Hopp til innhold

Solberg: – Dette er ein utruleg trist dag

– Det er eit åtak retta mot ytringsfridomen, og det er katastrofalt mange døde. Eg er trist, lei meg og veldig sjokkert over det som har skjedd, seier statsminister Erna Solberg (H).

Erna Solberg fordømmer angrepet

REAGERER: Statsminister Erna Solberg (H) seier at terroråtaket i Frankrike viser at det er auka terrorrisiko i Europa for tida. Ho seier til NRK at ho er sjokkert over det som har skjedd i Paris.

Statsministeren kalte i ettermiddag inn til pressekonferanse i høve skytinga i Paris. Ho opna pressekonferansen med å fortelje at dette er ein trist dag.

Sender tankar til heile Frankrike

– Dette viser at det er auka terrorrisiko i europeiske land for tida, men først og fremst går våre tankar og medkjensler til familiane til dei som er drepne og hardt skadde, men også til det franske folk og til franske styresmakter som står i ein veldig vanskeleg situasjon, seier Solberg.

Maskerte menn tok seg i føremiddag inn i redaksjonen til det satiriske vekebladet Charlie Hebdo, og skaut vilt rundt seg. Hittil er tolv personar stadfesta drepne i åtaket, og mange er skadde.

Ein av terroristane skal har ropt følgjande til politiet, ifølgje BFM TV: «Vi har hemna profeten Muhammed. Charlie Hebdo er død».

Tidlegare i dag la statsminister Erna Solberg ut følgjande melding på Twitter:

Laster Twitter-innhold

– Viktig å provosere

Det franske vekebladet planla eit spesialnummer om islam. Magasinet har tidlegare publisert Muhammed-karikaturar, noko som førte til kraftige reaksjonar.

På pressekonferansen med Erna Solberg, som var klokka 16 i dag, fekk statsministeren spørsmål om norske medier bør vere varsame med å trykke slike karikatur-teikningar etter åtaket i Paris.

Ho svarte:

– Nei, dette er ein viktig del av ytringsfridomen - det å også vise fram provoserande teikningar. Det er viktig at vi tør å gjere det, men ei skal også alltid vere veldig bevisst når ein gjer det.

– Det er viktig å ikkje leggje band på seg fordi nokon blir provoserte. Alle må tåle å bli harselert med, seier Solberg til NRK.

AKTUELT NÅ