsa opp. Per innbyggjar skapar i dag ikkje stort større verdiar i fastlandsøkonomien enn det me gjorde før finanskrisa. Innovasjonskrafta og forskingsaktiviteten har vore for låg over tid, og veksten i produktiviteten har ikkje halde tritt med veksten i kostnadar, sa Solberg.

Ho meiner norske arbeidsplassar sin konkurransekraft er svekka, og lova at regjeringa var klare for å handle om den økonomiske situasjonen skulle bli verre.

Med budsjettet i boks kunne statsministeren slå fast for sine eigne at regjeringa no kan sjå framover i tid. Solberg lova at Sundvolden-erklæringa vil stå i sentrum av regjeringa sitt arbeid, og at den nye kursendringa for Noreg berre så vidt har begynt.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger