Hopp til innhold

Solberg: – Også ein tiåring kan be om unnskyldning

Alle foreldre har eit ansvar for at barna deira ikkje vert ein mobbar, meiner statsminister Erna Solberg.

Erna Solberg

FORELDRE MÅ TA ANSVAR: Statsminister Erna Solberg ber foreldre sjå at eigne barn kan vere mobbarar.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Når barn har gitt beskjed ein, to eller tre gongar og ingenting skjer så gir dei opp, seier statsminister Erna Solberg.

Ho forstår godt fortvilinga mange barn kjenner på når dei vert mobba, utan at det vert gjort nok for å stoppe det. Her sviktar både storsamfunnet og skulen meiner Solberg, og seier at foreldre har eit særleg ansvar.

– Vi må tørre å sjå på våre eigne barn, ikkje berre som dei snille barna vi har heime, men vedgå at når dei er ein annan stad så kan dei oppføre seg annleis.

På nyttårsaftan døydde ei 13 år gamal jente som skal ha utvikla alvorlege eteforstyrringar. Ifølgje familien vart jenta utsett for mobbing på barneskulen.

Statsministeren vil ikkje kommentere denne saka fordi den er under etterforsking, men seier at det er dramatisk når barn som seier ifrå ikkje blir høyrde.

mobbing

FÅR IKKJE HJELP: Mange barn gir beskjed om at dei vert mobba, utan at det vert gjort nok for å stoppe det.

Foto: MIKAEL DAMKIER / SCANSTOCKPHOTO

Ikkje berre vondsinna

Når Solberg tenkjer tilbake på sin eigen barndom minnest ho ein samansveisa jentegjeng. Mange hadde gått saman sidan dei begynte på skulen.

– Vi var nok ikkje flinke til å inkludere andre. På ungdomsskulen, då det begynte å bli hipt og kult å gå på fest, tenkte vi ikkje så mykje på dei som kanskje var litt meir barnslege enn oss, og litt mindre opptekne av gutar og sminke.

– Det er ikkje alt som er bevisst og vondsinna. Ofte er det ein mangel på å sjå omgjevnadane, og det kan kjennast like vondt, seier Solberg.

Viktig å lære empati

Solberg meiner det er viktig å snakke med barna om korleis dei som vert mobba har det.

– Barn er barn og dei tenkjer ikkje alltid over konsekvensane av det dei seier og gjer. Dei tenkjer ikkje alltid over kor vondt det kan vere. Derfor er det å byggje empati kanskje det viktigaste vi gjer med barna våre.

Kanskje kan mobbaren sjølv ta initiativ til å stoppe mobbinga

– Det går også an å seie unnskyld når du er ti år gamal, seier Solberg.

Foreldre er førebilete

Små øyre høyrer mykje. Det er det viktig at foreldre tenkjer gjennom når barna er til stades, meiner Solberg.

– Om du snakkar stygt om lærarane, om naboane, eller innvandrarar er det lett at dette kjem ut i skulegarden.

Ho hugsar sjølv at det gjekk rykte i barnemiljøet om at nokre foreldre hadde vore nazistar under krigen.

– Eg veit ikkje om det var sant, men dei hadde høyrt det heimanfrå. Det var ikkje noko dei kom på sjølve, seier Solberg.

AKTUELT NÅ